– Far min var slavedrivar

Leif Melgaard –  ein frøning som ragar høgt i kunsthistoria

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.12.02

Mange som har studert Leif Melgaard sine arbeid som treskjerar, meiner at han ville vore betre kjend om han hadde vore villig til å selgje meir og ha fleire utstillingar, for han kunne måle seg med det ypparste i europeisk treskjerarkunst. Skreiv New York Times da Leif Melgaard døydde 92 år gamal i 2001. Leif Melgaard vart fødd 1899 i Sør-Fron, son av ein gardbrukar og arbeidde på garden i barndomen. Han vart oppmuntra av ein onkel, ein evnerik treskjerar, og starta treskjeringa i ung alder. Men far hans meinte det var bortkasta tid. «Han var ein slavedrivar, så eg fekk ikkje mykje tid til å skjere», fortalde Melgaard.

image-000221-1374946070_417 år gamal starta han på kunsthandverkskule på Dokka, eit kurs på seks månader, som vart den formelle utdanninga han fekk. I 1920, 21 år gamal, reiste han til USA i trua på at han kunne få meir opplæring der, men det var lite å hente. Etter fleire år som landsbruksarbeidar i Vest-Minnesota flytta han til Minneapolis i 1926, der han vart tilsett som møbelsnekkar i Lake Street Sash and Door Company. Her arbeidde han til han gjekk av i 1964. Alle desse åra dreiv han med treskjering på fritida og på jobben, når oppdraga kom. Eit av hans mest kjende arbeid er alteret i Norwegian Lutheran Memorial Church. Etter at han gjekk av, brukte Leif Melgaard all si tid på treskjering.

Han la stor vekt på å bryte med tradisjonell stil og skar mellom anna eit relieff på 1940-talet etter mønster frå italiensk rokokko.

Eg arbeidde med nokre sveitsarar og tyskarar, og dei prata støtt om kor klosset skandinavisk treskjering var. Eg ville syne dei.

 

Leif Melgaard nytta eit breidt spekter av material, slik som bjørk, eik, mahogny, lønn, eple og hjortehorn. Han la stor vekt på å finne rett emne. Mange skeier og boller vart skorne av virke han skar frå eit tre der kor greina går inn i stammen – for å få fram ulik tekstur.

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.17.30

Da han vitja heimlandet i 1980, fann han ei bjørkeskei han hadde byrja på før han emigrert og tok ho med seg til Minneapolis, der han skar ho ferdig. Skeia vart seinare overrekt kong Olav, da han vitja USA.  Leif Melgaard var ôg stolt over ein liten, oval boks med ein drake på lokket, som han ôg hadde byrje på i Noreg og gjorde ferdig i USA.

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.12.09 Mange av arbeida hans er å finne rundt i Minnesota og særleg i Vesterheim, det norsk-amerikanske museet i Decorah, Iowa. Kvifor ville han ikkje stille ut meir? Han sleit kan hende med å fri seg frå oppfatninga om at treskjering er «spikking», ein fritidsaktivitet, og ha trua på at han sjølv produserte kunst. Heller ikkje ville han undervise.

Eg har ingen verkstad, og dei vil berre stele løyndomane mine.

 

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

One response to “– Far min var slavedrivar

  1. smithmountainmarineservice

    Such beautiful work!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s