Monthly Archives: september 2019

Musikalsk tilbod til medlemmar!

Torsdag 10. oktober kl 10.30 i Inntunet på VVS

Fron historielag har gleda av å spandere konsert på alle medlemmar torsdag den 10. oktober. Det er ein trio med Rasmus Kjorstad på fele, Ådne Svalastog på trøorgel og Bjørn Sigurd Glorvigen som syng og spelar gitar. Dei framfører i hovudsak folkesongar frå Dovre. Konserten startar i Inntunet på Vinstra vidaregåande skule klokka 10.30. Det er moglegheiter for å kjøpe seg kaffi og biteti i kantina. Velkomé!

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

På signal kunne ein gå av og på

Den gongen det var offentleg transport i dalen

kolstadbåten

Var tidt å sjå, du kunne gå av og på der du ville. Foto:  Gudbrandsdalsmusea. Rundt 1960 var jernbanen fortsatt livsåra gjennom hovuddalføret, men det endra seg. 1. oktober 1960 vart det slutt på importrestriksjonar på privatbil, og bilen endra premissane. I
2001 var alle stasjonane automatisert, få tog og få stopp for persontransport.

HELGE STORMORKEN: Tog gjekk det morgen, middag og kveld, og togtuten var klokke for seterbudeiene, mange hadde ikkje klokke enda. Eit spesielt «tog», Kolstadbåten, eit lite lokomotiv med ei vogn etter var tidt å sjå. På signal kunne ein gå på og av der ein ville. Frå 1911 til 1930 gjekk det berre til Ringebu, etter det til Otta fram til 1940. Det var ein genistrek av Simen Kolstad, Ringebu, for samferdselen i dalen. Og toget hadde ein heil spesiell fyrbøtar ei tid: Marcello Haugen. På stasjonen var det enda morsesignala som galdt for å melde ankomst og avgang. Nå er det lenge sidan telegrafist var ei stilling ved NSB.

Skjermbilde 2019-09-28 kl. 15.44.59
Lokomotivet var ett av fem bygget til Kongsvingerbanen. I 1896 ble det overført til Eidsvoll-Ottabanen og ofte brukt til å trekke lokaltoget Ringebu-Lillehammer; «Kolstadbåten» på folkemunne. Fast fyrbøtar nokre år var Marcelle Haugen. Lokomotivet ble solgt til Klevfoss Cellulose & Papirfabrik, Ådalsbruk, i 1920, Som 92-åring ble det kjøpt tilbake til NSB, som pusset det opp til jubileumsfestlighetene i 1954, da jernbanen i Norge var 100 år. Bilde: Digitalt museum

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Sjefshuldrene på Gålå

Har du møtt Burane Sand, Synne Nyseter og Estine Voll?

1471856_416616515108442_1020537580_n

Ser han ho Burane Sand? Forfattaren Johan Bojer på Sandsetra. Foto: Pål Kluften

JOHS LUNDE: Ved nordenden av Gålåvatnet er det tre seterstular. Det er Sandseter, Vollseter og Nyseter. Kvar av dei tre setrene har si sjefshulder. På Sand er det Burane Sand, på Nyseter Synne Nyseter og på Voll Estine Voll. Desse namna har gått på folkemunne i hundrevis av år. Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Måndagsæinne tolte ikkje å bli vaska

Litt av ein kvinnelagnad

æinne

Måndagsæinne eller Svartæinne «gjekk å ba se» kvar måndag. Teikning: Kjell Skriubakken

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Måndagsæinne kom til Ospesletta i 1890-åra ein gong. Det eigentlege namnet hennar var Anne Hansdotter. Ho var født uppi Kjorstadkroka, i 1865 budde ho hos bror sin i «Nystuen». Anne var ikkje gift, ho måtte livberge seg som best ho kunne. I alle høve etter at ho vart gamal, var dette å tigge. Ho «gjekk å ba se» kvar måndag, slik fekk ho tilnamnet sitt. Anne bar med seg ein liten lerretspose som ho fekk litt mjøl i – og kanskje noko flesk, så ho fekk koke seg kål. Stugu var litor og beksvart. Taket var av smal staur med never og torv på. Det var ljore i taket, rett over grua midt på golvet. Grua var berre ei steinhelle ho gjorde opp bål på.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Peisen var den viktigaste lyskjelda

Dei vonde maktene som trua i mørkret, vart borte med lyset i Fron

336

Ein sensasjon, men gav for mykje lys. Bilde frå Digitalt museum

RAGNAR ØVRELID: Den elektriske krafta avskaffe natta, mørkeredsla og alle dei vonde maktene som trua i mørkret. I 1860-åra tok landhandlarane i Fron til å selje oljelamper. Det var den gongen ein sensasjon, så skarpe i lyset at mange meinte augene ikkje tålte dei. Men det måtte sparast på oljen. I stovekrokane og siderommet og på tunet var det like mørkt framleis, berre ei blafrande fjøslykt kunne kaste nokre få lysglimt mellom husa. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Flott sundagstur!

Denne flotte infotavla blei «avduka» under sundagsturen. Frå venstre: Åge Hagestuen, Bjørg Haugen, Eldri Brenden og Egil Myhre.

Det blei ein flott sundagstur til Røyskattlia førre sundag. Vérgudane var snille med oss og sørga for betre vér enn det var spådd. Det einaste vi kunne klage på var oppmøtet. Vi blei berre 13 som tok turen innover Sødorpfjellet. Men hyggeleg og interessant blei det uansett. Egil Myhre og Åge Hagestuen hadde sørga for ei flott infotavle vedrørande aktiviteten her under den andre verdskrigen. Her må det nemnast at Fredrik Weikle ferdigstilte tavla vederlagsfritt. Ein stor takk til både han, Egil og Åge! Det same til Rolf Hage som bussa oss gratis! Eldri Brenden og Bjørg Haugen var med i år også, og dei fortalde om kva slags påkjenningar fedrene (Sverre og Einar Brenden) var utsett for under krigen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Litt av ein skuleveg

Storlykkjejentene gjekk ni vêrharde km kvar veg

storløkken

Petter Storløkken med dei tre jentene sine og ei venninne som er på besøk. Frå venstre: Mildri, Mina Melgårdshagen (1926-1983), Aud (på armen) og Synnøve. Foto: Borgfinn Rolvsbakken.

JOHAN DALSEG OG EINAR ROLVSBAKKEN:  Ein gong Rolfskarane, Alfred og Einar, skulle kjøre ved frå Søre-Dalen, kom dei ut for skikkeleg snøstorm. Oppe på Breislaå møtte dei høykjørarar som hadde tenkt seg til Jensås etter høy, men hadde snudd i det umulege vêret. Da Alfred og Einar kom inn til Storsteinane, skvatt fremste hesten til og glåmde. To toppluer stakk opp mellom steinane, og der sat to jenter som hadde søkt ly i snøkavet. Dei fekk skyss heimatt til Storlykkja. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn