Theodor Caspari – ein diktar i Fron

Skåbu og Espedalens diktar skapte uttrykket ”Jotunheimens forgård”

IMG_7900

Sommaren 1984 vart bysta over Theodor Caspari, laga av Joseph Grimeland, reist og avduka på Storhøliseter, der Caspari heldt til i nesten 40 år, kvar sommar frå århundreskiftet i 1900. Foto: Carl Henrik Grøndahl

RASMUS STAURI: Ein diktar som knappast er omskrive i litteraturhistoriene, men som  såg på Fron som sin andre heimplass, trengst å bli vekt til live att og bli lesen. Theodor Caspari skreiv 25 bøker i ulike sjangrar. Han var litteraturmeldar i meir enn ein generasjon. Han skreiv frå 1880 fram til andre verdenskrigen, og vart heile 95 år. Denne mannen er  ikkje  nemnd med eitt  ord i den siste utgave av ”Norsk Litteraturhistorie”. Denne artikkelen trekkjer fram sider ved forfattarskapen.

Går vi vel 30 år attende i tid og les i  Norsk litteraturhistorie frå 1975 har han heller ikkje fått eiga omtale, men er referert til i samband med Henrik Ibsens store dikt ”På Vidderne”. Han fekk eit brev frå Ibsen og nettopp det har fått spalteplass. Går vi enda ein generasjon attende og slår opp i Bull og Paasches litteraturhistorie  frå 1937, får Caspari omtale på ei heil side. Men heller ikkje meir.

Omtalen er heller heiderleg. Det blir skrive om hans ”fine artistiske følsomhet der han makter å meddele sin stemning og refleksjon, men det sansede naturbilde er som oftest svakt  og klisjemessig gjengitt, og altfor ofte er ordvalg og rytme preget av mangel på sproglige kraft og opprinnelighet”. Her er både salt og surt, og det er poeten som blir vurdert, ikkje ideologen  og tenkjaren, estetikaren, naturkjennaren og naturtilbedaren,  folkelivsskildraren, men derimot poeten, språkskaparen av matte metaforar.  Har han så noko å seia oss i dag? Det ser altså ut som aktualiteten og det kollektive minnet om diktaren blir mindre dess lengre tid det har gått sidan han gjekk bort. Han døydde  i 1948. I år er det er 156 år sidan han vart fødd. Har vi i Theodor Caspari ein diktar som er gått ut på dato eller på data, for å bruke vår tids sjargong – vår tids språk.

I utakt?

Skal vi tru dei litterære smaksdommarane, har tida gått frå Caspari.  Eller er det rett og slett slik at den litterære smaksdommen er fullstendig i utakt med folkemeininga? Det er eit faktum at  Caspari var ein mye lesen og folkekjær forfattar i si samtid. Er det slik med Caspari som med mange andre at han var folkekjær mens han levde for så å bli gløymt? Slik kan dei mange spørsmåla med rette bli stilte. Er det nokon grunn til å stane ved diktarnamnet Theodor Caspari i 2009? Som lesaren vil forstå: svaret mitt er ”ja”. For meg var Theodor Caspari eit namn blant mange, men i arbeid med denne artikkelen har eg vorte tvinga til å gå inn i forfattarskapet og gå nokre runder meg med sjølv.

Arne Garborgs ord i diktet ”Strid for fred”  kjennest såre aktuelle. ”Vi lever midt i ei villmannstid med blinkande knivar og nevestrid, og livet er som ein bloddraum”. Vi kan  kanskje våge å tru på Garborgs ønske til slutt: ”Men vona må me og tru til sist at ånd må vinna på troll til sist, og vit på den varge villskap”. Medie- og informasjonssamfunnets liv er ikkje akkurat på talefot med den estetiske dimensjonen i liva våre. Eller sagt på ein annan måte: våre åndelege behov som menneske. Vi lever i ei tid der den raske opplevinga og den personlege tilfredstillinga i stutt perspektiv står høgt i kurs – la oss bli lykkelege fort – samtidig som svolten ikkje lenger sit i magen – for oss i dagens Norge  iallfall. Nå sit han i hjartet. I eit slikt perspektiv har eg opplevd det godt å kunne gå inn – for ei lita stund – i Theodor Casparis diktarunivers. Ikkje som i ei flukt bort frå den vonde verda, men som ei slags  motvekt, ein slags motvarme, der det kan vera krefter og mot å hente. Ein sunn motvarme, så å seia. Caspari skriv i det vesle diktet ”Eit preludium”

 Det svever et land i det skinnende blå,
ei stoltere vet jeg å nevne,
men vil du dit opp over dalene nå,
to stridende ting må du evne:
Ti først må du sveve med ørnen av sted
høyt, høyt over jorden og kavet,
og så må du ydmykt senke deg ned
og krype med mosene lave.

Diktet uttrykkjer eit syn på naturen  som ein plass for åndeleg rekreasjon, ei grøn lunge i dette å sjå det store i det små. Å mate sin eigen tanke og sitt eige liv med ein dimensjon utover dei dagsaktuelle krav, og samtidig vera audmjuk for det skapte – ein ærefrykt for livet så å si. Men ikkje verdsfjern, som i eit draum på flukt. Nei, samtida krev oss fullt, og vi må gå inn i denne. Vi må engasjere oss.

Sommaren 1984 vart bysta over Theodor Caspari, laga av Joseph Grimeland, reist og avduka på Storhøliseter, der Caspari heldt til i nesten 40 år, kvar sommar frå århundreskiftet i 1900. Der fann han ro, kvile. Her vart ”stedet i livet hans” for å låne ord frå Johan Borgen. Vi har alle eit slikt ”sted”, ifølgje Borgen. Eitt som berre er vårt, gjerne med rot i vår eigen barndom. Dette har med identitet, med røter å gjera, sjølvsagt. Vi treng å ta godt vare på slike stader.

 Ja, kjenn ditt land, de lange lyse kvelde
den sommerklare ”sang uten ord”
da hvite fnugg av skyer kysser fjellet
og vidda svøper seg i silkeflor,-
da dag og natt går hånd i hånd som venner
og vandrer sammen over nes og lav,
og ingen vet når sommerdagen ender
og natten taus og stille løser av.

 

Denne strofa frå diktet ”Kjenn ditt land frå boka Bygdeoriginaler understrekar nettopp dette at kjennskap gir tilknyting, identitet, rot og med det overskot og glede.

Men sjølve Fjellets diktar er for mange Aasmund Olavsson Vinje. Alle har vi hørt ”Ved Rondane” gjort evig gjennom Griegs musikk. Det nynorske språket er som musikk, sa Grieg. Sjølve Vinje som i sine største stunder på vegner av Telemark proklamerte at Telemark kunne fø heile verda med diktarar. Det kan vi i Gudbrandsdalen også. Tenk på dei som voks opp innunder vindsusen frå fjella i Jotunheimen; Olav Aukrust frå Lom, Tore Ørjasæter frå Skjåk og dei yngre Tor Jonsson og Jan Magnus Bruheim – ja, enda fleire.

Skåbu og Espedalens diktar

Men han som skapte uttrykket Jotunheimens forgård”, Theodor Caspari, han må da i det minste vera Skåbu og Espedalens diktar? Meir enn det! Frimodig sagt: Han har ein ideologi og ein måte å sjå på folkelivet i distrikta og naturen i Fjell-Noreg som i mangt vil harmonere med det faktum at vi i 2002 markerte ”Fjellets internasjonale år” – men utan at  namnet hans vart særleg halde fram i så måte. Kall det ei forgløyming. Frå ein slik synsvinkel blir Caspari i pakt med si tid, ja kanskje langt framom si tid? Han har vorte lansert som ”far” for den moderne naturverntanken. Det blir stadig mindre fri, urørt natur som vi samtidsmenneske er heilt avhengig av å ha rundt oss.

 

Haldis Buer Stamnes har skrive ein biografi om Caspari

Haldis Buer Stamnes har skrive ein biografi om Caspari

Kven var han?

Eit  italiensk klingande namn som kanskje får oss til å tenkje på det solfylte Capri og den leskande Campari? Å nei, samanhengen er nok ein heil annan. Han vart fødd 13. februar 1853 i Christiania på utkantstrøket Homansbyen av tyskfødte jødiske foreldre som hadde budd i her til lands i fleire år, men som også i barndomsheimen truleg snakka tysk.

Han kom likevel, eller kanskje derfor,  til å bli ein av dei mest nasjonalbegeistra naturlyrikarane vi har hatt.  Kven var denne mannen som skreiv gjennom eit langt liv med front mot ein kunstnarisk modernisme? Men likevel i pakt med ein filosofi som kan minne om den moderne økosofien, der naturen skal vera i balanse og i likevekt. Dette er ein kunstnar som for all framtid vil ha namnet sitt knytt til Vinstervatna og Storhøliseter, og som slik sett har vore med på å gi dette område verdi og ei kraft.  Han er Herren til Storhøliseter! Han vart  tidleg  ein forkjempar for ein nasjonalpark i Jotunheimen. Han skreiv i 1898 skreiv Norge mitt Norge”, ein song som under siste krig vart ein nasjonalsong nummer to. Diktet er fylt av ein refleksjonens melankoli. Naturen skal ein gong gi diktaren fred i sinnet og sveipe han inn i ein harmoni der han i døden på nytt skal få oppleva ungdomsminna. Mye av den same tankegangen møter vi i Vinjes Ved Rondane”. Fjellet gir uttrykk for evige, konstante verdiar i livet. Carpari skriv: ”Jeg ber deg å motta din forglemte sønn – og red ham en seng i ditt skjøde”. Det synet at naturen er til for oss, og ikkje at vi er til for naturen –  det teknisk/instrumentelle synet. Alt tyder på at vi er komne til ei grense, og at spørsmålet må stillast: sameksistens med naturen eller ingen eksistens. Som det også gjeld sameksistens med andre folk og kulturar, eller ingen eksistens. Alt dette har kveila rundt i hovudet mitt i arbeidet med denne vesle artikkelen.  Nasjonalfølelsen til Caspari, slik denne kjem fram i dikta, er knytt til høgfjellet og folkelivet i fjellbygdene.

Han debuterte nettopp i 1880 med diktsamlinga Polemiske Sonetter, der han går angrep på storingar som Bjørnson og Ibsen. Ikkje akkurat tiltak for å bli populær, og ikkje akkurat i pakt med tida, nei. Lyrikk i 1880-åra, i dag vil dei unge seia at han var ein ”nerd”! Caspari var ein djupt konservativ kar som gjekk imot det tidstypiske og det som var tidsrett:  unionsoppløsning og politisk radikalisme. Det er liten tvil om at han brukte mye energi i å kjempe på vikande front mot rådande tendensar i tida. Det var som å stoppe flom med små fyrstikker. Kanskje er det også derfor han er såpass oversett i dag?

Og det er ingen tvil om hans rimbundne vers og litt stive språk på riksmål ikkje trefte smaksdommarane i tida. Men i hans friske og meir ledige bruk av dialekt og nynorske uttrykksformer er han langt ledigare og blodfullare diktarisk sett. I skuletida si tente han ikkje på Wergelands patriotisme og aha-stemtheit, men fall heller for motstandaren Welhavens innovervende refleksjon. Fyrst i moden alder fekk han syn for Wergeland og Ibsens geni. Mangt kan tyde på at han i 1880-åra gav uttrykk for embetsstandens samfunnsyn mot den rådande radikalismen med vekt på indiviuell frigjering. På den andre sida: det var gjennom Ibsens dikting Caspari fekk syn for det norske fjellandlandskapet og vart høgfjellspoet, og det er faktisk på dette området, som ein frilufts- og høgfjellets songar at Caspari kan seiast å vera nyskapande.

Ibsen dikt ”På Vidderne” er i mangt eit idédikt. Det gjorde inntrykk på Caspari, som i diktet såg ei høgare form for moderne turistreklame. Han vart ein ivrig skiløpar à la Nansen, han gjekk i fjellet. Det var enno ikkje så vanleg blant byfolk, og diktinga hans om friske naturopplevingar har tvillaust gjort sitt til at Norge etter kvart vart ein friluftsnasjon.  Caspari skreiv lettfattelege vers som uttrykte naturglede som det breie lag av folket las. Caspari klarte å definere den fine kombinasjonen mellom åndsliv og friluftsliv, og kan såleis knappast lastast for det sportsidiotiet denne nasjonen har i seg, ikkje minst i dag!

Kva levde denne kontrastfylte mannen av? Han var på mange måtar ein mann i motstraum.  Caspari var overlærar (lektor) av yrke. Han gifta seg med nabojenta i Homannsbyen, 30 år gammal. Ho var fire år yngre og heitte Cathrine Wahl. Han drog til Tyskland og Italia etter teologisk embetseksamen, og praktiserte som huslærar og privatskulelærar. I 1881 kom han til Tromsø eit par års tid før han drog til Kristiansund til latinskulen der.

I 1890, året da Hamsun gav ut Sult og signaliserte nyromantikken i norsk litteratur, fekk han overlærarstilling ved Kristiania katedralskule. På ”Katta” vart han verande heilt til pensjonstida frå 1923. Da var 33 år i skuleverket historie.

Eg trur han må ha vore ein inspirerande lærar, Theodor Caspari. Med så mange motsetningar i seg og med ein omfattande klassisk lærdom innabords, ”dannelse” heitte det før . Begrepet er vel knapt brukande på same måte i dag. Caspari syner ein spontanitet og ei naturglede som på same tid er djupt forankra i fortidas verdiar. Dette inspirerte nok elevane hans. Men var sikkert også ein provokasjon og ei utfordring.

Caspari reiste mye i Europa og var ein svært mangfaldig skribent. Berre i åra 1906 – 1909 finn vi heile 75 bokmeldingar, som var litterær omtale av samtidslitteraturen i tidsskriftet ”Kirke og Kultur”. Og emneregistret er vidt. Ser vi forfattarskapen hans under eitt, kjem det fram at han også var flittig nytta som ”leilighetsdiktar” – som skribent av dikt og kantater ved spesielle høve. Han sat i styret for Den norske Forfatterforening frå starten til han vart 80 år. I meir enn 20 år skreiv han bokmeldingar og anna stoff til Aftenposten. Han var mangfaldig. Det tør også vera kjent at den siste boka hans i 1942 Av Jotunheimens saga vart stoppa av den nazistiske sensuren ved si nasjonale grunnhaldning. Oppsummert sagt: han stod for mange som ein rakrygga kar, ein heidersmann. Det fortel mangt eit vitnemål om. Men ettermælet hans står kanskje sterkast ved dette at han sette ord på nordmenns oppleving av fri, vill natur. Det er etter mitt syn det moderne testamentet hans.

Han var ein av oss på sett og vis, men med så ulik bakgrunn som bygdafolk flest. Kva seier han ikkje så i diktet De over i Baklia” frå samlinga Bygdeoriginaler frå 1938.

 

Derover i ”baklia” – der er jeg dus
med skyldfolk og venner og kjenninger,
for der har jeg vandret fra hus til hus
og minnes de hundrede hendinger.
På ”solsiun” suser de – bil efter bil –
og lytter til radiomeldinger,
men her kan jeg ligge og lytte med smil
til furuas muntre fortellinger.

 

På solsiun pranger en fin portier
og vinker folk inn i hotellene.
Så stimer de inn til en herlig supé
og vitser og bridger om kveldene.
Når natten er inne, og dagen dør av,
og sola går ned bakom nutene,
da glitrer det tversover dalen enda
som gull i de fattige rutene.

 

Så hilser jeg op til de ringe og små
som bygger derover i liene.
Er skyggene svarte, og livsdagen grå
og steile og steinete stiene-
Der har jeg dog funnet de fineste hjem,
med soldagens glans over sinnene,
og alltid med vemod jeg tenker på dem,
når sola går ned bakom tindene.

Midt inne i fjellheimen mellom Gudbrandsdalen og Valdres ligg da Vinstervatna som perler etter ei snor. ”Burti vatnom” sier dei i Skåbu; nedre og øvre Hersjøen, Øyvatnet, Kaldfjorden, Innbuvatnet, Buvatnet, Røya og Sandvatnet.

Heilt på Valdressida ligg den store Vinstri. Rundt ikring i alle leier stig fjella opp. Ikkje ville og forrivne fjell med takkar og tinder, men rolege og avrunda formasjonar som det er ei kvile å feste auga på. I sør ris Skaget mot synsranda med sine 1682 meter. I aust Storhøpiggen. Nedunder fjellet ligg Storhøliseter som Caspari sa var den vakraste setergrenda i landet. I nord dominerer Gråhø som slår Skaget med heile 100 meter og ofte ligg snøkledd til langt utpå sommaren. I troppesteg nedetter mot nordaust ligg Austhø og Oskampen som heller ikkje  er smågutar. Vest ved Bygdin skimtar ein Bitihorn. Ein av Casparis epistlar heiter Friluftsliv på Vinsterflyen”. Med utgangspunkt i opplevingar mellom Beitostølen og Skåbu prisar han den norske ”viddenaturen”.

 For mig er verken fjellet, fjorden eller dalen det mest særpregede ved norsk natur. Fjell, fjord og dal kan man finne mangesteds i verden. Men vidda, det blomsterkledde mosehavet med det yndefulle navn ”fly” den finnes intet annet sted på kloden – jeg tar angelsaksiske globetrottere til vitne- enn i Norge. Vinsterflyen har alle viddas gode egenskaper. Stillheten, ensomheten, begrensningen, oversiktligheten, moseteppet, sjøene, elven og ørretfiske.

Stilla og einsemda, ja, men han illustrerer også at fjellheimen, den gongen som nå, var kjelde til konflikter. Det skal liggje her. Vi har ei plikt, sjølvsagt, til å overlate generasjonar som kjem etter oss minst like god tilgang på sunne miljøkvalitetar – reint vatn, rein luft, naturopplevingar og naturressursar, som vi sjølve har fått.

Derfor kan kanskje nokre vers frå Casparis mest kjende dikt ”Slå vakt om naturen”, som er innhoggen på steinen under bysta ved Storhøliseter, vera punktum, og minne oss om hans aktualitet, sjølv om litteraturhistoria har gløymt han. Eg trur faktisk at diktinga hans har i seg verdiar som ikkje denne regionen har nytta godt nok.

Stå vakt om naturen, slå angrepet ned

dem opp om hissige hjerner
la fjellvidda hvile i soldagensfred –
i dryss av de evige stjerner.
 

Slå døgnets urolige røster med brann
lys fred på de tagale lier
Gi Norge et lysende «ingenmannsland»
hvor skapningens herre tier.

 

 

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

3 responses to “Theodor Caspari – ein diktar i Fron

  1. Svein Sindre

    Ein fin artikkel om Teodor Caspari. Visste lite om han, og kjende ikkje anna av det han hadde skrive enn «Norge, mitt Norge» og «Moser, I vakre, ville..» Men i Skåbu, i hytta til syster mi og hennar familie fann eg ei bok med fleire Casparidikt. Dei greip meg, og eg kan framleis sitere nokre av dei. Difor var det artig å lese denne artikkelen.

  2. CHG

    Takk for den positive attendemeldinga på artikkelen om Theodor Caspari. Han er ein forfattar som vår samtid ikkje bryr seg med, sjølv om han i natur- og samfunnssyn er både moderne og framtidsretta. Kanskje han finn vegen inn til fleire etter kvart? La oss håpe det! Også takk for at du følgjer med på nettsida til Fron historielag og les Fronsbygdin. Vi driv eit idealistisk arbeid, men prøver å halde god kvalitet. Neste utgave kjem rundt 1.11.16. Med vennleg helsing Rasmus Stauri

  3. Marit Røyne

    Hei. Jeg er på utkikk etter en sang som kanskje er skrevet av T Casparii. Den heter ikke «til ungdommen» , men antagelig noe liknende. Den ble brukt ved immatrikulering i 1985, og den gjorde inntrykk, men klarer ikke å finne den igjen. Det var en sang som oppfordret ungdommen til å heller bli varm og trett, og skjerpet, enn lat og sløv….»i ly av stumpe sanser».. Vet dere hvilken sang dette kan være? Mvh M.R.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s