Frøningen som slo the Beatles

Fest for Oddvar Nygaard laurdag 7. september på Rudi gard

Nygaard i 100-Omslag (1)

Noteboka Nygaard i 100 blir lansert 7. september på kommunelokalet i Sør-Fron. 100 komposisjonar, og fleire er ikkje publisert før. Nygaards originale noteskrift er med i uvalet.

RASMUS STAURI: I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart fødd. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele, trekkspel, gitar og bass forma dei eit stilideal, som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus, og med masurkaen «50-årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske the Beatles.

Oddvar Nygaards musikk trefte ein nerve i folket. Den store plateproduksjonen hans nådde vidt ut, og han skreiv rundt 150 komposisjonar i mange stiluttrykk. Oddvar Nygaards kvartett, der Ola Opheim spelte fele, vart landskjent frå 1960-talet og i fleire tiår framover. Nygaard skapte ny interesse for runddansmusikken i Norge ved sin store originalitet og musikalitet. «Vals te tusen» og mange andre komposisjonar er på repertoaret til enkeltspelmenn og orkester i det ganske land den dag i dag. Dei beste komposisjonane frå notepennen hans er samla i denne jubileumsboka, og fleire av desse er ikkje før utgitt – 100 år etter at han vart fødd. Nygaard i 100 lever!

I februar 2019 laga TV ØST og Jan Egil Løvbak eit program i høve jubileet:

Her er festprogrammet for laurdag 7. september:

Kl 12.00 Opning ved Nygaard-relieffet i Sør-Fron sentrum

  • Hundorp musikklag
  • Per Tofte
  • Fron trekkspelklubb

Kl 12.30 Spelmannskafé med film om Oddvar Nygaard, minikonsert, lansering av notesamlinga «Nygaard i 100», kaffi og «biteti»

      • Besøk på jubileumsutstillinga, Sør-Fron bibliotek

Kl 15.00 Ope i Arne Vangens trekkspelmuseum.

Frå kl 15.00 Spelmannspøbb med mat og musikk
Ein ettermiddag der vi byr på god servering og der spelmenn møtest til uhøgtidleg samspel i låvar og tun på Rudi Gard.

Middag frå kl 15.00–18.00.

Kl 19.00 Jubileumskonsert
Oddvar Nygaard stod for rundt 150 komposisjonar i fleire stiluttrykk.  Mange av desse blir å høyre her framført mellom anna av Sven Nyhus og Tore Løvgren, Jo-Asgeir Lie, Sør-Fron Spelemannslag, Leif Inge Schjølberg og Svein Stensrud, Anne- Kristin Stakston, Kvarts, Tom Willly Rustad, Aage Sogns orkester,  Fron Trekkspelklubb, Jon Faukstad, Mukampen Spelmannslag og Ole Ellefsæter. Programleiarar er Ola Grøsland og Rasmus Stauri. Billett kr 290,- inkludert dansefest.

Kl 21.00 Dansefest på Nygaard-vis
Fest med stappfulle dansegolv og yrande folkeliv var Oddvar Nygaard si verd. Lokale og tilreisande spelmenn dreg opp til dans «så sveitten hølja» i fleire etasjar. Sør-Fron og Mukampen Spelmannslag, Fron trekkspelklubb, Helge Hysjulien, Aage Sogn og andre tilreisande spelmenn står for dansemusikken utover kvelden og natta.

Her er heile opptaket frå Spellemannsprisutdelinga i 1973:

15. februar opna Gudbrandsdalsmuseas si utstillinga i folkebiblioteket i Sør-Fron.

I 1963 brann trekkspelet hans på Dalseter, og han fekk lån i banken for å kjøpe eit nytt.

Om dette opptaket: «God gammeldansmusikk, går rett inn i dansefoten!»:

På youtube kan du høyre mange av Oddvar Nygaards komposisjonar.

Dette skriv ballade.no om Oddvar Nygaard:

Trekkspiller, 23.07.1919–21.04.1985, født på Hundorp i Sør-Fron. Allerede i femårsalderen fikk han sitt første instrument, en torader, og året etter et fireraders spill. Før han var ferdig med skolen, hadde han fast engasjement som dansemusiker i bygda. En av læremestrene til Nygaard var trekkspillnestoren Ottar E. Akre, en annen Olav Knudsen. Nygaard opptrådte i radioen første gang i 1938, og ble en av våre mest kjente og profilerte gammeldansmusikere i flere tiår. Det skulle snart vise seg at han hadde mye å tilføre gammeldansmusikken, bl.a. sammen med Ola Opheim fra Vågå, som spilte fele, og som han startet samarbeid med i 1959. Samspillet mellom «Nygaarden og Uppheimen» ble en kjempesuksess, og folk strømmet til for å høre. Oddvar Nygaards kvartett ble dannet, og i 1963 gikk de i studio for å spille inn sin første plate, en single med Nygaards komposisjon «Dølagubben» på den ene siden. Med i kvartetten var foruten Nygaard, Ola Opheim på fele, Finn Westbye på gitar og Håkon Nilsen på bass. Også andre musikere var med, bl.a. Rolf Syversen på trekkspill og Tore Løvgren på gitar.

Nygaard var i løpet av sin karriere med på flere hundre grammofoninnspillinger i tillegg til en rekke radio- og TV-opptredener. Platedebuten skal ha vært en soloinnspilling av «Villrosa» i 1942. I perioden 1964–85 spilte han inn 24 LP-er med ca. 340 melodier sammen med orkestret sitt. Nygaard gjorde også innspillinger med populære musikere som Ottar E. Akre, Oscar Skau og Sven Nyhus. Vokalister på enkelte plateutgivelser var bl.a. Ole Ellefsæter (1966) og ►Børt-Erik Thoresen (1968). Nygaard mottok Spellemannprisen i 1973.

Det ble ca. 170 komposisjoner, som inkluderte vals, polka, springar, mazurka, galopp og reinlender. Runddansmusikken var altså godt representert. Også en lang rekke tradisjonsmelodier fikk nytt arrangement av Oddvar Nygaard, og ble innspilt på plate. Blant hans mange komposisjoner kan nevnes «Vals te’ tusen», «Gode glade minner», «Ekte døl», «Huldreslåtten», «50-årsdagen», «Så sveittin hølja», «Villrosa» og «Storjutul’n». Rasmus Stauri, i samarbeid med EMI, ga i 1995 ut Spelemannsliv, en samle-CD med Oddvar Nygaards musikk.

Nygaards musikalske arv er videreført av barnebarnet Anne Kristin Stakston. I 2002 ga hun ut CD-en Arv på eget forlag, 15 viser fra Gudbrandsdalen med nær tilknytning til bestefaren.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s