Daily Archives: 28. august 2019

Frøningen som slo the Beatles

Fest for Oddvar Nygaard laurdag 7. september på Rudi gard

Nygaard i 100-Omslag (1)

Noteboka Nygaard i 100 blir lansert 7. september på kommunelokalet i Sør-Fron. 100 komposisjonar, og fleire er ikkje publisert før. Nygaards originale noteskrift er med i uvalet.

RASMUS STAURI: I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart fødd. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele, trekkspel, gitar og bass forma dei eit stilideal, som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus, og med masurkaen «50-årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske the Beatles. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk