Daily Archives: 21. august 2019

Rustværar som utvandra til Inderøy

Frå 1836 til 1840 var det uår og naud i Gudbrandsdalen

Tarud i Ruste. Det var her familien reiste ifrå. Til høgre ser vi steinfjøset frå 1867, bygt av Hans Poulson, bror til Ole som drog nordover. Hans skal også ha bygt gammelstugu i Tarud, som vart rive rundt 1970. Stabburet til venstre har vi ikkje opplysningar om. I dag er det Hans Erik Tarud som er eigar av garden. Foto: Ole Chr. Risdal

ANDERS HAUGEN/ÅSHILD VANG: For tre år sidan kom det ein laurdag to frå Inderøy som søkte slekt i Ruste. Ole Brandstadmyren var namnet dei kunne oppgje. Det tok litt tid før eg kunne plassere den karen. Det viste seg at han var av den gamle Tarudslekta, den som hadde Tarud før Ole Gryttingslien kjøpte den av Pål Hansson Tarud i 1895. Pål, som også var skulemeister i Ruste, hadde ikkje eigne barn og selde garden. (Les om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1982 s. 73.) Ole Poulson Brandstadmyren var onkelen til Pål. Ole var nummer tre av ein syskenflokk på fire. Alle syskena vart gifte og har mange etterkommarar i Ruste og Amerika, men også på Inderøy i Trøndelag, dei som denne historia handlar om. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kvinner, Menn