I Russland ligg risengryna som snogføinne

Trudde mange i Fron fyrst på 1830-tallet – og la avgarde

Nr. 62

Draumen om å plukke rusinder tå treom i Russland? Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar

P. TH. AASMUNDSTAD: Folket i delar av Russland er heilt utdøydd, og gardane står att med fullt stell, men folketome. Det ryktast i Fron fyrst på 1830-talet.

Tie nå, bon, dess døkk kjem åt Russland, ska døkk få mat. Der ligg risengryna som snogføinne framme hafeillom

er det hermt etter Sima Bratlien frå Ruste, da han skulle gje trøyst åt bornom sine, når dei gret for mat.

Han Hans Snippa ville gjerne få fullgod greie på dette og reiste åt Gøteborg, og han tok med seg nokre rjuper han ville selja. Snippen var husmannsplass under Øvre og Nedre Skåbu. Da han kom att frå Sverige, visste han at det var sant og drog i vegen langt inn i Sverige med kjerring og ungar. Det vart til at han snudde og kom attende åt Kristiania, der han døydde. Kjerringa kom heim att og fekk føderåd under Øvre Skåbu. Sønene Fredrik og Amund slo seg ned som steinhoggarar i Kristiania. To av døtrene til Hans og Marit Snippa vart attverande i Sverige, der dei gifta seg.

Klokkemakaren Ole Lien i Skåbu rådførte seg med Nils Skåbu før han gjekk til Trondheim for å forhøyre seg om Russland, men tess lenger han kom frå Skåbu, tess mindre visste folk. Difor kom han attende og vart verande i Skåbu.

Ein annan skåbygging, han Svein Baklien, hadde høyrt at før dei kunne leggje vegen austover frå Trondheim, måtte dei skrive til Russland for å seia frå kva slags let (farge) dei ville ha på garden. Gardane der var måla både raude, blåe og gråe. Han Svein gjekk at Jehans Skåbu for å få han til å skrive.  Jehans hadde eit kart som synte Russland, og mange kom åt han for å få sjå både landet og leia dit. «Ja, kå slags let vil du hå, da?» Da han Svein fekk tenkt seg om lite grann, svara han: «Eg meine e tek’n blå, eg.»

Ho Svein-Tora  fór gardimellom oppi Skåbu og tok avskjed før dei tok i vegen nordover. Da ho var innom i Nedre Fosse og fekk seg litt mat, sa ho:

Gud gje e ha nått døkk åt åre dette leite, så skull e traktert døkk att.

Dei fekk stelt opp ei ungjente frå Stiga til å vera med som bånjente. Foreldra åt jenta prøvde å rå ho frå å reise, men da sa ho Svein-Tora:

Kæinn døkk tenkje døkk någå be’re heill sitja e glase og plukke rusinder tå treom?

Men det vart ingen Russlandsreise på han Svein Baklien heller. Han og familien kom så langt som nordafor Levanger, før dei snudde. Alle kom åt Skåbu att, og ho Tora gjekk på legd på slutten. Han Svein rømde utor bygda – han hadde nok stole – og han spurdest aldri meir.

Våren 1887 var han Anders Torgersen Massingjordet plogkar hos farfar. Som liten gut hadde han vore med foreldre og sysken langt inni Sverige. Dei meinte seg nok åt Russland. Dei fór over Kongsvinger, og faren fekk arbeid på ein herregard som heitte Annaborg. Sokna og kyrkja heitte Gräsmark. På kyrkjegarden der kviler Ola, bror til Anders. Da mora gret for sonen ho hadde mist, var det ei snill kjerring som sa:

Gråta inte, gumma, det är icke högare til himmels i Sverige enn hemma hos er.

Frå Fronsbygdin 2004. Per Åsmundstad: «Optegnelser til Fornøielse»

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

2 responses to “I Russland ligg risengryna som snogføinne

  1. Anders Haugen

    Bilde frå Lundesetra på Nysetra ca.1940. Den som er på bilde er Torbjørn Karenstuen 1939 – 1997. Han var med mor si Magnhild 1918 – 1956, som var budeie her i mange år. ho døde her sumaren 1956. Bilde har på den måten ikkje noko med artikkelen å gjera.

    Likar

  2. CHG

    Alt du veit! Ja, bildet er ein illustrasjon. (Vanskeleg å finne bilde av risengryn i Russland… 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s