Soldaten kasta kjerringa si utover

Historia om Harpefoss bru

Harpefoss-brun269_1500

ARVE SKURDAL: Ein skulgut, Morten Steindala, hadde klatra ut i ei furu som heng utover berget på solsida sør for Harpefossbrua og skulle gjera sitt fornødne. Da kom Pål Strand forbi. Morten hadde nok erta han. Pål vart sett på som ikkje heilt  rett, og det går mange historier om han. Han brukte å ha med seg ei lita øks. Da han såg guten som satt uti furua, tok han øksa og la an å hogge på furua. ”Nå skit du siste gongen ” sa han. Guten vart sjølvsagt livande redd. Lærar Kjeserud kom forbi og såg kva som gjekk føre seg. Han visste at Pål var glad i skråtobakk. ”Kom hit nå Pål, så skal du få ei bust”, sa han, og da var guten redda. Furua står der den dag i dag, og skorroa etter øksa er synleg. Furua har vore kalla Mortensfurua, skriv Pål Kluften. Foto syner at furua nesten ikkje har vakse på over 100 år.

Ingen stad i dalen er elvegjelet i Laugen så djupt og smalt som på Harpefoss. Her har det sjølvsagt vore mange bruer og mye ferdsel framigjennom tida. Desse bruene har ei svært interessant historie. Laugen skjer seg ned i berget ved Harpefoss og lagar eit djupt juv på om lag 1.5 km frå Solbråsfossen (Harpefossen) sørover til Grøntuvholet. Det samla fallet før kraftutbygginga var 25 meter. Berget på båe sider av elvegjelet er 15-20 m høgt. Der brua ligg i dag, er Laugen smalast. Det er berre rundt 15 m tvers over. Brua ligg så høgt over vassflata at ho har greidd seg i dei fleste flaumane. Det djupe skaret er ein attraksjon. Ein kan sjå den dramatiske naturen frå brua, men dei som fer etter E-6 og med jernbanen ser ingen ting av dette. Øvre delen vart kalla Solbråsfossen etter garden – heile strekningen Harpefossen eller Haltbrufossen

Namnet

Stadnamnet Harpefoss er gamalt. Hiorthøi brukte det i 1775. Pål Kluften hevda at dei gamle sa ”Haltbrufossen”. Kva betyr dette namnet? Namneteoriane er mange:

Harpefoss kjem truleg frå norrønt harpe, altså ein foss i mange trinn, jfr. kornharpe. Ei anna forklaring av ordet går også til norrønt, horpr, fossen som går gjennom noko innsnevra – det tronge gjelet. Eller har namnet ei anna tyding, fossen der det er mye horr? Eller er forklaringa denne: Haltbrufossen er fossen under Haltbrua, den skakke brua. Ei siste forklaring som har vore sett fram er Hatlfossen, Hahl-  eller Hatlbrufossen- fossen der det veks hassel (dialekt :hatl eller hahl). Eg trur at den siste forklaringa har mest for seg: namnet skriv seg frå  treslaget hassel som veks ved Solbrå. I dag er det berre gamle folk som seier Haltbrua. Namnet på brua er i dag Harpefoss bru. Det er såleis fleire som har ytra seg om tydinga til Harpefoss utan at det endelege svaret er gjeve, det eg kjenner til.

Vinterveg og tømerfløyting

Harpebrua eller Haltbrua har vore brukt i uminnelege tider av folk som skulle over Laugen.Gardar på austsida hadde eigedomar og setrar på vestsida, og frå lange avstandar jaga dei ofte store bølingar om brua i staden for å ferge dei over. Langvegsfarande kom òg her. Ein av dei mest særmerkte og eldste vegane i dalen er vegen på vestsida frå Harpefossbrua over Kleivin og ned berget mot Klukkarstranda. Segnet fortel at Heilag Olav kom på vestsida frå Bræin, og segnet om at han for over Haltbrua kan vera sant.

 I uminneleg tider har elva vore ferdselsveg vinterstid. Det var hovudvegen. Ved Harpefossen måtte ein opp på land anten på aust – eller vestsida. Namnet Hestskobakken ved Solbrå og Vintervegen ved Harpefoss skole er namn som skriv seg frå dette. Langt atti tida har det vore fløytt tømmer etter Laugen.  Store lunner hadde lett for å setja seg fast i Harpefossen. Like ovafor brua var det ein stor bergpall, og her hadde tømmeret  lett for å hope seg i hop. Denne vart seinare sprengd bort. Pål Kluften skriv at ein gong ein skulle løyse ein tømmerlunne ovanfor Solbråsfossen, gjekk ein mann i båt utover fossen saman med tømmeret. Ingen trudde han hadde greidd seg, men som ved eit mirakel kom han heilskinna i land ved Hella.

Fogden Prams beretning frå 1773

Han skriv dette om Froens Sogn:

Her er Harpebroen over den stoere Elv til Schurdahls Bøigden og den andre Wej ? der bestaae (…)  af een Master længde foruden landkarene med udleggerne på begge Sider og ere goed længde at Køre og Ride over, men saa høit fra Vandet at naar Elven er mindst da kunne eet maadeligt Skib segle derunder og naar den er størst da stouker den paa broen; for omtrent 16 aar siden slængte en Soldat sin koene udover for at omkommes i den brusende Foss, men hun havnede paa en liden Flæk ved bredden af Fossen fik fat paa nogle Straae og Quiste som voxe paa Berget og derved klavrede sig uskad op. Soldaten maate derfor løbe SpitzRod i 2 dage; derefter levede de dog til sammen til hand for nogle Aar siden doede; I dette Sogn som er størst af alle, voxer det meeste og beste Korn.

Gamal  brustad med trebruer

Heilt frå vikingtida var det lover og vedtekter om vegar og bruer. Bygdafolket hadde ansvaret for dette. Fyrste gongen vi høyrer om Harpebrua er i 1633, da gardbrukarane i Ryssland og Skurdal er usamde om vedlikehaldet.

Det er naturleg at det har vore bru her langt attende i tida. Ivar Kleiven meinte at det har funnest bru her alt på 1100-talet, men det kan ha vore enda tidlegare. Ingen veit noko sikkert om dette i dag. Mange trebruer har nok rotna ned og har vorte bygde opp att gjennom tidene. Storflaumen og naturkatastrofen ”Ofsen”  i 1789 reiv med seg brua, for året etter bygde dei ny bru på den gamle brustaden. 8. mars 1790 skreiv kyrkjebyggjaren Johannes Korpberget frå  Kvikne og Engebret Øyom frå Ruste ei kontrakt med folk på både sider av Laugen om  å gjera det arbeidet som trongst for å setja i stand att ”Harpebroen”.

Brua hadde tømra brukar med stokkar tvers over. Arbeidet skulle koste 48 riksdalar, og dei skulle ha betaling kvar laurdagskveld ettersom arbeidet gjekk fram Når arbeidet var ferdig, skulle dei straks få resten. Og materialar skulle det ikkje stå på slik at arbeidet vart forsinka. Gardbrukarane skulle på omgang stille med to arbeidskarar dagleg. Arbeidet skulle gjerast forsvarleg, og brukara hoggast så tett som tidlegare. Oppå brua skulle dei leggje fargved (trestokkar over på tvers) med rekkverk på båe sider. Når djupåsane skulle trekkjast over, skulle dei skaffe så mykje hjelp som trongst. Kontrakten var skriven under for allmugen av Lodver Rolstad, Knud Kiorstad, Johann Christensen Schurdahl og Sven Holum Eg har òg avskrift av kontrakten som syner kven som gjorde pliktarbeid og kven som heldt seg med kosten sjølve.  Det går fram i eit skriv frå l776 av fogden Pram at den gamle tømmerbrua må ha vore ei såkalla utliggjarbru. På båe sidene var det tømra brukar, anten rett opp eller på skrå utover.  Så la dei lange  stokkar over og golva på tvers og bygde rekkverk  på båe sider. Det står i skrivet frå 1700-talet at den gamle brua var god både til å kjøre og ri over.

Den fyrste steinbrua

I 1846 vart ei kvelvbru av stein mura opp av O. Rødningsberg  frå Østre Toten. Kvelvingen vart mura av dårleg leirskiferstein, og over brua på båe sider var det tunge steinmurar som rekkverk. Da støttene under den mura kvelvingen vart tekne bort, sokk brua på eine sida og vart skakk, (”halt”). Leirskifersteinane i kvelvet vart delvis knuste, og det vart sprekkar i murane.  Flaumen i 1860 skadde òg fundamenta. Etter kvart fann dei ut at brua ikkje var til å stole på. Det vart arbeidd ut detaljerte planar om å reparere brua, men ein fann ut at dette ikkje var forsvarleg, og bestemte seg for å sprenge brua og byggje ny på den same staden.

Brua ligg der det er smalast over, og berget er solid på båe sider. Frå vegbanen og ned på vatnet er det ved lågvatn ca. 26 m, og vatnet er ca. l5 m djupt. Ved flaumen i 1860 nådde vatnet nesten oppunder brua. Berre 1 ½ m var att. Før brua vart sprengd, tok dei bort all steinen som kunne brukast opp att. Den 24. februar 1898 skaut dei ned brua. Ho var solidare enn dei trudde, men dei greidde det til slutt. Mange møtte fram for å sjå på. Det var meininga at brua skulle ha vore sprengd før, men dette vart utsett fordi kong Oskar den 2. vitja Gålå og for over brua den 21.7.1897. (Opplysning frå Albert Wadahl bak på eit fotografi).

Harpefoss-bru-3-kopi_1500

Den andre steinbrua

Den nye brua vart bygd vinteren 1899. Trafikken kunne da gå over isen ved Klokkarstranda om lag 300 m lenger sør. Arbeidet med å finne stein som kunne hoggast til, starta vinteren før den fyrste brua vart sprengd. På austsida var det vanskeleg å finne god stein. Det vart sprengt nokre store steinblokkar som låg oppe ved Kongsvegen (nå E-6). Dette var god stein, men dei greidde ikkje å finne nok. På vestsida opna dei eit steinbrot opp for Uppigard Skurdal. Her var det framifrå stein, som var fin å hogge. Ein del stein måtte fraktast til andre sida over kvelvstillaset med kran. Dette gjorde arbeidet vanskelegare. Den nye brua kosta 10.000 kroner som var ein stor sum etter tida. Rekkverket var støypejernsøyler med nettinggjerde. Brua var smal med berre 2,6 m kjørebreidde.

Ved flaumen i 1938 gjekk vatnet nesten oppunder kvelvingen.

Nr. 149 Storflommen 01 09 1938, sett fra Harpefossbrua.

Flaumen 1938 sett frå brua. (Foto frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar)

Nr. 154 Flommen 01 09 1938, Harpefoss

Brua i flaumen 1938. (Foto frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar)

Da dei tyske troppane var på veg nordover i april 1940, sprengde norske ingeniørsoldatar Hundorpbrua, Harpefossbrua og Sundbrua ved Vinstra. Nordmennene hadde forskansa seg i Kvam, og dei sprengde brua for at tyskarane ikkje skulle koma over på vestsida og angripe dei i ryggen. Harpefossbrua vart sprengd den 24. april, midt på dagen. Ein soldat frå Harpefoss var med, Sigurd Nordli, som var mobilisert på Jørstadmoen. Isen var så sterk at trafikken kunne gå med hest ved Klokkarstranda. På grunn av krigen var mange frå Ryssland flykta til fjells på vestsida. Da krigshandlingane var slutt, var det ønskjeleg å få bygd opp att brua. Vegvesenet på Lillehammer planla og teikna ei fin kvelvbru som aldri vart bygd.

Ein gong etter 1900 var det ein stor isgang (isforr) frå Olstappen, nedover Vinstradalen og ned til Breivegen. Den reinska med seg steinen på botnen etter den fyrste steinbrua og la den att ved Hella. Det gamle notvarpet der vart da øydelagt, skriv Paal Kluften.

Harpefoss-brun270_Herns-kopi_1500Provisorisk bru og brua i dag

Oppe ved Kamsfossen i Skåbu låg tre store stålbjelkar som var tenkt brukt til bru over Vinstraelva. Desse enorme bjelkane vart frakta nedover og lagt over på dei gamle murane etter den nedskotne brua. Mange historier går om folk som gjekk over på stålbjelkane før det vart lagt tredekke over desse. Denne brua var i bruk til 1953.

Nr. 136 1918. Harpebrua 1897 - 1940.

Harpebrua 1897 – 1940. (Foto frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar)

I 1953 vart ei ny, solid, brei bru av jern og betong bygd akkurat på den gamle staden, og grunnfundamentet er murane etter den siste kvelvbrua. I 1998 vart gangbrua skøytt på ved sida av. Harpefossen (Solbråsfossen) er som kjent utbygd og vatnet går i tunell. Ved lita vassføring går heile elva i tunellen. Nedafor demminga kan ein sjå mange små og store jettegryter.

index

Harpefoss bru 1908

Historier

Fogden Pram på Rolstad omtalar i beretninga frå1773 ein soldat på eksisplassen på Breivegen. Soldaten kasta visstnok kjerringa si utover «Harpebroen». Merkeleg nok berga ho seg i land og greidde seg. Som straff måtte soldaten gå spissrotgang i to dagar. Dette var ei hard straff. Etterpå flytta dei saman att, og i følgje fogden levde dei lykkeleg resten av livet.

Rett ovanfor Harpefossbrua, vest for Brua gard, går eit grunnare elvefar enn hovudfaret. Dette vart attfyllt med tunellmasse frå Vinstra-anlegget i 1988-89. Under Storofsen i 1798 gjekk Laugen stor her, og det er fortalt at i Brua vart eit kvinnfolk att på ei ”øy” da Harpefossbrua strauk.

Ole Dalen, som budde på Haugavolden, gjekk av kveldstoget temmeleg bedugget og skulle over brua. Den gongen var det vanleg å gå beinvegen over jernbanelina og ned på brua. Ole ramla utover berget på nordsida og vart liggjande på ei hylle. Han jamra og bar seg, og folk som hørte han, prøvde å få han opp med reip. Dette mislykkast, og han datt vidare ned på  isen. Etter mykje strev vart han berga. Dette hende fyrst i 30-åra. Eg hugsar godt dette var fortalt.

Da Sigurd Nordli var snøggast innom heime etter å ha vore med på sprenginga av  Harpefossbrua, var han i full uniform med gevær. Anton Haugamo hadde evakuert familien oppi Jordalen, og hadde med seg ei stor halvkokt kålgryte. Han trudde han såg ein tyskar, og i forfjamselsen tømde han ut kålgryta.

Kjelder

Avskrift av kontrakt 1790

Hjorthøi: Beskrivelse over Gudbrandsdalens Prostie 2 b, 1785-86,

Ivar Keiven: Fronsbygdin, 1930

Pål Kluften: Årbok for Gudbrandsdalen, 1933

Statens Vegvesen, avd. Lillehammer. Diverse rapportar

Historisk Leksikon

Einar Hovdhaugen: Gardar og slekter i Fron, Sør-Fron

Gerhardt Schøning: Reise gjennom Gudbrandsdalen, 1725

Ola Stemshaug: Norsk Stadnamnleksikon

Publisert her første gong 7. januar 2014

 

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s