Daily Archives: 15. august 2019

Soldaten kasta kjerringa si utover

Historia om Harpefoss bru

Harpefoss-brun269_1500

ARVE SKURDAL: Ein skulgut, Morten Steindala, hadde klatra ut i ei furu som heng utover berget på solsida sør for Harpefossbrua og skulle gjera sitt fornødne. Da kom Pål Strand forbi. Morten hadde nok erta han. Pål vart sett på som ikkje heilt  rett, og det går mange historier om han. Han brukte å ha med seg ei lita øks. Da han såg guten som satt uti furua, tok han øksa og la an å hogge på furua. ”Nå skit du siste gongen ” sa han. Guten vart sjølvsagt livande redd. Lærar Kjeserud kom forbi og såg kva som gjekk føre seg. Han visste at Pål var glad i skråtobakk. ”Kom hit nå Pål, så skal du få ei bust”, sa han, og da var guten redda. Furua står der den dag i dag, og skorroa etter øksa er synleg. Furua har vore kalla Mortensfurua, skriv Pål Kluften. Foto syner at furua nesten ikkje har vakse på over 100 år. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon