Monthly Archives: juli 2019

Da Kari Hågå vart borte

Innteke frå setra i Fiskdalen

Litt seinare – etter at Kari Hågå vart funne att. Mjølkebilen er ved Nordgard Tokse si seter på Fiskdalen. Frå venstre: Astrid Byrløkken, Rønnaug Furuli, Karen Kluften, Ivar Kluften, Marit P. Brandvold og sjåføren, Torvald Slåstuen. Foto: Pål Kluften-bilde.

IVAR KLEIVEN: I Nestugun Hågå vart eine dattera på garden innteke frå setra deira i Fiskdalen. Ho var berre svært ung den gongen og var underbudeie om somaren. Det leid på hausten, så molta tok til å bli gjord, og så var det ein dag båe budeiene hadde lokka kua oppi fjellet, ho Kari Hågå vart borte på heimvegen. Den andre budeia la ikkje større merkje til det med det same, for ho tenkte, at ho Kari hadde gitt seg til å hente molte, eller noko anna ho hadde hefta seg med. Men da ho ikkje kom til setra att, vart det oppstuss og leiting, kann ein veta. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

På Steig voks det opp sterke folk

Historia om kongsgarden i Fron

Den gamle kongsgarden Steig

Den gamle kongsgarden Steig

EIVIND LUTHEN: Litt attendetrekt på eit høgdedrag ruver det gamle maktsenteret Steig over Hundorp. Ein gong fostra denne garden ein konge, og garden gav også landet ei dronning. I fleire hundreår spelte Steig ei viktig rolle i norsk rikshistorie. Om eg driv med store ord? Ikkje om ein skal tru Snorre, ulike skadekvad og Gulatingslova.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Litteratur

Slik vart setrene til

Bli med Ivar Kleiven til den gongen budeiene sms´a med lur

seterbaukhol

Kalenderbilde frå Sør-Fron Lions Club

IVAR KLEIVEN: Seter og seterbruk har opphavet sitt heilt attende i dei grå forntidene i Noreg, og i Gudbrandsdalen er det gammalt som alle haugane. Kva tid dei første setrene vart bygde, kan ingen seie for visst, men at det er dei tusen åra sidan, er visst ikkje noko orimeleg.

Frå førsten av var det krøtterbeite og krøttermengda som stadig øykte seg, som skapte setrene. Beitet minka av nede i dei skogvokste dalane etter kvart som gardar vart rydda og nye kom til. Kvalmin og flye var ei stygg plage, og bølingane søkte lenger og lenger  opp i liene, så dei ofte ikkje ville koma nedatt til kvelds. Derfor tok først ein og sidan fleire til å byggje ei firkanta stugu med ei trå attåt eit godt stykkje oppi lia ovanfor garden; hit kunne bølinga venjast til  å koma attende til kvelds, bli mjølka og sett i trå om natta, så den ikkje var så utsett for odyr og ofrydskje som når ho gjekk på fri mark. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

Overtrette byboere blir friske i Fron!

Men febersyke mennesker bør holde seg borte fra høyfjellet

images

Johan Sørensen

JOHAN SØRENSEN 1905: Efter en syv måneders jakt helt ned til Egypt kom jeg meg mere død enn levende hjem til Norge, – og livnede opp igjen på Toftesæter-kjølen – det fjellplatå i Gudbrandsdalen hvor nu en rekke av landets betydeligste høifjellssanatorier er anlagt. Østsiden av de norsk fjell og måske særlig Gudbrandsdalsplatået, som ligger lengst mot øst og fjernest fra kystfjellenes ismarker, frembyr, sammenlignet med Alpene, i virkeligheten mange fordeler. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Menn