– Vi held oss unna det kulturelle

Per Gynt-stemnet la lista for høgt

PG10RAGNAR ØVRELID: Heilt frå starten og til Peer Gynt kom til Gålåvatnet i 1989, var Peer Gynt-kvelden sjølve blomsten i knappholet, den som gav stemnet eit kulturelt alibi, store utgifter, men små inntekter. Kveldene hadde ein imponerande kvalitet, framståande og taleføre folk deltok saman med skodespelarar, musikarar og artistar frå dalen og utanfrå. I mange år var folkedansgrupper frå andre land eit fast innslag.

Dei opprinnelege planane at stemnet skulle ha ei skikkeleg Ibsen-framføring, måtte utsettast i over 20 år, men elevar frå folkehøskolen på Hundorp framførte scener frå Peer Gynt på det første stemnet i 1967. Og i mange år hadde kvelden ein festtale, knytt til Ibsen, Peer eller bygdas Per. Peer Gynt-kvelden vart halden i aulaen på Vinstra videregåande skule til 1986, da programmet vart flytt over til den nybygde Vinstrahallen.

Eit fast innslag var i mange år utanlandske folkedansarar, som imponerte stort med festlege framføringar på eit profesjonelt plan og gav inspirasjon til å ta i bruk etno-rytmikk i gymnastikktimane på skolane i Fron.

Det var mykje arbeid med å få på plass desse langvegsfarande gruppene, med transport, innkvartering, mat osv. Frå 1996 var det slutt, enda folkloreprogrammet i planane var sett opp som ein av grunnpillarane for stemnet, saman med viser, tivoli, teater og musikk. Men nå måtte nemnda ta eit val. Dansarane vart for kostbare, og oppvisningane for arbeidskrevjande. Det vart ôg argumentert med at folkeloreprogramma ikkje direkte hadde så mykje med Per Gynt å gjere, eller med Peer, for den del.

Visefestivalar, tivoli og dans i Kåja var det også slutt med. Så i 1996 var siste året vi kunne oppleve eksotisk dans og levande etnomusikk på Peer Gynt- kvelden og på Fryvollen.

Nå skapte ikkje Peer Gynt-kvelden den store tilstrøymina av publikum frå bygda. Stemnet hadde kanskje lagt lista litt for høgt. Ei rundspørring Dagningen hadde i 1977 viste laber eller inga interesse for dette programinnslaget. «Vi går jo på dansefestane, og på tivoli. Vi held oss unnna det kulturelle», var omkvedet. Til og med i Per Gynt-nemnda hadde det blitt mumla om at den innførte kulturen tok overhand. Vi burde ha meir lokal og folkeleg underhaldning, framført av våre eigne.

PG11Som ein konsekvens av dette innførte nemnda ein «bygdakveld» på gymnaset i 1974. Det var denne kvelden som kom til å opne stemnet. Programposten tok året etter namnet «Dølakveld», og det vart det, med lokale krefter som fekk boltre seg i lokal underhaldningstradisjon. Dit kom det folk.

Dølakveden var populær. Men etter at Peer Gynt-forestillinga ved Gålåvatnet vart utvida til fem eller seks framføringar, måtte Dølakvelden nedleggast,

Redigert utdrag frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s