Daily Archives: 26. juli 2019

Kvar vart det av folkemusikken?

På Peer Gynt-stemnet?

r4 3RAGNAR ØVRELID: Spelmennene var først ute med eit årvisst musikkinnslag på Per Gynt-stemnet. Det første treffet var i 1971. Idéen kom ikkje fra sentralt folkemusikkhald. Initiativet var lokalt, og det kom frå folk utanom sjølve Per Gynt-nemnda. Det var folkemusikkinteresserte og aktive spelmenn som Per Wiker, Per Åsmundstad, Arne Risdal og Rasmus Stauri og fleire som drog programinnslaget i gang. Dei meinte dalens eigen tradisjonsmusikk burde vere representert på stemnet, som eit heimleg alternativ, som ei utfylling til kunstmusikken utanfrå. Nemnda tente på idéen og overlet det meste av arrangementa til entusiastane. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk