Innteke frå setra i Fiskdalen

Litt seinare – etter at Kari Hågå vart funne att. Mjølkebilen er ved Nordgard Tokse si seter på Fiskdalen. Frå venstre: Astrid Byrløkken, Rønnaug Furuli, Karen Kluften, Ivar Kluften, Marit P. Brandvold og sjåføren, Torvald Slåstuen. Foto: Pål Kluften-bilde.
IVAR KLEIVEN: I Nestugun Hågå vart eine dattera på garden innteke frå setra deira i Fiskdalen. Ho var berre svært ung den gongen og var underbudeie om somaren. Det leid på hausten, så molta tok til å bli gjord, og så var det ein dag båe budeiene hadde lokka kua oppi fjellet, ho Kari Hågå vart borte på heimvegen. Den andre budeia la ikkje større merkje til det med det same, for ho tenkte, at ho Kari hadde gitt seg til å hente molte, eller noko anna ho hadde hefta seg med. Men da ho ikkje kom til setra att, vart det oppstuss og leiting, kann ein veta. Les meir