Slik vart setrene til

Bli med Ivar Kleiven til den gongen budeiene sms´a med lur

seterbaukhol

Kalenderbilde frå Sør-Fron Lions Club

IVAR KLEIVEN: Seter og seterbruk har opphavet sitt heilt attende i dei grå forntidene i Noreg, og i Gudbrandsdalen er det gammalt som alle haugane. Kva tid dei første setrene vart bygde, kan ingen seie for visst, men at det er dei tusen åra sidan, er visst ikkje noko orimeleg.

Frå førsten av var det krøtterbeite og krøttermengda som stadig øykte seg, som skapte setrene. Beitet minka av nede i dei skogvokste dalane etter kvart som gardar vart rydda og nye kom til. Kvalmin og flye var ei stygg plage, og bølingane søkte lenger og lenger  opp i liene, så dei ofte ikkje ville koma nedatt til kvelds. Derfor tok først ein og sidan fleire til å byggje ei firkanta stugu med ei trå attåt eit godt stykkje oppi lia ovanfor garden; hit kunne bølinga venjast til  å koma attende til kvelds, bli mjølka og sett i trå om natta, så den ikkje var så utsett for odyr og ofrydskje som når ho gjekk på fri mark.

seterskurd

Kalenderbilde frå Sør-Fron Lions Club

Ei jente, budeie, låg i stugu natta over, mjølka og slepte krøttera i beite att om morgonen, og så gjekk ho ned på garden att med mjølka.

Det heittest at garden «sat» på dette stelle om sommaren med bøling, og vart derfor med tida kalla «seter», sjølve huset var au kalla «sel».

seter

Korpbergsetra på Breistulen. Kvikne. Selet er truleg eldre enn 1667. Bu, sel, selsgard og fjos under eitt tak. Bilde frå Ivar Kleiven: Fronsbygdin 1930

Stua på desse opphavssetrene var ein firkant opptømra av stort tømmer, grovgjort med låge vegger, med ljore i taket, ei langåre midt på jordgolvet og små lysglugger med gluggtopp på tre vegger, og venteleg var det på den eine langveggen ein brisk til å liggje på for budeiene.

seterannamyrum

Anna Myrom på setra Gålåstranda. Foto: Arve Skurdal/Vegar Skar

Slik var desse aller første setrene på gardane, og det vanlege var at dei låg i heimeliene på grunn som var helde for å høre garden til, i «himrastom».

Kor lenge desse første seterbola høvde med tidene og var brukte av gardane er ikkje radt å ha noko viss meining om, men det vara sakte nokre mannsaldrar, kan tenkjast.

Men bølingane dreiv ennå på å dra seg høgre og høgre opp og langt inni viggun, bølingane auka årlegårs, og når det lei ei tid over midtsommar, tok det til å snøyast med beite. Og bygdafolket, som jamnan strauk omkring på fiskjing og veiding langt inne i fjelldalane og i høgfjellet, hadde god kjennskap til sume dalføre, bjørkelier og flyer med så fruaugt fjellgras, at det gjekk langt oppå leggen. Og med vidder så druge at det skulle noko til å snøye dei med ei bølingane som ennå gjekk i seterbeita. Så det var noko å tenkje på for gardane nede i bygda å fløtte seterbola sine oppi heimfjella.

seterbjørn

Prestmosetra på Bjørnstulen 1940. Andrea Prestmoen. Huset vart rive i 1959. Foto: Arve Skurdal/Vegar Skar

Og så vart det fløtting til fjells med seterbolet litt etter hånd – det vart nok ikkje gjort på ein dag, men det synte seg at både trevnan på bølinga og avdrotten voks så gildt at bygdefolket snart sto etter å byggje seg nye sæterbol til fjells. Og nå vart det gjort seg meir for med å byggje seterhus og lagt meir arbeid på husa både utta´ og inna´.  Nå nøgde dei seg ikkje lenger med ei firkanta, lita stuggu: dei sette opp ei mjølkebu på same storleiken som selet, røste mot røste, og med berre ein open gang på en 2-2 1/2 meter imellom, for nå galdt det om særskild hus til mjølk og rømme, da budrotten laut lågåst frå seg på setra for heile sommaren.

seterstenseng

Stensengsetra på Gravdalen. Foto frå Kari Klevstadbakken/Vegar Skar

Seterstuggu, selet, har som før langåre midt på golvet og ljore i taket, og på 3 av veggane var ei lita firkanta glugge med ein gluggtopp, som kunne takast ut, både til å kaste solljos inn i stuggu og for å sjå ut nærmast omkring selet.  Ved eine langveggen var ein langbenk av ei klove tømmerfuru og ved den andre ein lang og brei brisk av klovne stokkar veggane imellom. Brisken var delt i to med ei fjøl tvertover og eine halvingen vart brukt til seng, den andre til bord, lengst etter selet fra vegg til vegg låg det to slinde oppover langåra, omlag 2 meter frå golvet og i breidd med sidene på langåra. Over desse slindene låg det ein sterk rund staur som det hekk ei skjering på og som kunne fløttjast dit ein ville over langelden.

Døra i stua og døra i mjølkebua vende beint imot einannan og både var låge, 1,2o mtr, men på båe stelle var det godt og vel 30 cntm oppi dørstokken.

Mjølkebua hadde benkjer på alle 3 veggane av furuklovingar til å setje mjølkekolla og anna på; ofte hekk det ned frå mønsåsene ein firkante lem så omlag 1,20 i firkant – den fjøl-lemmen hekk etter eit vidjuband festa i kvart hjørne og hekk midt i huset, så ein 1,20 mtr opp frå golvet. Lemmen var til å leggje flatbrød og anna matvare på og på denne gjerá låg maten fri for mus.

Golva både i sel og bu var aur eller stampa jord.

Her kan du bli med på seterreise frå Isum i 1930:

Ved denne fløttinga vart det jemnfare bygd kufjos, tett ved dei andre to seterhusa, og ved fjoset sette dei opp ei trå av ronde eller klovne plankar, ho var god å ha i mange tilfelle. Men noko slikt som seterkve eller seterlykkje med for-lyu vart det ikkje laga til for det første,det kom ikkje før mykje lenger fram i tida. I desse gamle tidene var både bjønn og ulv stygge til å gjera skade på bufeet i setermånadene, og for den skuld vart det fast skikk og bruk at budeia følgde bølinga i beite om dagen. Og meir enn ei budeie berga både smått og stort for «gjengd» ute i skogen. Ulven var den verste og han var det mest av; han la seg nok mest etter småkrøttera, men reiv både drykkjekalvar og fjorkalvar ôg, når han både såg seg tak til det og svolten gjekk på han. Derfor laut seterjentene for det meste følgje bølingane i beite om dagen, så nær som dei dagane dei «gjor utur» kinna, løypte og ysta.

Med same ho hadde mjølka og silt opp mjølka, var det å lokke kua i hamn og gje seg med dei eit langt skjei´som kunne vara utover dagen, ettersom været var til, og etter som det såg ut til å vera trygt for odyr – i streng øl vart kua på mange setrer sett inn til utpå eftasida for ikkje å skjena.

Når budeiene følgde med budskapen, var det vanleg at dei på ei side i beltet hadde saltkula og på den andre enten bundingen eller handrokken og ein oppgjord tonasdodd.  For ei vakse seterjente gjekk ikkje ledig og gjerandslaus i skog og fjell om ho stadig laut ha augo etter bølinga. Unge jenter som ikkje var nettoppå lagde for handarbeide, hadde nok med seg anten neverluren – langluren – eller stuten – bukkehonn-luren – i gjeteskogen for å korte på tida med dei gamle lurleikane og skape noko liv omkring seg, det var støtt så tyleg når det svara frå lur eller stutt frå ymse kanter i fjell og li, det var som dei skulle talast ved på eit fjellmål som berre dei skjønte.

seteranne

Kalenderbilde frå Sør-Fron Lions Club

På dei gardane dei heldt buhund, hadde både bølinga og budeia eit godt følgje om dagane, for dei gamle buhundane var både herdsette, stride og vare, så det var ikkje godt om for udyr å stela seg inni buskapen minders hunden gauv på.

seterspann

«Det var nok å gjere for budeiene i gamle dagar og ikkje noko latmannsliv» Foto: Knut S. Kjorstad/Vegar Skar

På dei setrene det var stort stell, var det ein ung gut eller jente som følgde bølinga i beite, for der hadde budeia så mykje arbeid med mjølkestellet at dagen gjekk med til det, og det gjekk ikkje med lange stunden til kvile. Det var nok å gjere på setrene for budeiene i gamle dagar, og  ikkje noko latmannsliv; jamnest var det av døtrene på garden som låg på setra, ettersom dei var så vaksne dei greidde å stelle ku og geit, og likeeins måtte sønnane på garden mykje attåt vera med på setra for å gjete når dei voks til såpass det dei kunne greie gjetinga. Det var ikkje skam for en bra gardmannsson den tida å vera gjetar på setra, gjætla var snarare rekna for ei opplæring han ville ha gagn av framigjennom livet; han lærde å kjenne fjellet og fjellnaturen, og han lærte å kjenne krøttera og naturen deira og lærte å ha hôpne og tålmod til nyttigt arbeid.

seterreise

Seterreise. Bilde frå Else Fevolden/Vegar Skar

seterkyr

Seterreise. Bilde frå Pål Tamburstuen/Vegar Skar

Da det leid så langt fram i tida som til 1668, da den nye skyldsetjinga var frå seg gjord, hadde nok dei fleste Frongardane fløtta frå dei gamle seterbola sine, og etter som ein kan sjå av skyldsetjinga, var alle seterlag vi kjenner namn på nå, bygde.

Etter listene for Fron var setertalet i 1668 i alt 181, men da talet på dei gardane som hadde sjølvstendig brukar og oppsitjar var 226, var det 56 som ennå ikkje hadde seterbol. Derfor vart det stadigt frametter bygt nye seterbol, vel helst av dei mindre gardane, og mange av dei som hadde fløtta frå dei gamle, dreiv og bytta setrer, så det jamnt var omskifte. Dette omskiftet heldt ved gjennom lange tider etter 1668, visst i 3 mannsaldrar, men det var nå gjerne berre ein og annan garden som bytta om setrene ennå ein gong.

Talet på nye skyldsette gardar voks, og med dei vart det til kvar tid bygsla nye seterbol og derfor er det mykje omskifting både med namn og setertal etter 1668.

Setertalet i 1668 fall såleis på dei ymse sokna:

Søre Fron: 91 seterbol, Sødorp: 37, Kvikne: 22, Kvam: 30. Gardane i desse fire sokna var delte på desse 51 setergrendene såleis:

Sør-Fron:

Hovdeseter: 3. Vendalen: 18. Jensåsen: 15. Nyseter: 2. Steigseter: 1. Håkenseter: 6. Holsseter: 3. Rudlandseter: 1. Steigseter: 1. Valseter: 7. Hessa: 1. Radnin: 1. Fagerli: 1. Baukhol: 1. Gålå: 2. Årstuln: 2. Børkdalen: 4. Isumseter: 2. Kristenseter: 6. Heggeseter: 6. Tofteseter: 4.

1658352_439049176198509_750140071_o

Brandvolsetra med Sulsetra i bakgrunnen. I 1668 var det 7 setrer her.

Sødorp:

Rustskog: 1. Volln: 4. Fuglli: 5. Fefor: 1. Sandseter: 1. Loseter: 1. Øldalen: 2. Liseter: 1. Sulseter: 7. Lauvåsen: 3. Fiskdalen: 7. Gravdalen: 1. Skardalen: 1. Gålå: 1.

Kvikne:

Skjerdalen: 5. Silli: 3. Breitulen: 5. Nysater: 4. Tjønnseter: 2. Kampeseter: 3.

Kvam:

Gravdal: 4. Skårli: 1. Vetlseter: 2. Kleppdalen: 1. Tjønnseter: 5. Nyseter: 5. Hovda: 2. Lauvåsen: 2. Leinseter: 5. Vålåsjøen: 3.

Desse namna på setergrendene er omskifta og brigda på for sume og sume er vorte heilt borte. I 1907 var det tilsaman i båe Fronsbygdene 462 setre, 182 i Søre Fron og 280 i Nørdre Fron, etter 1668 har setertalet såleis vokse med 282, men ettersom talet på sjølvstendige skyldsette gardar med oppsitjarar i båe bygdene i 1907 var 572, 228 i Søre Fron og 344 i Nørdre Fron, var det 110 gardar det året som ikkje hadde seterbol. Heilt nøgje er ikkje dette talet, med det at berre dei setrene som var i bruk i 1907, er teke med, og det var truleg ein del som ikkje var brukte.

Mange av setrene som vart fråflytta, vart sidan brukte som «himsetre» til gardane, av det dei låg med bølinga der ein 12-14 dagar om våren før dei fløtta til dei rette sommarsetrene, og likeeins om hausten, når dei fløtta frå sommarsetra. Ein del av heimsetrene vart husmannsseterbol og ei og anna seld til smågardar.

 

Frå Fronsbygdin 1930. Publisert her første gong 6. februar 2016

 

 

 

 

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

One response to “Slik vart setrene til

  1. Halldis Aalvik Thune

    Heime i Hardanger, sa dei at: «Ein gard utan støl, er lønalaus. «

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s