Bli med Ivar Kleiven til den gongen budeiene sms´a med lur

Kalenderbilde frå Sør-Fron Lions Club
IVAR KLEIVEN: Seter og seterbruk har opphavet sitt heilt attende i dei grå forntidene i Noreg, og i Gudbrandsdalen er det gammalt som alle haugane. Kva tid dei første setrene vart bygde, kan ingen seie for visst, men at det er dei tusen åra sidan, er visst ikkje noko orimeleg.
Frå førsten av var det krøtterbeite og krøttermengda som stadig øykte seg, som skapte setrene. Beitet minka av nede i dei skogvokste dalane etter kvart som gardar vart rydda og nye kom til. Kvalmin og flye var ei stygg plage, og bølingane søkte lenger og lenger opp i liene, så dei ofte ikkje ville koma nedatt til kvelds. Derfor tok først ein og sidan fleire til å byggje ei firkanta stugu med ei trå attåt eit godt stykkje oppi lia ovanfor garden; hit kunne bølinga venjast til å koma attende til kvelds, bli mjølka og sett i trå om natta, så den ikkje var så utsett for odyr og ofrydskje som når ho gjekk på fri mark. Les meir