Når folk drog heim att, hadde mange fått fylt på brennevinsdunkane sine

«Men verst var vegen åt Kvikne. Frå Lo tok vegen oppigjennom Kongsli, og der kunne vi køyre berre med halve lass.» Postkort frå Kari Klevstadbakken/Vegar Skar.
PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Å køyre frå Kvikne åt Vetlhåmår tok minst to dagar. Det var berre ein gang om året vi gjorde bytur. Det var i mars. Vi køyrde nedpå isen synnafor Harpebrua og fòr som regel isen heilt nedpå utover Losna’n og åt Bådstø på Tretten. «Randkleivstromen» (strøm i Laugen ved Randkleiv i Ringebu) kunne vera farleg, men til vanleg køyrde dei der au. Tre og fire bønder slo seg i lag. Ingen reiste åleine. Les meir