Dette er den suverent mest lesne saka på heimesida til Fron historielag – av ein eller annan grunn. Ho vart publisert først gong i januar 2014. Så langt i juni 2019 er det 4223 som har klikka på ho. Nokon som kan forklare kvifor? Her er samlesida for alle sakene om Vis-Knut på denne heimesida.
EIVIND HOLEN: Knut Rasmussen Nordgaarden (1792–1876) frå Svatsum i Gausdal, var kjend for å ha synske og helbredande evner. Han spådde at kvinnfolka i framtida ville kle seg som karane. Bestefar min, Emil Holen, hadde klokketru på spådomane til Vis-Knut. Dette var ikkje så rart, for han høyrde far sin, Anton Tagestad, fortelje om desse før år 1900. Han opplevde òg at fleire av dei gjekk i oppfylling. Den mest berømte spådomen er den om Vinstraelva, som ein gong i framtida skulle renne gjennom Baukholshaugen. Som kjent går Vinstra nå i tunnel frå Skåbu til Baukholshaugen, der høgdebassenget til Nedre Vinstra kraftstasjon er sprengt inn i fjellet. Vis-Knut døydde i 1876, lenge før nokon hadde høyrt om kraftutbygging. Denne spådomen må derfor ha vore ein oppsiktsvekkjande påstand i hans levetid.
Som kjent påstod Vis-Knut at det skulle vere rike forekomster av sølv i Kyrakampen ovanfor Aulestad i Gausdal. Det vart sett i gang leiting medan Vis-Knut levde, men sølv fann dei ikkje. Bestefar var opptatt av denne spådomen og fekk far til å kjøre seg dit. Eg var ikkje med sjølv på den turen, men vart fortalt etterpå kva han hadde funne ut. Det var spor etter skjerp på tre stader der. På ein av stadene var det sprengt ein tunnel inn i ein bergknaus. Bestefar fortalte at det var så mykje sølv over alt der, at det var godt gjort å starte skjerp på tre stader som det ikkje fanst! Sølvet såg ut til å gå i årer, og den største åra gjekk rett under massehaugen som var teken ut av tunnelen! For eit år sidan las eg boka som Johannes Skard skreiv om Vis-Knut. Skard, som sjølv møtte Vis-Knut, nemner at det hadde vore usemje mellom Knut og karane som sprengde ut tunnelen. Han ville at dei skulle gå rett ned i fjellet på høgste Kyrakampen i staden for den horisontale tunnelen. Etter det bestefar fortalte, ville dei da truleg ha funne sølvforekomsten…
Fleire av Vis-Knut-spådomane som bestefar hugsar frå sin far, går på vårlevetid og tida framfor oss. Vis-Knut må opplagt ha «sett» oljeeventyret vi opplever i dag. Han gjekk bort på den tida utvandringa til Amerika tok av. Men han spådde om mineralrikdomane som skulle bli funne, og at Noreg ein gong skulle bli så rikt at amerikanarane ville kome hit. Men han sa vidare at rikdomsperioden skulle vere avgrensa, og etter den tid såg han ikkje anna enn hungersnaud og pest frå hav til hav. I dag treng ein ikkje vere spåmann for å sjå at dette godt kan gå i oppfylling. Økonomien i landet er heilt avhengig av oljeinntektene. Den innanlandske produksjonen av livsviktige varer blir avvikla, forsvaret blir redusert til ein parentes og om få år vil store delar av landbruket vere nedlagde om vi held fram med dagens politikk. Det ressurskrevjande industrilandbruket som måtte overleve, vil i ein krisesituasjon berre kunne produsere ein brøkdel av det det gjer i dag.
I ein annan spådom såg Vis-Knut at vegane skulle bli bygde, men det skulle ikkje bli nokon til å bruke dei. Smågrana skulle få tid til å vekse. Dette kunne vere tankekors for dei som styrer i dag.
Hei. Leste artikkelen med stor interesse. Er fra ei bygd sør i Nordland, inn mot grensen mot Sverige, Susendal heter den. Det kom folk fra deres kanter hit til bygda, i den tiden folk utvandret til Amerika. Men, tilbake til artikkelen, her har vi historier om at Vis-Knut så det var i kirke i Susendalskroken, og han skal ha uttalt om sølvressurser at «kalven ligger på Kongsberg, mens kua er i Susendal.» Noen som har hørt lignende.
LikarLikar
«Kalven på Kongsberg og kua på …, «, det har jeg hørt om to andre steder også, så dette må vel kunne kalles en «vandrehistorie» Tok noen steinprøver på ett av de (u)nevnte steden, ikke noe sølv i de steinene jeg hadde funnet. Men det kan jo være rett likevel…
LikarLikar
Hei.Det er nok en måte å si det på;sånn ble det sagt om Gullforekpmsten i Eidsvoll og-Kalven ligger i Gullverket,mens kua er i Mjøsa.
LikarLikar
Legger inn sprørsmålet ditt på Facebook-sida. Større sjanse for å få svar der..
LikarLikar
Jeg må legge til i artikkelen «Vis-Knut spådde rett» at bestefar brukte kluft(ønskekvist) for å påvise sølvforekomstene. Hvordan han gjorde dette er beskrevet i artikkelen «Å gå med kluften».
Eivind Holen
LikarLikar
Jeg ønsker å kjøpe bøkene om Vis-Knut.Kan jeg kjøpe dei gjennom Fron historielag ? Hva skal jeg foreta meg.? ☺
LikarLikar
Dessverre, historielaget har ikke gitt ut noen bøker om Vis-Knut. Søk på nettet og se om du finner noen av bøkene i et antikvariat.
LikarLikar
Etter det jeg vet er det skrevet to bøker om Vis-Knut.
Forfatterne er Ivar Fosse, Sør-Fron og Johannes Skard. J. Skard møtte Vis-Knut mens ha levde. Boka hans ble gjenutgitt i 1984 av Vis-Knut heimen venner i Gausdal. Foreninga eksisterer fortsatt etter det jeg vet.
Ivar Fosses bok er ei samling av Vis-Knut historier som levde på folkemunne. Sønnen til Ivar, Albert Fosse ga ut denne boka i 1941.
De beretningene jeg skrev om i Fronsbygdin er ikke nevnt i disse bøkene.
Eivind Holen
LikarLikar
Også Arvid Møller har skrevet en bok om Vis-Knut, og historielaget har fått tillatelse til å gjengi noe av den her på heimesida. Utdragene fins i Vis-Knut-mappa.
LikarLikar
Her er to spådommer fra Vis-Knut:
1. Den engelske marineoffiseren Henry T. Newton Chesshyre som bodde i Espedalen på 1850-tallet, utga i 1861 ei bok om sitt opphold i Norge. I boka, som er oversatt til norsk av Margaret og Ola Eggen, nevner Chesshyre at Vis-Knut presist forutså Slaget ved Sevastopol under Krimkrigen.
2. Drifta ved nikkelverket i Espedalen ble gjenopptatt på 1870-tallet. Vis-Knut sa da til verksarbeideren Peder Kalstadstuen:
«Døkk held på i geinom berre; kjem døkk inn i stamma vil døkk få slå nå anna. Knapt trur eg døkk kjem dit nå, men tek døm til tredje gongen, kjem døm til å halde på til verdens ende».
Spådommen er nedtegnet i 1907 etter Peder Kalstadstuen, og er nevnt i boka Nikkelverket i Espedalen skrevet av Iver Forseth
LikarLikar
2. Det var vel dette Knut sa. «Døkk held på i greinom berre, kjem døkk inn i stamma, vil døkk få sjå nå anna….» Så Knut har rett. Om dei enn har gått på skole, og enda ikkje kan skrive «reint», så kjem døm til å halde på til verdens ende. Det er det siste jeg sier her, for nå er påska over. 😉
LikarLikar
hei reidun…oppgjennom årene er det skrevet flere bøker og enda fler artikler om knut Rasmussen nordgaarden ..fra øvre svarttun i guldbrandsdalen(vis-Knut)…disse har skrevet om han johannes Skar….Ivar fosse..arvid møller..og til og med i en atikkel…selveste Bjørnstjerne Bjørnsen..ps.er ikke jan i slekt med han….jan har sikkert arvet hans pene hår….skal prøve og sende deg noe …om det ikke går…gå inn på Fron historielag…skriv vis-knut…..☕️🌹
LikarLikar
I kommentaren min fra 25. november 2015 har jeg dessverre skrevet feil. Beskrivelsen om hvordan bestefar fant metaller med kluft står i artikkelen
«Å gå med klufta». Hvis det ikke bokstaveres riktig kommer den ikke opp.
LikarLikar
Når en les om om Knut Rasmussen Nordgarden må en ha i minne at han hadde lest Bibelen. Ikke på den enkle måten at han hadde gått på skole, men hadde lært alt sjølv, uten først å kunne lese., med eigen innsats. Det finnes enda de som har den arv at en kan se at Norges stortings menn, og kvinner skal bli valgt for den de er, og ikke for hvilket «parti» de tilhører..
LikarLikar