Daily Archives: 24. juni 2019

Vis-Knut spådde rett

vis-knut

Dette er den suverent mest lesne saka på heimesida til Fron historielag – av ein eller annan grunn. Ho vart publisert først gong i januar 2014. Så langt i juni 2019 er det 4223 som har klikka på ho. Nokon som kan forklare kvifor? Her er samlesida for alle sakene om Vis-Knut på denne heimesida.

EIVIND HOLEN:  Knut Rasmussen Nordgaarden (1792–1876) frå Svatsum i Gausdal, var kjend for å ha synske og helbredande evner. Han spådde  at kvinnfolka i framtida ville kle seg som karane. Bestefar min, Emil Holen, hadde klokketru på spådomane til Vis-Knut. Dette var ikkje så rart, for han høyrde far sin, Anton Tagestad, fortelje om desse før år 1900. Han opplevde òg at fleire av dei gjekk i oppfylling. Den mest berømte spådomen er den om Vinstraelva, som ein gong i framtida skulle renne gjennom Baukholshaugen. Som kjent går Vinstra nå i tunnel frå Skåbu til Baukholshaugen, der høgdebassenget til Nedre Vinstra kraftstasjon er sprengt inn i fjellet. Vis-Knut døydde i 1876, lenge før nokon hadde høyrt om kraftutbygging. Denne spådomen må derfor ha vore ein oppsiktsvekkjande påstand i hans levetid. Les meir

14 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Menn