Monthly Archives: juni 2019

Frå Kvikne til Lillehammer i 1849

Når folk drog heim att, hadde mange fått fylt på brennevinsdunkane sine

Kongslipostkost

«Men verst var vegen åt Kvikne. Frå Lo tok vegen oppigjennom Kongsli, og der kunne vi køyre berre med halve lass.» Postkort frå Kari Klevstadbakken/Vegar Skar.

PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Å køyre frå Kvikne åt Vetlhåmår tok minst to dagar. Det var berre ein gang om året vi gjorde bytur. Det var i mars. Vi køyrde nedpå isen synnafor Harpebrua og fòr som regel isen heilt nedpå utover Losna’n og åt Bådstø på Tretten. «Randkleivstromen» (strøm i Laugen ved Randkleiv i Ringebu) kunne vera farleg, men til vanleg køyrde dei der au. Tre og fire bønder slo seg i lag.  Ingen reiste åleine. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Vis-Knut spådde rett

vis-knut

Dette er den suverent mest lesne saka på heimesida til Fron historielag – av ein eller annan grunn. Ho vart publisert først gong i januar 2014. Så langt i juni 2019 er det 4223 som har klikka på ho. Nokon som kan forklare kvifor? Her er samlesida for alle sakene om Vis-Knut på denne heimesida.

EIVIND HOLEN:  Knut Rasmussen Nordgaarden (1792–1876) frå Svatsum i Gausdal, var kjend for å ha synske og helbredande evner. Han spådde  at kvinnfolka i framtida ville kle seg som karane. Bestefar min, Emil Holen, hadde klokketru på spådomane til Vis-Knut. Dette var ikkje så rart, for han høyrde far sin, Anton Tagestad, fortelje om desse før år 1900. Han opplevde òg at fleire av dei gjekk i oppfylling. Den mest berømte spådomen er den om Vinstraelva, som ein gong i framtida skulle renne gjennom Baukholshaugen. Som kjent går Vinstra nå i tunnel frå Skåbu til Baukholshaugen, der høgdebassenget til Nedre Vinstra kraftstasjon er sprengt inn i fjellet. Vis-Knut døydde i 1876, lenge før nokon hadde høyrt om kraftutbygging. Denne spådomen må derfor ha vore ein oppsiktsvekkjande påstand i hans levetid. Les meir

14 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Den alltid blide Pål i Kjørkjestuggu

Hadde jobben med å pumpe luft til orgelet i kjørkja

60358343_2419387791459168_8820130034313330688_n

Slik såg det ut i bygda i 1969. Da var Pål 59 år. Kjørkjestugu er det raude huset uta vegen ved kjørkja. Bilde frå Egil Stakston

Godt døme på at mange skriv lokalhistorie på Facebook. Egil Stakston spør om nokon  «har noen historier eller bilde av den alltid blide Pål i Kjørkjestuggu. Med sin karakteristiske framoverlent gyngende gange med hendom på ryggen, var han lett gjenkjennelig etter vegen. Antrekket var som regel busserull, vømmølsbrok, beksømsko og skyggluve. Pål tok seg alltid tid til å slå av en prat når en møttes. Pål var døpt Paul Andreasen Rødalshaugen (1910-1993) og var nummer fire i en søskenflokk på seks fra Kjønås i Ringebu. Påls far, Andreas, var en eldre halvbror til søskene Petter, Gina, Ane og Anton som bodde i Kjørkjestugu.
Når og hva som gjorde at Pål flytta til kjørkjestugua er ukjent, men skriftlige kilder viser at de to yngste søskene til Pål døde da de var mellom null og ett år. Mor til Pål, Anna, døde i 1914 – 31 år gammel da Pål bare var fire år.

Egil Stakston får mange svar:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

– Ikke snakk om en seng på hver

Da Mathea Tofte fylte 90 år

mtGogLT 27.9. 1978: – Folk hadde mer omgang med hverandre før i tiden – og de var mer fornøyde. Det var tyle å være ung den gangen. Vi måtte nok slite, men vi syntes vi hadde det bra likevel, sier Mathea Tofte på Hundorp til G og LT  og minnes den tiden hun var ung. 90 år fyller hun i dag og har opplevd et langt liv med både lyse og mørkere dager. Hun bodde sammen med syv søsken på en liten husmannsplass på Hundorp: – Vi var fire gutter og fire jenter. Det var ikke snakk om en seng på hver da. Nei, vi måtte nok finne oss i å være både tre og fire unger i samme seng. Vi hadde tre kyr, ei kvige og rundt 15 sauer. Det var ikke noen stor buskap, men vi klarte oss. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Blir det eit tårn for Christoffer Stixrud?

skjermbilde202019-05-2120kl.2014.16.20

Skisse av det planlagte Stixrudtårnet.

Nord-Fron kommune vil gje dispensasjon til å bygge Stixrudtårnet i Sødorp. Kven var han, denne målaren som brukte dei fyrste krigsåra til å byggje nybrotet Temorka øvst i Sødorp? Det fortel Jon Steihaugen i ein artikkel i Fronsbygdin 2005:

62102984_1779014135535333_3780668717768114176_o

Christoffer og Olaug fotografert av Mabel Hage f. Løkken på Gutubakksetra på 1930-talet. Dei leigde dette selet før dei fekk bygd eige hytte like ved, ved Litlgardssetra. Foto frå Paul Henrik Hage

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Hematt etter pinse

SS-HHL-15069

«Ungdommens transport fra Vinstra efter stevnet i Pinsen 1912» er tittelen frå Maihaugen på dette fotoet frå H. H. Lie. Eit fantastisk bilde. Sjå klesdrakta. Alle har noko på hovudet, også dei karane som reiser oppå ei vogn med plank. Det er sikkert plass til syklane og kjerra. Og det veks gras på perrongen.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk

Bli kjent i Ruste 10. juni kl. 17.30!

Sandbu var den største garden i Ruste på 1600-talet. Tema for kvelden er historikken til denne garden og oppdelinga av den i fleire eigedomar. Ta med kaffi og litt å bite i. Det blir kaffirast på Sandbu. Turleiarar er Johannes Lunde, Lodver Bryhn og Anders Haugen. Frammøte på Sandbu. Velkomé!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon