Gudrun Lunde – to kvinnealdrar i omsorg for eldre

Her står Gudrun Lunde «på gjengrodde stier» på Veikle: «Det var ei tropp her, framfor det som var hovudinngangen til alders-avdelinga. Her kom oss med frukosten og kveldsmaten på brett frå kjøkenet. Foto: Kjartan Ruset.
KJARTAN RUSET I KYRKJEBLAD FOR NORD-FRON nr 3 2016: Gudrun Lunde hadde sommarjobb på aldersheimen på Veikle i Kvam sommaren 1952. Hausten 1953 vart ho fast tilsett, som fjortenåring. I 1962 flytte ho med til Nord-Frons nye aldersheim, Sundheim. Der arbeidde ho til 2012, dei siste åra på dispensasjon. Ho var 73 då ho gav seg! Imponerande 60 år i omsorgsarbeid. Sjølv trekker ho frå 10 år, dei åra ho var heime og hjelpte mor si då ho vart åleine, og eitt år i utdanning. 50 år er imponerande nok. Det kvalifiserte til Kongens fortenstmedalje, som ho vart tildelt i 2010. Les meir