Daily Archives: 18. april 2019

Dølen på ville vegar

dølenCARL HENRIK GRØNDAHL: Torsdag 11. april har Dølen eit intervju med den nye leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal. Intervjuaren, Tor Larsen, skriv at han ser av rekneskapen at salet av Fronsbygdin går litt treigare enn før. Det er feil. Litt meir research og han ville fått med seg at boksalet har aldri vore så bra. Så legg han attpåtil fram ei årsak til det han trur er dårleg sal:

Da er det vel legitimt å spørre om det har noe å gjøre med at dere har en nettside med et voldsomt bildearkiv og Fronsbygdin-artikler som dere gir gratis tilgang til.

«Voldsomt.» Det var nå eit lada ord. Bildearkivet er rikt og godt og omfattande, fordi Vegar Skar har gjort ein framifrå jobb med å skænne bilde som er samla inn. Tor Larsen meiner tydelegvis at historielaget må gjere som Dølen, leggje lokalhistorisk stoff bak ein betalingsmur. Berre medlemmar skal få tilgang til det som finst på denne sida. «Kvam Historiske Forening tar betalt for sin nettside og det de produserer. Bør ikke Fron historielag gjør det samme i denne digitale tidsalder?» spør Tor Larsen. Kva dei gjer i Kvam, er nå ein ting. Det store og gode med «denne digitale tidsalder» er at kunnskap, tankar og idear, forteljingar og historier nå er lett og fritt tilgjengeleg. Wikipedia, bibliotek, bøker, bloggar, Facebook, åpne heimesider. For avisene er dette litt av ei utfordring.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon