Sigurd Haraldseid, skule-, mål- og motstandsmann

Foredrag i Gammelbanken 24. april kl 19

Onsdag 24. april kl 19.00 vil sonen Olav Haraldseid fortelja om den allsidige livshistoria til denne aktive mannen. Møtet vil vera i Gammelbanken på Vinstra. På møtet blir det også litt allsong og musikkinnslag ved medlemar frå Vinstra Musikklag. Det blir servering av kaffi og biteti.  Inngangspengar 100 kr. Arrangør: Fron mållag.

Sigurd Haraldseid (1910-99) voks opp i Øyer og kom til Nord-Fron som framhaldsskulelærar i 1936. Han vart tilsett som lektor ved Gudbrandsdal off. landsgymnas på Vinstra rett etter starten i 1946. I 1964 fungerte han som rektor. I 1965 vart han rektor ved Hallingdal gymnas, men beheldt huset på Vinstra og flytta attende da han gjekk av med pensjon.

Under krigen spela han ei aktiv rolle i motstanden mot nazistyret, både gjennom etterretningsarbeid og oppbygging av Milorg i Nord-Fron. Under læraraksjonen i 1942 vart han arrestert og sendt til fangenskap i Kirkenes. Læraraksjonen var ein svært sentral motstandsaksjon som i dag er lite kjend.

Heile livet ivra han for dialektbruk og nynorsk skriftmål i Gudbrandsdalen. Han var ivrig medlem i både mållag, ungdomslag og historielag og hadde her mange tillitsverv.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s