Fin underhaldning på årsmøtet

Årsmøtet i år starta med underhaldning, og denne gongen hadde historielaget engasjert den nystarta visegruppa på Vinstra. Den består av Liv Larsen, Nils Hagen og Lillian Granberg. Dei turnerer Gudbrandsdalen med både lokale og nasjonale viser på repertoaret.  Det er Liv og Nils som står for det musikalske, medan Lillian framfører dikt. Dei er svært dyktige og skapar god stemning og trivelege stunder der dei kjem. Det er spesielt stoff etter Vidar Sandbeck som dei har fokusert på til no. Denne kvelden var det Liv og Nils som underheldt oss med godt og variert stoff. Vi fekk bl.a. høyre «Hans og Hånån» i original drakt. Altså med den gamle melodien av Pål Kluften. Dessverre har vi ikkje opptak av den no, men her skal publikum få høyre den vakre «Menuett i mai» av Sandbeck. Det passar vel bra no når våren er i emning.

Kommenter innlegget

Filed under Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s