Bil, men ikkje pengar? Camping!

b09102016id95024f1dqjtkublinri

Oppstad camping, Kvam. Postkort

Vil nokon skrive i Fronsbygdin om ein eller fleire campingplassar i Fron, tek redaksjonen gjerne i mot. Da krigen var slutt, dukka det opp ein ny type turist. Folk som hadde råd til å kjøre bil, men som ikkje hadde råd til å bu på hotell og pensjonat. Lysta til å reise var stor, men pengane var få. Difor vart campingturisme så populært, sjølv om det kunne vere eit vågestykke å leggje ut på langfart med nedslitne, gamle bilar. Hausten 1960 vart bilimporten fri, og dette førte til enda fleire bilar på vegane om sommaren. Snart var det ikkje uvanle gå sjå kvite pyramidetelt i skogsholt. Her galt det å tilpasse seg marknaden. Mange var viljuge til å satse, og snart dukka det opp kioskar, skilt med overnatting og nye teltplassar – også i Fron.

1479532_417689521667808_704793651_n

Veidarvon. Campingplass frå 1937 til 1949?

Den fyrste leirplassen i Fron som er registrert i vegboka til NAF, er underleg nok Veidarvon på Toftsetra. Den er med alt i 1937, men er borte i 1949.

Her fortel Ragnar Øvrelid historia om Bøygen camping.

10665779_559304260839666_4622025419013281260_n

Bøygen camping 1979

Denne lista over campingplassar i Fron er basert på vegboka til NAF og er neppe komplett. Det verkar også noko tilfeldig kva campingplassar som er med i dei ulike utgåvene av boka. Stjernene og talet på hytter er henta frå vegboka i 1982 og 1989.

Frya leirplass, Frya
Enden camping, Frya (*) 27 hytter
Heimtun camping, Frya () 10 hytter, kiosk
Fryatun motell/camping
Oden camping, Sør-Fron () 10 hytter, kiosk
Heggerud camping, Harpefoss
Furuheim camping, Vinstra () 11 hytter, kiosk
Bøygen camping, Vinstra (***) 24 hytter, kiosk
Moløkken leirplass, Kvam
Teigen camping, Kvam 7 hytter
Rustom camping, Kvam
Brendeløkken camping, Kvam (**) 5 hytter kiosk
Oppstad camping, Kvam, hytter
Botten leirplass, Kvam

Sjå også Fronsbygdin 2004, side 31 om campingplassen i Skåbu

Frå Fronsbygdin 2015, som ôg har ein samtale med Bjørg Askermann, som i mange år dreiv campingplass med hytter på Frya.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s