Teater vart eit tabu!

Per Tofte fortel om vegen fram til Peer Gynt ved Gålåvatnet

29432199_1763271923712043_2997399367402389504_n

Per Tofte som Peer Gynt ved Gålåvatnet

PER TOFTE: Korleis kunne det ha seg at eg fann på å bli skuespellar, eg som voks opp i ein liten avsidesliggande sidedal til Gudbrandsdalen, odelsgut til og med, på ein bratt gard med utsikt berre til granskogen borti Hovdlimorka og opp på Nårkampen, der sola stod opp i min barndom, akkurat som ho gjorde den dagen salig Heilag Olav var på besøk som snøggast i dalen. Vel, forklaringa på kva ein blir til, er samansett, og vi skjønar det kanskje fyrst når vi blir eldre. Eg innbiller meg iallfall at eg alt som liten ville bort, ville bo ein annan stad.

I 2014 laga TVØst og Kari Bay Haugen eit portrett av Per Tofte ved Gålåvatnet:

Og eg lykkast første gongen da eg som ti-åring fekk dokter Nyseth til å tru at eg hadde blindtarmbetennelse, for da visse eg at eg iallfall ville koma til Lillehammer. Når eg som liten var ute og kjørte med far, sa folk om meg som satt oppå lasset: «Og der sit gardguten, ser eg!» da syntes eg aldri det gjaldt meg. Og eg synte vel heller aldri nokon stor lyst for gardsdrifta heller. Men eg var med og gjorde arbeidet på garden, akkurat som dei andre søskena.

Det må ha vore tungt for far å få ein slik gardgut. Livet hans var garden, det, arbeidet der var hans meining med livet. Min hug stod til noko anna, noko ubestemt, men ein heilt annan stad. Og eg meiner eg fekk den ideen med morsmjølka.

Mor var på mange måtar ein framand fugl oppe i Toftgardom. Ho og far hadde hamna der utan at det hadde vore deira meining frå fyrst av. Men sjukdom og dødsfall i familien – og slektstradisjonen som vel kravde at far tok over – avgjorde det. Mor hadde vokse opp ein besteborgarleg heim i Halden. Ho var den eine av berre tre jenter som tok artium i byen der det året. Ho spelte piano og song med ljos sopran, når ho meinte ingen hørte henne. For slikt høvde seg slett ikkje oppi der. Ho hadde ofte ei god bok liggjande, om det skulle bli ein gløtt til lesing innimellom alle gjeremål. Hennar interesser og blikk var vendt utover. Og det er nok henne eg har det frå. Eg vart påverka av hennar lengsel, drømmen ho hadde om noko anna. Trur eg.

Her kan du sjå Per Tofte lese frå denne artikkelen i Fronsbygdin 2015:

Den neste forklaringa er at eg fekk gå på Gudbrandsdal landsgymnas, som var som eit humanistisk akademi den gongen, eit forholdsvis lite og intimt miljø, der trua på kulturens verdi var udiskutabel. Det vart og spelt teater der, som eg alltid var med i. Besøk av Riksteatret var ein begivenhet, som vart omtala i norsktimane både før og etter. Og eg hugsar ennå kor sterkt det slo ned i meg fyrste gongen eg vart fascinert av verkeligheta på scenen, det var noko med menneska i scenelyset som fengsla meg. Eg hører ennå den såre stemmen til skuespellarinna Edel Ekblad, da ho ropte ut gjennom døra etter hunden sin: «Kom tilbake, lille Sheba!»

Her kan du sjå Per Tofte sin kabaret Peer, du lyver i NRK-opptak:

(Klikk på skrifta, ikkje på bildet)

Skjermbilde 2019-02-10 kl. 16.16.50

Etter artium måtte eg velje vegen vidare. Ein har gjerne store og høgverdige tankar i den fasen av livet. Og ein skal ha det! Eg trudde på teatret nesten som eit tempel, der det vart forkynt noko vesentleg om menneskelivet. Eg såg på teatret som noko edel og opphøgd. Difor ville eg bli skuespellar, eg ville vera med på noko eg såg som viktig. Å bli kjend og kjendishysteriet vi har nå, var ikkje slikt vi tenkte da.

Men eg hadde ikkje økonomi til å begynne på ei treårig teaterutdanning. Så eg tok eit år som lærar i ei skogbygd i Trøndelag for å leggje meg opp startkapital. Etter dette året skulle eg kunngjera planane mine heime. Mor måtte bringe det vidare til far, og det vart virkeleg krise. Far sa ikkje eit ord til meg, men mor fortalde at han tok dette så forferdeleg tungt og reagerte så sterkt at ho trygla og bad om eg ikkje kunne finne på noko anna. I vårt miljø ville dette bli ei stor skam. Temaet skuespellar og teater vart eit tabu, som aldri måtte nemnast meir.

Eg måtte begynne på noko anna som kunne tilfredsstille mi lyst til å koma meg ut. Eg begynte på filologi for å lære språk, det ville vel bringe meg ut i den store verda. At det var eit sju års studium, torde eg ikkje nemne, men alt anna var mindre skandaløst enn å bli skuespellar, så det vart ikkje kome nærmare inn på det. Eg tok faga engelsk og norsk og avslutta med fransk som hovedfag. Fransken førde meg til mange studieopphald i Frankrike, og det kom til å prege meg for resten av livet. Samtidslitteraturen med Sartre og Camus i spissen hadde gjort meg godt kjend med eksistensialismens påbod om at ein skal velja sitt liv. Nå var det opp til meg å gjera nettopp det. Eg ville ikkje koma i den situasjonen som eg hadde hørt om så mange gonger i oppveksten, at ein skulle ha gjort noko anna her i livet.

Her er Per Tofte som stri, gammal frøning i julereklame:

 

Eg melde meg i all hemmelighet til opptak på teaterskulen. Meldinga om at eg ikkje hadde kome inn, slo meg heilt ut. Eg var kvalm og knust. Fordi ingen visste om at eg hadde søkt, hadde eg ingen å betru meg til heller. Men eg ga ikkje opp. På den tida hadde mange teatre elevskule. Eg vart elev ved Trøndelag Teater. Eg hadde slått inn på den smale veg. Det å plutseleg skulle stå på scenen i ein profesjonell samanheng var ei påkjenning. Eg kjende meg slett ikkje kvalifisert. Å spelle profesjonelt teater er eit fag, som må lærast gjennom tid.

Peer Gynt

Den heilt store begivenheta i teaterlivet mitt var Peer Gynt ved Gålåvatnet. Eg spelte Peer dei seks fyrste somrane. Første året da vi kom fram til generalprøva, stilte eg til prøve på Riksteatret om morgonen. Deretter tok eg ettermiddagstoget til Lillehammer, vart henta i bil av ordførar Stenseng og kjørt opp. På premiera dagen etter, ein torsdag, regna det litt i begynnelsen, men auka på til striregn mot slutten. Alle dei bortimot 2000 tilskuarane vart sitjande stykket til endes. Vi hadde vunne mot alle odds.

toftepeer-1

Neste dag måtte eg stille til prøve på Riksteatret. Da eg ved tre-fire-tida om natta, og etter premierefesten vår, skulle gå på natt-toget på stasjonen på Vinstra, stod to jenter med ein blomsterbukett og venta på meg på perrongen. Dei var journalistar i Gudbrandsdølen og hadde med seg fyrsteutgava av dagens avis. Der var forestillinga slått opp med krigstyper over heile første sida:  «Tidenes største Peer» og stort bilde av Rut Tellefsen og meg i «Åses død.»

per2btofte2bsom2bgamle-b25c325b8r_2

6. oktober 2018 hadde Per Tofte sin siste premiere, 83 år gammel, som Gammel-Bør i Johan Falkbergets Bør Børson på Innlandet Teater. Foto: Teater Innlandet

Dei seks somrane som Peer står som eit heilt uutsletteleg minne. Å gestalte dette menneskelege livsløpet der oppe i den veldige naturen, skinnanda sol eller stritt regn og fram til svarte natta, er noko ein skuespellar aldri får oppleva maken til. Publikumsresponsen, aviskritikken og tilbakemeldingar frå enkeltmenneske er alt saman noko eg ber med meg som ein dyrebar del av livet mitt. At heimbygda påskjønna innsatsen med kulturpris, og likeså at eg fekk Kulturprisen for Gudbrandsdalen, er slikt som eg er umåteleg takksam for.

Redigert utdrag frå artikkelen «Frå Steingeilen til Champs Elysees» i Fronsbygdin 2015.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s