Erling Tagestad og Oliver Bakstad er kjentfolk på turen

Med Dagningen i Augeldalen var Erling Tagestad og Oliver Bakstad. Her er dei på nybrua, som Harpefoss idrettslag, dei og andre gode hjelparar har bygt over Augla nedanfor Bakstad.
DAGNINGEN 17.10.1991: Dalføret opp frå Jensbakken på Sør-Fron er ei av dei mange markerte «bekkekløftene» i Gudbrandsdalen. Denne dalen, Augeldalen, er frå gammalt intenst utnytta. Den har gitt beite – spesielt til dyr frå dei mindre bruka i området. Vatnet i Augla er nytta til kvernhusdrift og til anna behov på gardar med vassrett, i dette tilfelle på Rudi. Ikkje mange bruker denne sørvendte dalen i dag. Men Harpefoss idrettlag, og først og fremst Asbjørn Nustad, er nå ei drivkraft i å gi dalen nytt innhald. Les meir