Historia om kuffertkremmaren Olai Olsen, som ôg var lokalavis

Det har ikkje vore råd i finne eit foto av Olai Olsen. Men dette bildet frå Domkirkeodden fotoarkiv syner to kremmarar som syner fram varene sine
GUNNAR LIEN: Eg kjem i hug Olai Olsen (1892-1974) som en høg senesterk kar med mørkt kraftig hår som vart grått med alderen. Som oftast gjekk han kledd i en stor frakk, og det er som kuffertkremmar Olai fyrst og fremst blir hugsa. Da han vart sengjeliggjande og ikkje kunne klare seg sjølv heime lenger, fekk han plass på Sundheim på Vinstra, der han døydde 13. mai 1974, 82 år gamal. Og sjølv om det da var gått fleire år sidan han hadde vore ute og gått med kufferten sin, var det mange i bygda som kom til å sakne han. Olai hadde liksom vore ein frisk pust i bygdamiljøet, ein kar som var mykje omtala, ja, på sin måte var han ein personlegdom.