Godt tips til politiavhøyr

Han gamle Iver Grosberg var halden for å vere ein som kunne noko meir enn sitt Fadervår. Så vart det stole i Grosberg ein gong, og han Iver samla tenestefolket og husmennene omkring seg. Han tok ei tjukk fjøl og teikna eit auga på den. Så tok han eit stempel, sette det mot auga og var klar med ein hamar. Alle som var til stades stod med attletne augo, og med det same slaget fall mot fjøla, skulle tjuven miste synet på eine auga. Jau, slaget fall og det vart heilt stille ei stund. Men så kom det frå ein av husmennene: «Ha, ha! Eg fekk opp att auga eg, au lell.» Såleis kom tjuven fram den gongen.

Henta frå Om trolldom og roning og ei gamal svartebok her på heimesida

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s