Monthly Archives: desember 2018

Vi er alle Fron historielag!

Skjermbilde 2018-12-31 kl. 10.47.49Stadig fleire spør historielaget om hjelp til å finne slektningar frå fjerne tider. Eller anna dei vil ha svar på. På Fjesboksida: «Kan historielaget hjelpe meg…»  Styret i Historielaget og vi som driv publikasjonane, har ikkje den kompetansen, men det har lesarane. Folk får svar, og dei får utfyllande svar. Vi vil nytte dette høvet til å takke alle som legg tid og engasjement og kunnskap inn i denne spennande marknadsplassen for lokal- og slektshistorie! Viktige bidrag til identitet og kvalitet.

Og godt nytt lokalhistorisk år til dykk alle!

Her er nokre døme på spørsmål og svar: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Lillebror overtar storebror

Mest lest på heimesida i 2018: Fortellingen om hvordan Wadahl-familien bygget det som ble kåret til Norges beste høgfjellshotell i 1991

w1

I juni 2018 overtok Wadahl Høgfjellshotell driften av Gålå Høgfjellshotell. Det ville ingen trodd for 50-60 år siden. Da var Wadahl lillebror. Her er utdrag av den interessante historien om hvordan Wadahl fikk en så solid posisjon, hentet fra heftet Familiehotell Wadahl. Hotellfamilien i 1991, skrevet av Bjørn Pahle, som var Norges turistsjef i Danmark fra 1953 til 1987. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Godt tips til politiavhøyr

Han gamle Iver Grosberg var halden for å vere ein som kunne noko meir enn sitt Fadervår. Så vart det stole i Grosberg ein gong, og han Iver samla tenestefolket og husmennene omkring seg. Han tok ei tjukk fjøl og teikna eit auga på den. Så tok han eit stempel, sette det mot auga og var klar med ein hamar. Alle som var til stades stod med attletne augo, og med det same slaget fall mot fjøla, skulle tjuven miste synet på eine auga. Jau, slaget fall og det vart heilt stille ei stund. Men så kom det frå ein av husmennene: «Ha, ha! Eg fekk opp att auga eg, au lell.» Såleis kom tjuven fram den gongen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Fron historielag til heile verda

Skjermbilde 2018-12-26 kl. 22.21.53

Her bur dei, alle dei som var vore på besøk på denne heimesida til Fron historielag i 2018. Frå land med grå farge har det ikkje vore nokon, slik som t.d. Nord-Korea, Cuba og Grønland, ingen på Svalbard, ingen frå det mest urolege Midt-Austen, manglar nokre land i Sør-Amerika og mange i Afrika, men elles må ein vel seie at historielaget når ut til heile verda med heimesida si.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

God, gammal jul!

Med desse gamle julekorta – som verkeleg har julestemning – frå FB-sida Det Gamle Norge ønskjer Fron historielag ei fredeleg julehelg for alle medlemmane våre, for alle som blir medlem i 2019, for alle som er interesserte i lokalhistorie – og for alle lesarane på denne sida.

10850011_849600721765361_2126908618449623010_n

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Julegave til Kvam, sinne på Otta

Sponplatefabrikken vakte reaksjoner

Skjermbilde 2018-12-18 kl. 15.34.34.png

Flagg gjekk til topps da Kvam fekk fabrikken, men ikkje ein gong gode tankar frå presten i Kyrkeblad for Nord-Fron i 2013 kunne berge han 45 år seinare.

DAGNINGEN laurdag 10. desember 1966: Hva skal dette bety? Mange stilte seg det spørsmålet i Kvam i går etterhvert som man kunne iaktta at det ene flagget etter det andre gikk til topps rundt i bygda. Men lang tid gikk det ikke før alle var klar over hva som lå bak denne flaggheisingen: Sponplatefabrikken skal bygges i Kvam. Beslutningen ble fattet på styremøte i A/L Orkla Skogindustri i går formiddag. Fabrikken vil koste 20 millioner kroner, og byggarbeidet vil ta til våren 1967.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Klengenavnet Hyttebyen

Pål Kluften om «de velhavendes folkevittighet»

44715836_2109167425814541_7070770411335581696_n

PÅL KLUFTEN: Ved Kongeveien mellem Sør-Fron kirke og Hundorp er et strøk som før i tiden kaltes «Hyttebyen». Navnet var selvsagt et klengenavn, fordi her var mange små stuer samlet, noen uten og andre med en liten jordlapp omkring. «Hyttebyen» var forresten ikke alene om å ha den slags klengenavn, f.eks. Sorperoa i Nord-Fron og Gjeldsetra i Ringebu søker nok også sin opprinnelse i at de med jordisk mammon ikke så rikt utstyrte småledninger som har hatt sitt tilhold der, har vært skyteskive for en mere velhavende folkevittighet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Ein hovding som ruvde!

Den dramatiske soga om Steiga-Tore

Steiga-Tore og Håkon Torefostre rir over Dovre. Måleri i Einbu-salen på Dale-Gudbrands gard.

IVAR KLEIVEN: Steiga-Tore var den mektigaste mannen som Gudbrandsdalen nokon gong har fostra. Om han ikkje synte fram dei beste sidene av folkelynnet til gudbrandsdølane, så lyt ein døme han etter tida som ho var, berre vel 70 år etter at kristendomen var komen til landet med tvang. Kor som er, var han ein hovding med ein vørnad og age, som rakk mykje vidare enn Gudbrandsdalen. Steiga-Tore var ein uroleg hause, sløg, grisk etter penning, men ein hovding som ruvde og hadde makt til å lede dølane dit han ville. Og døl var han tvers igjennom med eit breitt, fleipfullt ord på tunga om det såg aldri så mørkt ut.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Pass deg for om´ Tor Graupslåen!

Far hans vart ihelskote, og sjølv kunne han binde eller løyse Fanden

fanden

Fanden eller Tor Graupslåen? Otto Sindings teikning til eventyret Fanden i nøtta

IVAR KLEIVEN: Tor Graupslåen skulle vera av fantslekt. Far hans, Jakop, rakte som langfant i ymse bygder til han vart ihelskote på fjellet mellom Fron og Valdres. Når Jakop helt seg roleg i heimbygda, budde han i Graupslåen og bar seg støtt for at han var låk, gjorde seg kreksot og armodsleg. Kvar gong han var ute og rakte etter dei gamle Kviknevegane og møtte folk oppå høgste åsane, der dei heldt kvile, var det ille vore med han, og da letta det svært for Jakop dersom dei slog på han ein dram av lommeflaska. Øyket han Jakop for og rakte med etter vegane, var støtt velstelt og holdaug, så den gjorde han ikkje synd på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

– Huldra fløtte inn att når oss reise ned

TVØST laga reportasje frå julemarknad på Tagestad seter i 2014

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk, Setring, Verksemder