Nei til Hundorp!

På tide å få til rett namnebruk i Sør-Fron

Skjermbilde 2018-11-11 kl. 12.08.53

«Tettstedet Hundorp» skriv Multikonsult i denne utgreiinga frå 2016. Dei har ikkje høyrt på signauren G.H.

G.H. I GUDBRANDSDØLEN 4.9.1986: Eg veit ikkje når det har vorte kutyme å utvide bruken av namnet Hundorp til å gjelde eit større område enn garden Hundorp. Men sidan kommuneadministrasjonen og posthuset ikkje ligg på grunnen til Hundorp gard, kan det ikkje vere nokor meining i at Hundorp skal nyttast som postadresse og namn på kommunesenteret. Hundorp ser ut til å ha overteke som namn på Sør-Fron, eller rettare på Sør-Fron sentrum. Med uttrykket «På Fron » meiner i alle fall eg området kring Sør-Fronkyrkja og kommunelokalet, strekninga mellom Hundorp gard og Augla. Hundorp er ikke anna enn namnet på ein gard.

Sør-Fron er vel den kommunen i dalen som har hatt minst sentrumsbusetnad/kommunesentrum. Eg rår kommunen til å ta ned vegskilta med «Hundorp» og i staden få opp skilt med «Sør-Fron» eller «Sør-Fron sentrum».

Ein kursplan frå AOF som kom i posten her ein dagen, opererer med Hundorp som grende eller bygdenamn. Det er feil. På lysningssidene i avisa har eg merka meg «Hundorp Bingo.» Sidan denne bingoen har tihald på Sør-Fron kommunelokale, burde «Sør-Fron Bingo» nyttast. Eg stiller meg elles tvilande til namnet «Hundorp Musikklag.»

 

Skjermbilde 2018-11-11 kl. 12.08.28

Nei, iflg Multikonsult defineres Hundorp i dag av kommunehuset og parkeringsareal.

Det må vere ei opppgåve for kommunestyret, historielaget og ikkje minst bygdefolket sjølv å få til rett namnebruk i Sør-Fron.

hundorp

Det var vel ikkje kommunehuset dei valde?

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s