Daily Archives: 11. november 2018

Nei til Hundorp!

På tide å få til rett namnebruk i Sør-Fron

Skjermbilde 2018-11-11 kl. 12.08.53

«Tettstedet Hundorp» skriv Multikonsult i denne utgreiinga frå 2016. Dei har ikkje høyrt på signauren G.H.

G.H. I GUDBRANDSDØLEN 4.9.1986: Eg veit ikkje når det har vorte kutyme å utvide bruken av namnet Hundorp til å gjelde eit større område enn garden Hundorp. Men sidan kommuneadministrasjonen og posthuset ikkje ligg på grunnen til Hundorp gard, kan det ikkje vere nokor meining i at Hundorp skal nyttast som postadresse og namn på kommunesenteret. Hundorp ser ut til å ha overteke som namn på Sør-Fron, eller rettare på Sør-Fron sentrum. Med uttrykket «På Fron » meiner i alle fall eg området kring Sør-Fronkyrkja og kommunelokalet, strekninga mellom Hundorp gard og Augla. Hundorp er ikke anna enn namnet på ein gard.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk