Slik temmer ein lystene!

Når gode råd er dyre

BulllystFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:Det var for lenge sidan. Det var med bestemor var ungjente. Og ho tente på ein gard. Så var det ein dag det kom ein framandkar til gards som gjekk og selde nokre småsaker. Og så kom bestemor inn, og han byrja å tale med ho. Han spurde etter om han skulle få liggja der om natta. Han skulle nå få det. Bestemor lå i fjøset. Så var det da ho skulle av stad og leggja seg, så sa han: – Eg trur du kjem i natt åt meg, og. – Nei, det trur eg ikkje, sa ho. – Ja, skal me våge? sa han. – Det kan oss, sa ho og så vart dei forlikte om kor mykje dei skulle våge. Men da ho hadde lagt seg fekk ho ikkje sove, og tykte at ho laut inn til han. Og så fortalde ho det til ei gamal ei som var med ho. Men så sa den gamle: – Du har vel ikkje ein kniv eller ei saks? Jau, så hadde ho ei saks. Og så klipte ho av tre neglar av ei hand, tre neglar av ein fot og tre hår. Så tok dei ved og gjorde opp varme på ei helle og brende det opp. Og da vart ho ikkje lenger så huga etter honom, og ho fekk sova. Men om morgonen da ho kom inn, glåmde han på ho og undra seg. Men ho fekk det ho hadde våga av han.

Du finn alle segnene på ei samleside.

Publisert her først gong i juni 2014

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s