Det er vondt å bli gammal

Heilt fram til 1930-åra kunne du bli auksjonert bort

Først etter 1900 vart det forbode ved lov å bortauksjonere fattige. Men systemet var seigliva, og fekk ein ny oppsving i mellomkrigstida. I 1930-åra kan vi finne annonsar i avisene om slike auksjonar. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Anders Jensen, nå på Rudi, er gammal og ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ingen av folket hans vil ta han til seg, og han har ingen livsarvingar. Han har gitt seg under Anders Jonsen Rudi, som har lova han underhald livet ut, og ei ærleg gravferd. Anders Rudi skal ha det vesle som blir att etter han.  Les vi i 1736. Dei gamle greidde seg tydelegvis bra på dei vanlege gardane. Verre var det på husmannsplassane. Dei fleste husmennene fekk stå på så lenge det var helse og liv i dei, gjerne med litt hjelp frå gardsfolket. Det kunne også vere tungt for den som overtok ein husmannsplass å greie krava til føderådsfolket. Ein husmann i Kvam svarte i 1800 til foreldra: 4 tønner korn, 2 mæler rug, 2 ku- og 8 sauefôr, 1 pund salt, 1 pund flesk, 2 par sko, ei skjorte til faren, det eine året av strie, det andre året av lerret, hamp til mora. Varmt hus, oppvartning, sømmeleg gravferd.

Verst stilt var dei gamle som ikkje hadde jord, som ikkje var gifte, som ikkje hadde barn. Mange av dei måtte by seg fram, om nokon ville ta dei i underhald mot å overta det vedkomande måtte eige. Denne forma for alderspensjon kalla dei framfødsle, eller fletføring. Dei som måtte gi seg under andre på denne måten, vart umyndiggjorde. Alternativet til hjelp frå slektningar, eller fletføring, var å kome på legd, slik fattigkommisjonen ordna det. Legdsystemet heldt seg i Sør-Fron til 1903, enda fattiglova frå 1863 sette forbod mot det. Stengare påbod kom i lova frå 1900, så frå 1903 vart all fattighjelp i Sør-Fron gitt i pengar, utlikna på heile kommunen, ikkje på kvar krins som tidlegare. Sør-Fron fekk sin kommunale gamleheim, eller fattigheim som dei sa, på Grov, i 1910. Den var i bruk til 1939. Bortauksjonering av fattige til private var mykje nytta. Dei som forlangte minst for å ta seg av dei fattige (som ofte var barn), fekk tilslaget. I 1866 var 77 fattige bortauksjonerte i Fron. Fattiglova av 1900 forbaud denne handelen. Men systemet var seigliva, og fekk ein ny oppsving i mellomkrigstida. I 1930-åra kan vi finne annonsar i avisene om slike auksjonar. Den vanlege løysinga for tilårskomne folk i bygda som hadde gitt frå seg garden, var føderåd, eller kår, som det også heiter. Føderådet skulle skaffe hus og mat, etter varierande krav, og «en sømmelig gravferd», som det alltid står. Skikken er gammal, vi finn den i diplom i bygda frå mellomalderen. Frå 1600-åra vart kontrakten skriftleg, og innført i panteboka. Einar Hovdhaugen og Arnfinn Engen har vist desse stega i føderådsordninga:

I tidlege tider budde dei gamle saman med gardsfolket, i felles hushald. På 1700-talet fekk dei gamle gjerne eitt eller fleire rom og stelte seg sjølve. Kring 1800 kom skikken med eigen føderådsbygning, og med aukande krav til ytingar med tilhøyrande krangel, som ofte hamna i forlikskommisjonen. Føderådspliktene vart nå ofte så store at ungefolket fekk problem med å overta garden.

Klokkar Anders Viborg kjøpte Grov i 1799, og måtte ut med dette føderådet: 16 tønner bygg, 1 1/2 tønne rug, 1 mål åker av beste sort, kjøt, flesk, salt, tørrfisk. 4 ku- og 12 sauefôr. 4 riksdalar til tobakk (ei årsløn for ein lærar var 12 rdl.). Våningshus, vedskjul, stabbur, loft, bruk av eldhus, tørkestove, kvern og sag. 20 famner ved. 12 våger høy. Hest til fritt bruk, i og utanom bygda. 12 alner strie, 12 alner hampelerret. Humle. Grønsakhage. Ikkje rart at klokkaren måtte gå frå garden etter fem år.   Aldring har blitt ulikt definert gjennom tidene. I den første folketellinga i Norge, i 1769, var den eldste aldersgrupperinga «48 år, og over». Da høyrde 18% i Fron til denne gruppa, 8% menn og 10% kvinner. Kvinnene vart eldre, da som nå. Det mest vanlege i den tida var vel å rekne som gamle dei som var over 60 år. Vi kan gruppere prosenttala på frøningar over 60 år slik: I 1769:  7% av befolkninga I 1801: 10% av befolkninga I 1865: 11% av befolkninga I 1980-åra var 24% av befolkninga i Sør-Fron over 60 år. Folk blir stadig eldre.

Publisert her første gong 22. januar 2015

Éin kommentar

Filed under Jordbruk

One response to “Det er vondt å bli gammal

  1. Marit Tardy

    Tiden har heldigvis blitt bedre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s