Daily Archives: 6. oktober 2018

Det er vondt å bli gammal

Heilt fram til 1930-åra kunne du bli auksjonert bort

Først etter 1900 vart det forbode ved lov å bortauksjonere fattige. Men systemet var seigliva, og fekk ein ny oppsving i mellomkrigstida. I 1930-åra kan vi finne annonsar i avisene om slike auksjonar. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Anders Jensen, nå på Rudi, er gammal og ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ingen av folket hans vil ta han til seg, og han har ingen livsarvingar. Han har gitt seg under Anders Jonsen Rudi, som har lova han underhald livet ut, og ei ærleg gravferd. Anders Rudi skal ha det vesle som blir att etter han.  Les vi i 1736. Dei gamle greidde seg tydelegvis bra på dei vanlege gardane. Verre var det på husmannsplassane. Dei fleste husmennene fekk stå på så lenge det var helse og liv i dei, gjerne med litt hjelp frå gardsfolket. Det kunne også vere tungt for den som overtok ein husmannsplass å greie krava til føderådsfolket. Ein husmann i Kvam svarte i 1800 til foreldra: 4 tønner korn, 2 mæler rug, 2 ku- og 8 sauefôr, 1 pund salt, 1 pund flesk, 2 par sko, ei skjorte til faren, det eine året av strie, det andre året av lerret, hamp til mora. Varmt hus, oppvartning, sømmeleg gravferd. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk