Monthly Archives: oktober 2018

Oud, Givervolden og Espeland

Alt er klart for Fronbygdin 2018 torsdag kl 19

visuals-000022404770-alrdjs-original

Kva er oud? Vert kalla instrumentenes konge, namnet al-oud kjem frå det arabiske ordet for tre, kom til Europa frå Nord-Afrika, er ein forgjengar for lutten, og det spelast av ein kar frå Hundorp. Han heiter Andreas Vangen Andersen, og du kan høyre han torsdag på biblioteket Vinstra, der du ôg er med på lanseringa av Fronsbygdin 2018. Andreas Vangen Andersen gjekk på VVS og har studert ved Norges musikkhøgskole.
Dette er 15. utgåva av Fronsbygdin, boka er tjukkare enn vanleg, og redaktør Rasmus Stauri deler nokre tankar etter desse 15 åra. Småbruket Givervolden i Sorperoa forsvann da ny E6 kom, Tor Larsen har skrive om småbruket, og du kan høyre han fortelje historia. Og sjølvsagt har Gard Espeland som vanleg ein fresande god gjennomgang av artiklane i boka. Leiar i historielaget, Ellen Steberg, ønskjer velkomen.
Attpåtil blir det servering og triveleg samvær.
alle

Torsdag kveld kl 19 treff du dei: Ellen Steberg, Rasmus Stauri, Gard Espeland og Tor Larsen

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Har du venta i tre år på telefon?

1862217-9-1400084388924-n700

GLT 9. JUNI 1980: 21 000 i distriktet venter på telefon. I 1979 økte listen med dem som venter med 1589 i Televerket distrikt øst. 2,6% av dem har ventet i mer enn tre år. Distriktet består av Oppland, Hedmark og Østfold. Ringebu og Fronsbygdene er ennå ikke automatisert.

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Kanskje den beste boka til nå?

FB18Fronsbygdin 2018 lanseres med ein kulturkveld på biblioteket Vinstra torsdag 1. november. Redaksjonen skriv:

I år er det 15 år sidan vi gav ut den fyrste årboka. Dette er difor ei jubileumsbok med ekstra mange sider. Det var våren 2003 at den fyrste årboka kom. Mange historieinteresserte hadde nok lenge tenkt at det var for gale at ikkje også Fron hadde si eiga bok, når nesten alle bygdene i Gudbrandsdalen hadde det. Det som skulle til, var berre at nokon tok initiativet, og at vi hadde tilgang på produksjonsutstyr, slik at mykje av det praktiske arbeidet kunne gjerast kostnadsfritt. Les meir

4 kommentarar

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

19 000 dager i butikk

Petter Elvestad på Vinstra på 80-årsdagen

elvestadGLT 13. JUNI 1980: Det er ikke mange forunt å være yrkesaktiv 13 år utover pensjonsgrensen, men kjøpmann Petter Elvestad på Vinstra kan i hvet fall notere seg for den bragden. 63 år har han stått bak disken, med andre ord omkring 19 000 arbeidsdager. Petter fyller 80 år 11. juli, men er daglig å finne i butikken i full aktivitet. Da vi stakk innom for å slå av en prat i anledning milepelen, satt Petter ved kassa og hadde det selvfølgelig svært travelt, ettersom det var midt i ferietiden med stor turisttrafikk. Noen prat utover det yrkesnødvendige kunne det ikke bli snakk om før etter stengetid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Brev fra steinalderen

Sensasjonelt, sier arkeologer om funnet i Espedalen

Skjermbilde 2018-10-17 kl. 23.40.24

Det var Tore Thallaug som noe uvitende oppdaget maleriene under en kanotur i 2009 med sine barn. Tempoet på turen gikk rolig for seg, så Thallaug fikk god tid til å se på omgivelsene. Dette forteller han til NRK:

– Vi glei inn langs en fjellskrent, og der så vi noen røde linjer som hadde rent nedover fjellveggen. Enkelte av de så ut til å gå feil vei, så jeg tok noen bilder.

Les hele saken her.

Og her har ordfører og kulturleiar vært på befaring:

Skjermbilde 2018-10-17 kl. 23.46.19

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Mykje folk og god stemning på Rudi

Ole Chr. Risdal: Rundt 90 personar tok turen til Rudi Gard i går kveld for å få med seg gode historier. Jens Tangen, Arild Larshaugen og Johannes Lunde sørgde for at latteren stod i taket på Rudilåven. Historielaget er svært takksame for at desse svært gode forteljarane kunne stille opp! Ein stor takk går også til Eivind Holen, Rasmus Stauri og sjefen på låven, Øystein Rudi, som sørgde for at folk også fekk servert god tradisjonsmusikk og artige spelmannshistorier frå Fron! Vi takkar også Rudi Gard for at dei hadde stelt så fint i stand til denne kvelden! Her kan du høyre noko av det som blei fortalt. Du høyrer fyrst Johannes, deretter Arild og til slutt Jens:

Éin kommentar

Filed under Folketru, Informasjon

Flammekaster og 12 togvogner med kalk

Israel Krupp ryddet 1000 mål ved Lauvåsen i 1954

ikbulldozARBEIDERBLADET 19.7.1954 – Han Krupp´en er gal, sa bra folk i Gudbrandsdalen, da Oslo-mannen Israel Krupp for et par år siden satte igang med nydyrking i stor stil på sin 5000 mål store og dyrkbare fjellvidde. Det var et for hasardiøst prosjekt for bra folk – det kunne umulig gå bra. Men Krupp, som er overbevist om at også «Norges 2. etasje» er dyrkbar og fruktbar, satte igang med bulldozer, traktor og lastebiltransport på de forholdvis gode veiene på vidda og planla å rydde 1000 mål. I dag gror det frisk og frodig timotei på 140 mål, men ytterligere 500 mål på det nærmeste er ryddet og klart til såing til våren. I 1956 skal det gro over alle de 1000 målene, sier Krupp. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Nei til bil i Fron!

Kommunestyra ser på motorvognkøyring som heilt overflødig

12121_436477679788992_1584306777_n

Slikt vil vi ikkje ha i Fron! Bilde frå Nora Marie Stormyrbakken/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Kring 1900 kom dei første bilane gjennom Fron. Kommunestyra var svært skeptiske når det galdt det nye framkomstmidlet:

Kjøring med motorvogn i fast rute innskrenkes til høyst to ganger i uken. Kjørsel utenom dette må det søkes spesielt til kommunene om. Motorsykkel bør ikke tillates. Her i distriktet der det er jernbane,  ser vi på motorvognkjøring som helt overflødig. Hestene er redde, og vanskelige å styre når de møter en slik vogn. Og veiene blir slitt ned. På bløt grus vises sporene som etter slepende stokker.

bestemte dei i Nord-Fron i 1909. I Sør-Fron var dei ikkje nådigare. Kommunstyret der såg på bilar og motorsyklar som uheldige. Dei bør helst ikkje tillatast i distriktet, i alle fall berre til visse tider om dagen, som skal bestemmast for kvart tilfelle. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Kom og høyr levande historie!

Forteljarkveld på Rudi gard Skjermbilde 2018-10-08 kl. 12.00.14

Torsdag 11. oktober kl. 19.00 arrangerer Fron historielag forteljarkveld på Rudi Gard. Johannes Lunde, Arild Larshaugen og Jens Tangen kjem og fortel mykje artig og interessant frå gamle dagar. Inngang: 190 kr. Dette inkluderer kaffi og kringle.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Kvinner, Menn, Setring, Verksemder

Det er vondt å bli gammal

Heilt fram til 1930-åra kunne du bli auksjonert bort

Først etter 1900 vart det forbode ved lov å bortauksjonere fattige. Men systemet var seigliva, og fekk ein ny oppsving i mellomkrigstida. I 1930-åra kan vi finne annonsar i avisene om slike auksjonar. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Anders Jensen, nå på Rudi, er gammal og ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ingen av folket hans vil ta han til seg, og han har ingen livsarvingar. Han har gitt seg under Anders Jonsen Rudi, som har lova han underhald livet ut, og ei ærleg gravferd. Anders Rudi skal ha det vesle som blir att etter han.  Les vi i 1736. Dei gamle greidde seg tydelegvis bra på dei vanlege gardane. Verre var det på husmannsplassane. Dei fleste husmennene fekk stå på så lenge det var helse og liv i dei, gjerne med litt hjelp frå gardsfolket. Det kunne også vere tungt for den som overtok ein husmannsplass å greie krava til føderådsfolket. Ein husmann i Kvam svarte i 1800 til foreldra: 4 tønner korn, 2 mæler rug, 2 ku- og 8 sauefôr, 1 pund salt, 1 pund flesk, 2 par sko, ei skjorte til faren, det eine året av strie, det andre året av lerret, hamp til mora. Varmt hus, oppvartning, sømmeleg gravferd. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk