Daily Archives: 27. september 2018

Litt av ein lagnad: Skulstuguførkja

Eit bygdaskræme, eit spetakkel, styrlaus og eit bilete på råskap.

sterk

Kanskje hadde ho hatt det betre på sirkus?

IVAR KLEIVEN:  Ragnhild Skulstugun eller Skulstuguførkja som alle kalla ho, var kvamvær og eit kvinnfolk reint for seg sjølv. Urimeleg stor, førlemma og breilagd og såg meir ut som ein riktig stor velvakse kar enn eit kvinnfolk. Ho vart gåandes som eit bygdaskræme, eit spetakkel, styrlaus og eit bilete på råskap. Ho fekk to lausunger, og den fyrste låg ho ihel. Det var nok med uvilje gjort og venteleg i fylla, men ho kom på tukthuset i nokre år. Den andre lausungen fekk ho utabygds, og folk trudde det var med ein rik gardsmannsson. Da Ragnhild spurte at denne guten skulle gifte seg, lånte ho seg øyk og kjørkjerre, reiste i veg og råka guten dagen før bryllaupet hans skulle stå. Og enten har det latt seg løyse med ein dugeleg stor pengesum, eller med eit årleg føderåd, for folk hørde aldri at det etter det vanta henne korkje føde eller klede. Ho hadde ein liten, låk heim, men det var ikkje noko å leva av. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner