Interessant markvandring

Markvandringa langs Golo i Ruste den 29. august vart både interessant og triveleg. Rundt 20 personar møtte opp og fekk vete mykje om verksemda i og rundt Golo. Det var Anders Haugen, Arne Lunde og Anton Syverhuset som var arrangørar og guidar på turen. Det er Anders som fortel på videoen.

Aurebekksaga

  Oppgangssaga vart fyrst oppsett i Aurebekken, derfor namnet.

Det var 5 gardbrukarar; Iver Øyum, Jacob Schinne, Hans Bryn, Anders Haugen og Ole Dahlen som i 1788 søkte kong Christian 7. om å få setje opp sag i Aurebekken. Denne søknaden vart innvilga og saga vart bygd etter retningsliner og atterhald som kongen kravde.

Denne saga vart flytta til Golo etter 1827, da sameigeskogen i Ruste vart delt. Teigane til ein del av eigarane vart da liggjande lenger nord, så plasseringa vart  lite hensiktsmessig. Den vart også liggjande meir sentralt for heimkjøring av materialane. Etter at saga vart fløtt til Golo fekk Peder Hov kjøpt ein sjettedel. Saga vart rive i 1906 og restverdiane vart delt på lotteigarane.

Gamlesaga og Hovssaga

Hovssaga låg i høgde med husa i Sagbua. Ukjent når den vart bygt. Den var i drift iallfall til 1916. Eigar var Ole Iverson Teige mfl.

Onkel Harald 1906-2006 kunne fortelja at han var med far sin frå Haugamyra når han saga. Saga var ei oppgangssag med ni blad oppspent i ei jernramme. Derfor kunne dei sage heile stokken i ein operasjon. Dei la dei ukanta borda i ein stabel, tok ut sagblad til passande breidde, og kanta dei. Det var Ole O. Golobrenna som var sagmeister den gongen Harald var med.

Gammelsaga låg på høgde med Sagranden og er den fyste kjente saga i Ruste. Den var bygd i 1714 av Lunde, Hov, Sandbu og Rusthågå.

Brukarane da var; Ole Amundson Storlunde, Engebret Erlandson Litlgard, Erik Johannesson Sandbu og Østen Iverson Rusthågå.

Bø kunne truleg ha eige sag. Ivar Kleiven nemner ikkje noko om det. Bø hadde sag i 1789 som reiste i Storofsen og som ikkje vart oppattbygd. Ser ikkje bort ifrå at denne saga låg der Hovssaga vart etablert sist på 1800-talet. Det er eit lugumt fall for ei oppgangssag.

Dammen og Hovsvasstaket

Rett til dam og vasstak frå Golo fekk Hov ved ei skjønsforretning den 3. august i 1865. Bø likte ikkje at Hov fekk denne retten til å leggje dam og vasstak, delvis over deira grunn. Det vart bestemt at Hov måtte leggje trerenner over Bekkjedalsbekken og ein bekk nordafor Haugamyra. Tvisten pågjekk til i 1876, da det vart gjort eit forlik som gjorde at Bø kunne bruke av vatnet frå vasstaket.

Arne Lunde og Anton Syverhuset ved Vasstaksflata.

I 1904 utvida Ole Teige på Hov vasstaket. Det vart ein ny tvist som  vart avgjort med forlik om at Hov ikkje skulle bruke meir vatn enn det dobbelte av kva dei hadde brukt før.

Den 12. og 13. august 1908 kom det mykje regn over Fron som førte til flaum og jordras i bygda. Bekkjedalsbekken (Slådalsbekken), fløymde over og gjorde stor skade på Bø og Nordgard Bryn. Den øydela også vegen til Fefor som den gongen gjekk beint oppover Brynsjordet til Bø. Det vart skjøn på skadane som vart taksert til 2920 kr. Hovsvasstaket fekk skulda for at det vart så store skader etter Bekkjedalen. Det vart rettssak med krav om erstatning, da Hov ikkje hadde oppfylt krava som var sett ved skjønsforretninga, og som gav dei rett til vasstak frå Golo.

Har lese utskrift frå dommen på 20 sider, der Ole Teige enten måtte slutte å bruke Hovsvasstaket, eller å leggje det i trerenner som eit skjøn skulle avgjere mengda av. Ole Teige vart dømt til å betale skaden med 460 kr.

Eg trur ikkje at vasstaket vart brukt etter dette. Vasstaket vart ikkje attfylt slik at det samla vatn, noko som bløtte opp jorda i Haugamyra. Dette førte til ei ny rettssak.

                       Kraftverkplanar

Det har vore to kraftverkplanar i Golo. Den fyrste var kommunal, medan J. Krukhaug var ordførar i Nord-Fron. Det fyrste møtet var på Vinstra hotell den 17. oktober 1914. Der vart det referert overeinskomst med grunneigarar om avståing av grunn, og planar om oppretting av aksjeselskap til utbygging og drift av kraftverk.

Golos naturlege vassføring var berekna til 265 hk. Med planar om demming, 1 m  og 0,5 m senking av Gålåvatnet. 1 m demming og 1 m senking av Feforvatnet, og ei fallhøgde frå kote 570 til 7 m. over Vinstra, kunne berekna kraft koma opp i 1355 hk.

Problemet skulle visst vere at Svein Bøe forlangte så mykje av vatnet til vatning at prosjektet vart ulønsamt.

Da tok broren Kristian på Bø til å planleggje kraftverk høgare opp i Golo, slik at vatningsvatnet til Bø og Brynsgardane kunne takast ut som før. Kristan fekk den 21. aug 1915 detaljert tilbod på kraftanlegg i to alternativ av Kittelsen & Steen.

Alt.1: Fallhøgde 89 m som kunne gje 250 hk. Total kostnad utan demning: 59650 kr. I tillegg 16180 kr. for generator, trafo m.m.

Alt.2: Fallhøgde 14 m. Mindre diameter på røyr og mykje mindre turbin. Og sjølvsagt mindre kraft. Da Vinstra Bruk allereie hadde under bygging eit kraftverk som kunne forsyne Bø og andre, vart det ikkje noko av desse planane.

I Vinstra Bruk var det allereie i 1909, 10 vasshjul og 2 turbinar til drift av bruket. I 1910 vart det montert ein liten generator på ein av turbinane. I 1914-22 vart det montert to nye aggregat som til saman produserte 350 kW, det var nok til å dekke forbruket til Nord-Fron Elverk.

Vinstra-anlegget

Vinstra-anlegget vart starta i 1947. Høyer-Ellefsen vann anbodet og vart utbyggjar. Tidlegare planar om (Storvinstra) utbygginga var at røyrgate og kraftstasjonen skulle byggjast i dagen – men erfaringane frå krigen gjorde at det vart lagt i fjell. Den var kostnadsrekna til 72 millionar og det var A/S Vinstra Kraftselskap, stifta i 1946 og som bestod av Oslo kommune med 2/3 og Hamar, Vang og Furnes med 1/3, som var utbyggjar. Tunnelen som vart bygd frå Slangen i Skåbu var den gong Europas lengste på 23,6 km. På tunnelen var det seks tverrinnslag, i tillegg til trykktunnel (røyrgate) frå Baukholshaugen og ned til kraftstasjonen i Rudlandsjordet. Det var vanskeleg med maskinar etter krigen, så starten av anlegget var med slegge og feisel. I 1948 kom det moderne maskinar frå England og Sverige. Tunnelen vart bygt etter «svenskemodellen», som den gongen var den mest effektive, og som etter kvart vart kalla for Vinstametoden. Grunnen var den store gjennomsnittlege inndrifta som foregjekk på fem innslag, og var på 21 lengdemeter pr. dag.

Anlegget var ferdig i 1953, og kostnaden for anlegget med overføringsline til Oslo, kom fullt utbygd på 150 millionar.

 

Anders Haugen

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Verksemder

One response to “Interessant markvandring

  1. Anders Haugen

    Det har vorte ein skrivefeil angåande framdrift i Vinstratunnelen 1947-53. Det var ikkje 21 kubikkmeter pr. dag, men 21 lengemeter, som kan gangast med 30 kvadratmeter fast fjell.
    Anders Haugen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s