Sveits i Fron

Sørensenvegen – ein godt bortgøymd attraksjon?

vegkart

Johan Sørensen bygde vegen sin i det mest krevjande terrenget han kunne finne.

CARL HENRIK GRØNDAHL: Johan Sørensen hadde vore i Alpane. Der må han ha fått den ville og gale idéen om å byggje veg langsmed stup og gjel. Vegen som i dag heiter Sørensenvegen, og litt for få veit om.

Han hadde astma og kom til Gålå i 1880-åra på rypejakt og kjende at han fekk puste her. Så handla han til seg gard og grunn, bygde høglidshotell på Tofte og sanatorium på Lauvåsen. Han var ein pioner i utviklinga med å få muskelsvake og nervøse byfolk til fjells. Dei fekk ikkje reise opp på 1000 moh med ein gong, men måtte akklimatiserast nokre dagar først nede på Tofte. Så skulle dei fraktast opp på fjellet. Det gjekk eit far der Nordre Lia seterveg går nå, men det må ha vore for dårleg og for lite spektakulært for Johan Sørensen. Han vil vel imponere gjestane. Så fekk han altså bygd vegen som går i stupbratta langsmed Fossåa. Med hest og handkraft. Sprenging og muring, rett og slett eit imponerande byggverk. For 100 år sidan var det vel ikkje så attgrodd, ein kunne truleg sjå ned i gjelet det meste av vegen. Ei sterk oppleving for dei som satt bakpå kjerra eller kva dei nå køyrde med.  Og ikke berre turistane. Vegen vart så bra og stigninga så mykje jamnare at mjølkebilen køyrde her.

Her kan du lese historia om Johan Sørensen

Denne vegen er så særmerkt og sjeldan og så metta av historie – reiseliv, kultur, landbruk, seterdrift, byggjekunst – at han kanskje burde ha vore merka og utvikla og seld inn som turmål langt betre enn han er i dag?

vegmjølk

Her køyrde mjølkebilen. Alle foto: Carl Henrik Grøndahl

veghaustsetra

På Haustsetra hadde Kate Balchen sommarkafé

vegmur

Det må ha vore litt av eit arbeid å mure opp kilometer med veg

vegbor

Dynamitt, men boring med handmakt

vegsjisju

Bra med eit turmål, men her er det vel mykje meir å hente? Nokon som veit korleis dette namnet vart til?

vegamundstein

Ved Amundsteinen går det rakt ned i Fossåa

vegsykkel

Det er ikkje berre vegen som er gammal

vegflåtå

Langsmed vegen, som i Flåtå og Borolia, er det mykje historie som kan forteljast

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s