Ulovleg mat og tysk vin i byte

Kva gjer eit høgfjellshotell når det er krig?

Nr. 103

Trygve Wadahl tjuvlånte garasjen på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Bilde frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar.

RAGNAR ØVRELID: Det var ikkje lett å drive hotell i Fron i krigsåra 1940-1945. Å skaffe gjestene mat var eit strev. Verst var det med kjøt og fisk. Ein spedkalv på ein vintersesong rakk ikkje langt. Hotelleigarane måtte ut på den svarte marknaden etter meir. Trygve Wadahl fortalde om bilturar etter kjøt til Stange og Brumunddal med spennande stunder når han skulle passere Lillehammer. Der hadde tyskarane faste kontrollpunkt. Men han slapp gjennom med kjøt og flesk, som gjerne vart grave ned på skjulestader i snøen omkring hotellet, den tids fryseteknikk.

Wadahl hadde forresten grisar sjølv. 12 om vinteren og 12 om sommaren, som mykje vart fødde på avfall og restar frå kjøkken og matsal, og sin tur forsynte gjestene med meir mat. Grisane hjelpte også til med å gøyme den ulovlege radioen i bolet sitt.

Møt Trygve Wadahl i Norge rundt

Har du slakteløyve?

Trygve Wadahl hadde ein gong fått kjøpe ein okse på Toftsætra. Han leidde med seg dyret tilbake til hotellet. Men han som var tinga til å slakte oksen, var ein lovlydig kar og ville vite om Wadahl hadde slakteløyve. Det hadde han ikkje. «Da får du slakte sjølv», sa mannen og gjekk. Slakting var liksom ikkje det Trygve Wadahl kunne eller likte best. Men han fekk råd og hjelp frå den erfarne kokka og folk til å halde dyret, og drog seg motvillig ned i fjøsen for å slå oksen i hel. Da dukka det plutseleg opp ein kar frå bygda, ein erfaren slaktar. Wadahl slapp den utrivelege jobben.

Wadahl overtar driften av Gålå Høgfjellshotell

Like vanskeleg var det å få tak i fisk og kvalkjøt og sildolje til matlaging og husmåling, enda dette ikkje var rasjonert. Wadahl hadde mange turar til Ravnkloa i Trondheim for å sikre seg slike tilførsler. Da måtte han ha reiseløyve over Dovre, og det var ikkje alltid lett å få. Men fisk fekk han tak i.

Brødmat var det betre med, tildelingane av mjøl var etter måten romslege. Trygve Wadahl vart framleis rørt når han mintest osloguten som storøygd spurde ved frokostbordet: «Mamma, kan vi spise så mange stykker som vi vil?»

Dei tilsette på hotellet sylta og safta bær, som dei kjøpte på bygda og plukka sjølve. Noko smør og ost kunne kjøpast på gardane, av eigenproduksjonen til bøndene, enda folk var ofte redde for å selje.

Mykje av maten måtte altså hotellet skaffe på irregulært vis. Likevel kunne ikkje Trygve Wadahl hugse at han måtte ut med usømmelege prisar for slike varer.

Amund Wadahl lånte pengar og starta hotell

Fisk i byte

Dessuten hadde hotella eit godt bytemiddel: vin. Høgfjellshotella hadde relativt rikeleg tilgang på billeg tysk kvitvin frå Vinmonopolet. Det var lettareå å få tak i mat når ein kunne tilby eit slikt byte. Frå Wadahl  gjekk det mange bilturar til Trondheim med koffertar fulle av vinflasker som betalingsmiddel for fisk og kvalkjøt.

Det hende at Trygve Wadahl bytte bort fisken han hadde fått tak i også. I 1942 rauk vasspumpa på hotellet. Firmaet i Oslo hadde nok pumper, men ville ikkje bli av med dei. Men da Trygve Wadahl kunne tilby fisk i byte, fekk han pumpa likevel. Oslofirmaet sa ikkje nei til eit slikt forslag, for på den måten klarte det å forsyne sin folk med eit mattilskot. Slik var det i dei åra.

Ein annan måte å få varer og tenester på, var å tilby eit ferieopphald på hotellet i byte.

Ein flott åtteseters Plymouth 1939-modell

Til slike meir eller mindre ulovlege transaksjonar kom det vel med at Wadahl hadde ein skikkeleg bil. Hotellet hadde ein flott åtteseters Plymouth 1939-modell. Bilen var eigentleg tidleg beslaglagt av tyskarane. Men dei henta den ikkje, og Wadahl brukte den så lenge det var bensin å få. Deretter monterte dei gassgenerator på bilen. Tyskarane var ikkje interesserte i slike bilar. Først i 1944 kom dei og skulle ha vogna. Men da stod den – rykta hadde gått – trygt plassert på Sikkilsdalssætra med ein knekt bakaksling, som var skaffa for anledninga. Og der fekk bilen stå i fred til krigen var slutt. Kong Olav lo godt da Trygva Wadahl sidan måtte vedgå at han hadde tjuvlånt garasjen på Prinsehytta til den fine Plymouthen.

Arbeidshjelp vart eitt problem for hotella i krigsåra frå 1941. På Wadahl hadde dei bruk for 15-20 tilsette, som alle budde på hotellet, to-tre på kvart rom. Problemet var å finne folk som kunne jobben.

Tyskarane rekvirerer

Trass i manglande lønsemd og trass i store vanskar gjekk hotelldrifta i Fronsfjellet nokolunde normalt fram til juni 1943. Da rekvirerte tyskarane Wadahl, Golå, Fefor og Rondablikk. Tyskarane kom i bilar, beslagla og plomberte bygningane, mens hotellbilane stod på jernbanestasjonen for å hente gjester. Dei måtte plasserast andre stader. Og hotella vart stengde for vanleg drift resten av krigstida.

Fefor tok tyskarane i bruk sjølve som permisjonshotell for offiserar. På Wadahl, Golå og Rondablikk skjedde det ingen ting før i september 1943. Da vart desse hotella omgjorde til gamleheimar, og det var dei til krigen slutta. Til Wadahl og Golå kom det gamle frå Oslo kommune, til Rondablikk frå Trondheim. På Golå budde det 100 pensjonærar frå Tåsen Gamlehjem, i alderen 60 til 90 år. Hotell hadde framleis ein del av si eiga betjening, men nå kom det også pleiepersonell frå Oslo og Trondheim. Dei gamle budde på hotella til hausten 1945.

Den nye situasjonen skapte nye vanskar for hotella. Ikkje fekk dei oppgjer heller. På Wadahl meinte tyskarane at Oslo kommune skulle betale, kommunen meinte at det var tyskarane si sak. På Wadahl gjekk det over eit år før hotelladvokaten fekk i stand ei ordning, som gav eigarane ei viss godtgjering. I mellomtida måtte dei få avtale med bankane om å sleppe renter og avdrag på låna. Eigarane budde på hotella sjølve og måtte hjelpe til med transport, med ved og vasshenting og mykje av matforsyninga.

untitled

1933

Ut av krigen i ribba stand

Slik kom høgfjellshotella i Fron ut av krigen i temmeleg ribba stand. Økonomien var svak, bygningane og dei tekniske anlegga var sterkt nedslitne. På Wadahl opplevde dei til og med at dei gamle frå Oslo drog med seg veggedyr i bagasjen. Hotellet hadde mykje bryderi med å få husa desinfiserte i 1945. Gassing mot veggedyr var ikkje noko ufarleg arbeid. På Vinstra Hotell hende det i desember 1942 at ein oslomann omkom under svovelgassing mot utøy.

Med lite pengar, med rasjonering og vanskar med å skaffe materialar var det eit slit å å sett i stand hotella att da krigen slutta.

 

Frå boka Historia om Fron etter 1940. Publisert her første gong 5.4. 2014

 

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s