Daily Archives: 10. august 2018

Ulovleg mat og tysk vin i byte

Kva gjer eit høgfjellshotell når det er krig?

Nr. 103

Trygve Wadahl tjuvlånte garasjen på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Bilde frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar.

RAGNAR ØVRELID: Det var ikkje lett å drive hotell i Fron i krigsåra 1940-1945. Å skaffe gjestene mat var eit strev. Verst var det med kjøt og fisk. Ein spedkalv på ein vintersesong rakk ikkje langt. Hotelleigarane måtte ut på den svarte marknaden etter meir. Trygve Wadahl fortalde om bilturar etter kjøt til Stange og Brumunddal med spennande stunder når han skulle passere Lillehammer. Der hadde tyskarane faste kontrollpunkt. Men han slapp gjennom med kjøt og flesk, som gjerne vart grave ned på skjulestader i snøen omkring hotellet, den tids fryseteknikk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder