Henta av Gammel-Erik?

Eller var det mord?

Teikning: Theodor Kittelsen

Folk vart borte. Kva hende? Vart dei henta av Gammel-Erik?  Eller kanskje bergtatt? Det var forklaringar som kunne frita ein mordar. To segner frå Ruste, fortalde av Johannes Lunde, to versjonar av samme hendinga, er interessante, fordi den første kan vera kjerringa si. Ho tyr til det overnaturlege:

Det var på Skinne borti Ruste dette skjedde. Der var det velstand av alle slag. Bygdefolket undra seg nokolite over dette. Men så kom det for en dag at mannen der hadde lova seg bort til Gammel Erik. Som takk for hjelpa ville han krevja mannen når tida kom.
Ein gong på nattestid kom det nøyn og banka på glaset. «Ja, nå må eg vel gå, eg, « sa mannen til kjerringa. Og etter den dagen spurdest han aldri meir.

Her er husbond den skuldige. Han har lova seg bort for rikdom. Kanskje slapp kjerringa unna med det i ei tid som trudde på fanden. Den andre versjonen er meir dramatisk – men òg meir moderne og kanskje nærare sanninga?

Det var velstand på Skinne, og bygdafolket var forundra. Så var det ein haust trast føre skuronna. Det var kaldt, og dei skulle røykje for frosten. Ein husmann frå oppi Trondlykkja fekk den jobben. Han heldt på og ordna med røykmile, men fekk det ikkje til å brenne. Utpå natta kom han og vekte brukaren, og sa han måtte ha hjelp med å få tent mila. Brukaren stod opp og vart med. Etter den tida såg dei ikkje brukaren med Skinne meir.
Nå hadde det seg slik at husmannen hadde eit godt auge til Skinnekjerringa, og da var det greitt å kvitte seg med rivalen i hausmørkret.
Ein gong seinare heldt dei på og dyrka søre myra på Hov. Da fann dei beinrestar etter eit menneskje. Dei var nokså sikre på at det var brukaren på Skinne som var dregen dit og graven ned.

Det var kanskje ikkje Gammel-Erik som banka på glaset, men husmannen? Ikkje vonde krefter utanfor menneskje, men i.  Her er det drift, kjærleiksdrama og mord. Fanden har fått skulda for mykje.

Frå Fronsbygdin 2007  Publisert her første gong 20.2. 2014

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s