Ei lita historie om hyttene i Fron

Primitivt eller komfortabelt? Det var kanskje enklare før. Bilde frå lauvåshytta.no

RAGNAR ØVRELID: Opp til 1960-åra kunne i praksis alle skaffe seg tomt og bygge seg hytte slik dei ville i Fron. Dei sette gjerne opp eit solid gjerde og skilt med «Privat». Listene over hytteeigarar i Fron er fulle av kjende namn frå norsk, dansk og svensk næringsliv, kulturliv og politikk.

Fleire målarar bygde seg fritidshus og budde her i sommarhalvåret. Særleg var Golåtraktene, Skåbu og Kvamsfjellet populære mål for byfolk som ville ut i naturen og leve primitivt i påska, i sommarferien og i juletida. Bygdefolket vart også smitta av hyttelivet. Somme sette seg opp buer til bruk i helga, mange pussa opp sæterhus for seg sjølv eller til utleige.

Etter krigen kom hyttebygginga i fjellet for fullt. I 1975 var det 2200 private hytter i Fron. I 1990 hadde talet auka til ca 3500. Storparten tilhøyrer framleis utanbygds folk. I 1965 kom det nye bygningslova. Den gjorde slutt på ukontrollert bygging i fjellet. Nå skulle det bli fri ferdsel for alle langs elvar og vatn, og heretter fekk ingen bygge hytte utan å rette seg etter kommunale planar.

I 1969 vedtok Fron kommune byggestopp for hytter til det var utarbeidd arealplanar for fjellet. Kommunen måtte likevel gi dispensasjon for byggeprosjekt som var i gang. Så i åra 1969-1974, da det eigentleg skulle vere byggestans, kom det opp i alt 322 hytter i den samla fronskommunen.

I 1973 vedtok kommunstyret i Fron planane for hyttebygging i fjellet. Fram til 1985 skulle det kunne byggast 1500 hytter, 105 på kvart av dei 8 grunneigarlaga i kommunen, bortsett frå Kvikne-Skåbu, som fekk 225. Det var så opp til grunneigarane å lage detaljplanar for sine område. Her sette planleggingsarbeidet seg fast: skulle det byggast konsentrerte hytteområde med tilgang til vatn og kloakk, eller skulle det byggast spreitt, så kvar grunneigar fekk selje tomter frå sin teig?

Ikring 1980 hadde likevel grunneigarlaga både i Sør- og Nord-Fron planar ferdige. Men nå hadde naturvernkrava blitt sterkare, og kommunane ville helst ha konsentrert hyttebygging kring dei planlagde kloakkanlegga for Golå-Fefor og for Kvamsfjellet.

I mellomtida skjedde dét, at ferievanane tok andre retningar. Dei rimelege sydenturane, ski-feriane i Alpane og skiheisane i Sverige overtok stadig meir av vinterturismen. Bilen og campingvogna overtok etter hyttelivet om sommaren. Og skulle det først vere hytte i Fronsfjellet, så skulle den vere komfortabel. Vatn, kloakk, elektrisk straum, like ved skiheis og gjerne nær hotell med dans og bar vart eit krav for mange. Tala på utleigde hytter, som hadde halde seg stabile frå 1960-åra, gjekk markert ned etter 1980, til og med om vinteren. Generalplanen for Nord-Fron rekna med at dei privateigde hyttene i bygda da maksimalt vart brukte ei til to veker i året. I 1990-åra har nok hyttebesøka blitt enda sjeldnare. (Dette endra seg kraftig etter OL-på Lillehammer. Red. anm.)

Tomteprisane i fjellet, som i 1970-åra til dels hadde lege over prisane i dalen, gjekk ned med etterspørselen, og grunneigarane mista interessa for å selje. I dei siste åra har forresten fjellhotella laga sine eigne hyttebyar i tilknytning til hovudetablissementet, som eit populært sommaralternativ til familiegjester som heller vi bu rimeleg, enn å kle seg om til middag. Fefor har såleis 18 slike utleigehytter ved hotellet i 1990. Golå har også bygt mange hytter dei siste åra.

Det Fron-kommunane tenker seg for framtida, er to typar av kontrollert hyttebygging i fjellet. Den eine måten er den tette, med «luksushytter», som utan tvil er det mest lønsame for bygda. Den andre måten er den spreidde, meir primitive, utan vatn, kloakk og straum. Det bør vere plass for å utvikle begge delar, meiner planleggarane. Problemet er berre at behovet for eiga hyttebygging nett nå ikkje ser ut til å vere særleg stort. Men dette kan kome igjen. Ferievanar endrar seg fort.

Frå boka Historia om Fron, bind 2, 1991, publisert her første gong 2.5. 2014

 

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s