Da Frya gjekk i lufta

frya_ammunisjonslager_eksplosjon_1960

1960. Eksplosjon på Frya. Eit under at ikke heile grenda gjekk i lufta.

GUNNAR LIEN: 19. mai 1960 braut det ut brann med kraftige eksplosjonar i ammunisjonslageret på Frya. Med all den fryktelege sprengkrafta som låg lagra der, var det berre eit under at heile grenda ikkje gjekk i lufta, og at ingen mista livet eller vart alvorleg skadde.

Tor Larsen i Dølen har laga ein reportasje om hendinga. Du finn saka her. (Må vere abonnent for å lese ho.)

Den tyske okkupasjonsmakta bygde opp eit strort ammunisjonslager på Frya under krigen. Lager 1 låg på Ringebu-sida på fyrua nedanfor jernbanelina, og her låg administrasjonen. Lager 2 låg på Sør-Fronsida i furuskogen opp for det som nå er Enden Camping. Arbeidskrafta som vart nytta, var dels friviljuge og dels tvangsutskrivne nordmenn, men det vart ôg nytta ein del russiske krigsfangar, som hadde det tyngste arbeidet og dei uslaste levekåra. Tyskarane var livredde for at ammunusjonslageret kunne bli eit mål for sabotasje. Nokon slik sabotasjeaksjon kom aldri, men det vart sagt at dei hadde sett opp likvidasjonslister, det vil seia lister med namn over personar som skulle likviderast, om det hadde vorte gjennomført ein slik aksjon, anten dei hadde vore med eller ikkje.

Da krigen var over, tok det norske forsvaret over ammunisjonslageret eller arsenalet, som dei som arbeidde der, kalla det. Men dei måtte ha hjelp av tyske ammunisjonsekspertar, som fekk vere att der i fleire av dei fyrste etterkrigsåra. Og her vart det mange nye statlege arbeidsplassar.  Arbeidsoppgåvene var dels lagring/flytting av ammunisjonen, og dels eit strengt vakhald med både schæferhundar og skytevåpen.

Etter ulykka i 1960 var det avgjort at heile arsenalet skulle avviklast og flyttast,noko av det til eit fjellanlegg på Brøttum, som var mykje tryggare.

 

Utdrag frå artikkelen «Megardskarane på Frya» i Fronsbygdin 2012.

Publisert her første gong 25. oktober 2015

Kommenter innlegget

Filed under Krig, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s