Nørstegard som bygdatun?

Historielaget ville ta på seg drifta av den gamle garden

1450916_416886928414734_1253222076_nASBJØRN RINGEN I GUDBRANDSDØLEN 6. JUNI 1970: Det er ikkje lite som openberrar seg når ein tek til å grave i skuffer og skap på Nørstegard i Øverbygda på Sør-Fron. Sør-frøningen Sverre Melgård kjøpte Nørstegard for nokre få år sidan av Østen Gunstad. – I skøtet for garden står det at eg ikkje fekk ta over alt før den gamle eigaren var død, fortel Melgård. – Det var to rom og eit loft i eit anna hus som eg ikkje fekk og ikkje hadde nøkkel til. Østen Gunstad døydde i vinter, og i mai tok vi til å leite for å finne nøklar til desse romma. Vi fann dei i eit skap og kunne låse oss inn. Såvidt eg veit, hadde desse romma da vore avlåste i meir enn 40 år, så det var ganske spennande å gå inn og sjå, sier Melgård.

inntun

foto: Asbjørn Ringen

Kva vart funne? I grunnen alt som vart brukt på ein gard for 150 år sidan. Av klede fins det mangt, både til stasbruk og til arbeid, fleire skinnfellar, hattar, luer, kjolar, skjorter, sko, dressar, skjerf. Alt i fin orden. Også mykje innbo, til dømes meir enn 40 tallerknar av tre og vel 20 utskorne treskeier. Kopparkjeler er det mange av, fleire rokkar, ei kinne, mangt slags dekkety, eit sølvkrus merkt med årstalet 1695. Ei sølvskei er enda eldre, frå 1683. Fleire kister er fint rosemåla, ei av dei merkt med årstalet 1735. Det er mogeleg at den kjende målaren Kristen Listad er meister for ei av dei. I kistene var det litt av kvart, i ei av dei fann vi til dømes 60 høvlar, fortel Melgård.

rolstad

foto: Asbjørn Ringen

Og mange viktige papir er også funne, mellom dei var ei svartbok. Forskjellige andre dokument vil vere til stor hjelp i slektsgranskinga i Fron, seier Ola Rolstad, medlem i Fron historielag. – Også vi i historielaget var svært spende da romma vart opna. Ein ting vi vona å finne, var to skinnbrev, som Schønning skreiv om da han besøkte garden i 1775. Men dei har vi ikkje funne, seier Rolstad.

Men kva skal så gjerast med ein slik gard? Med meir enn 20 gamle tømmerhus?`Våningshusa er bygde i 1750 og 1830, uthuset er frå 1783. Det er på sikt ikkje mogeleg å drive moderne gardsdrift med ein driftsbygning frå 1700-talet, og det vil koste store summar å halde dei mange tømmerbygningane ved like. Fron historielag har vendt seg til riksantikvaren, og førsteantikvar Ola Øgar Svendsen seier det slik:

Brevet frå historielaget kom meg ikkje i hende før etter at eg hadde vore i Gudbrandsdalen nå nyleg, og derfor kunne eg ikkje ta turen innom da. Men vi er svært interessert i garden.

Kan freding komme på tale?

Det er noko vi må vurdere nøye, og det er ikkje slik i dag at vi berre kan frede ein gard. Det må vi gjere i samråd med eigaren av garden, og kommunen kjem også inn i bildet.

Fron historielag er også interessert i at garden blir bevart for ettertida. Ola Rolstad seier det slik: – Det beste som kunne hendt, var at ein eller annan offentleg institusjon hadde kjøpt heile garden slik han står der. Dette kunne til dømes vere ei oppgåve for kommunen, og eg skulle tru at Fron historielag ville teke på seg å stå for drifta av garden. Nørstegard burde da bli bygdetun for Fron, seier Rolstad.

Men det ville bli dyrt?

SS_WSF_135756– Dersom ein fekk reist kapital til kjøp av garden, ville ikkje vedlikehaldsutgiftene bli så forskrekkeleg store. Det er mellom anna gode tak på husa, og det har mykje å seie for korleis dei skal halde seg. I alle fall er det noko heilt spesielt vi har føre oss her. Nørstegard står jo der slik garden sto for meir enn 150 år sidan, og kvart einskild hus har sin funksjon. Tenk på kor mykje ein skuleklasse kunne lære av å besøke ein slik gard. Det finst til dømes utstyr til alt slags arbeid både inne og ute på garden. Alle tinga av stor antikvarisk verdi er også imponerande, at det er så mykje av det, kjem sjølvsagt av at det til sine tider budde opptil sju-åtte sysken her samtidig, og dei hadde alle sine daglege bruksting. Og det som ikkje vart utslite, vart teke vare på. Eg kan ikkje hugse at eg har sett noko liknande nokon stad, seier Rolstad.

melgard

foto: Asbjørn Ringen

Men kva seier så eigaren? – Det ville vere ille om det vart øydelagt, men det er heilt klart at eg kan ikkje halde fram med å drive med dyr i det fjøset som nå er på garden. Det er alt for lite, og eg trur ikkje det vil vere mogleg å få det gamle fjøset brukbart. Den einaste måten ut-tunet kan bli bevart på, er dermed at eg bygger nytt fjøs ein annan stad. Men det blir dyrt, og det er ikkje så lett å finne ei god tomt. Eg ville vere glad dersom garden kunne bli bevart, ettersom alt er teke så godt vare på her frå før, seier Sverre Melgård.

Redigert utdrag frå avisartikkelen

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s