Historielaget ville ta på seg drifta av den gamle garden
ASBJØRN RINGEN I GUDBRANDSDØLEN 6. JUNI 1970: Det er ikkje lite som openberrar seg når ein tek til å grave i skuffer og skap på Nørstegard i Øverbygda på Sør-Fron. Sør-frøningen Sverre Melgård kjøpte Nørstegard for nokre få år sidan av Østen Gunstad. – I skøtet for garden står det at eg ikkje fekk ta over alt før den gamle eigaren var død, fortel Melgård. – Det var to rom og eit loft i eit anna hus som eg ikkje fekk og ikkje hadde nøkkel til. Østen Gunstad døydde i vinter, og i mai tok vi til å leite for å finne nøklar til desse romma. Vi fann dei i eit skap og kunne låse oss inn. Såvidt eg veit, hadde desse romma da vore avlåste i meir enn 40 år, så det var ganske spennande å gå inn og sjå, sier Melgård.