Monthly Archives: juli 2018

Vonbroten Ibsen

ibsen-500Det lakkar og lir mot Peer Gynt-stemnet. Frøningane har grunn til å vere nøgde med Ibsen. Men var Ibsen nøgd med frøningane? Nei. Det har vore gjort mykje av Henrik Ibsen og vandringa hans gjennom Fron i 1862. Ikkje så rart, ettersom han skreiv seg inn i verdslitteraturen fem år seinare med Peer Gynt. Men kva seier han sjølv om Fron? Ikkje så mykje å koke suppe på i dagboka hans, nei.  Han er vel mest vonbroten over at dei har så lite å fortelje han: Les meir

2 kommentarar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Skråtobakk mot hoggorm

ku på veg heim

Dersom kyrne kom tidleg åt seter´n att om kvelden, vart det støtt fint vêr dagen etter. Foto: Anton Løkken

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Kvar sommar vaska eg heile selet. Det lukta så godt av kvitskura vegger og tak og golv med einerkvister på. Dessutan måtte gjerdet rundt kvea stellast på. Dei snøtunge vintrane var harde med gjerdet. Alt arbeidet ute var sjølsagt kararbeid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

– Takk for så mye informasjon

Ein kar i USA har skrive artikkel om kampane i Kvam

Skjermbilde 2018-07-22 kl. 10.28.43

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ei glede å sjå at heimesida til historielaget fungerer godt slik ho er tenkt: Å gjere lokalhistorisk stoff frå Fron tilgjengeleg for skribentar og forskarar og alle andre interesserte over heile verda. Facebook-sida til historielaget fekk ei triveleg melding frå Mike Frerichs, som bur i Alaska og er frå Nebraska. Han har skrive ein artikkel for leksikon-sida Wikipedia og har forfedre frå Kvam:

I just completed an article for Wikipedia on the World War II battle for Kvam, Norway. This is the village where our grandfather Berg’s family is from. The farm name was Klevstadberget seter, and I put the farm’s location on the map in the article. I’ve been there several times. Grandpa Berg had a cousin killed in the war, and mom remembered him getting some legal papers to sign after the war.

Som ein kan sjå av litteraturlista, har han funne fram til Ragnar Øvrelids historiebøker og mykje anna fordi stoffet er lagt ut på heimesidene: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig, Kunst og handverk

Frøningar og valdrisar i kamp

vinstervatnet

Vinstervatnet. Fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre. Måleri: Sigmund Hernæs

IVAR KLEIVEN: Like frå medelalderen har Fron hatt strid om bygdagrensa mot østre Slidre i Valdres, og det har nok ein og annan gong gått allt anna enn lausleg til. Det har drive opp til heile slag, som det har gått ord om i mannsaldre og ennå lever att minne om. Det er grensa mellom østre Slidre og Fron bortved Vinstervatna som det all sin dag har vore usemje om. Striden er nok like gamal som Svartedauden, for fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Da Frya gjekk i lufta

frya_ammunisjonslager_eksplosjon_1960

1960. Eksplosjon på Frya. Eit under at ikke heile grenda gjekk i lufta.

GUNNAR LIEN: 19. mai 1960 braut det ut brann med kraftige eksplosjonar i ammunisjonslageret på Frya. Med all den fryktelege sprengkrafta som låg lagra der, var det berre eit under at heile grenda ikkje gjekk i lufta, og at ingen mista livet eller vart alvorleg skadde. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Krig, Verksemder

Nørstegard som bygdatun?

Historielaget ville ta på seg drifta av den gamle garden

1450916_416886928414734_1253222076_nASBJØRN RINGEN I GUDBRANDSDØLEN 6. JUNI 1970: Det er ikkje lite som openberrar seg når ein tek til å grave i skuffer og skap på Nørstegard i Øverbygda på Sør-Fron. Sør-frøningen Sverre Melgård kjøpte Nørstegard for nokre få år sidan av Østen Gunstad. – I skøtet for garden står det at eg ikkje fekk ta over alt før den gamle eigaren var død, fortel Melgård. – Det var to rom og eit loft i eit anna hus som eg ikkje fekk og ikkje hadde nøkkel til. Østen Gunstad døydde i vinter, og i mai tok vi til å leite for å finne nøklar til desse romma. Vi fann dei i eit skap og kunne låse oss inn. Såvidt eg veit, hadde desse romma da vore avlåste i meir enn 40 år, så det var ganske spennande å gå inn og sjå, sier Melgård.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn