Hest og fest i Sikkilsdalen

Ei lita historie om tradisjon og tråvarar

TERJE LISØDEGÅRD: I rundt 150 år har Sikkilsdalen vore sommarbeite for dølahesten. Å koma seg til Sikkilsdalen med hest i gamle dagar var ikkje ein lett dagstur, som i dag. Hestekarane, hest og kjerre kom med tog til Vinstra stasjon, Fleire hadde kjerra si ståande fast på stasjonen frå året før. Karane og hestane brukte heile natta på turen til Sikkilsdalen. Ein del drog innover tidlegare og overnatta hjå handelsmannen Heide i Skåbu, før dei drog vidare om morgonen.

I dag går turen raske vegen med bil. Bilvegen gjorde at at mange tok turen til fjells for å sjå på sleppa. Utover i 1980-åra skapte dette trafikkaos i Sikkilsdalen. Ein rekna seg fram til at nærare 10 000 hesteinteresserte var på slepp desse åra. Det førte til mykje fyll og bråk natta før sleppet – fordi mange drog innover dagen før berre for å feste. Hestefolket var ikkje glad for denne utviklinga. I fleire år låg politiet i Sikkilsdalen natta før sleppet for å unngå slåsting.

Pensjonert statskonsulent Arve Rolstad minnest med gru krisa i hesteavlen i 1960-åra. Talet på hest gjekk brutalt ned i heile landet. Rolstad hugsar at det var skam for dei unge å bruke hest. I byane fekk ein kjeft dersom ein kom kjørande med hest og kjerre. Dette førte til at interessa for å sleppe hest i fjellet sokk dramatisk. I Sikkilsdalen klarte ein knapt å samle nok merrar til tre fylgje.

Hestefolket drøfta tiltak opp og ned. Ein av fleire konsekvensar var fleire kaldblodstråvarar i fjellet. Mange som åtte slike hestar, såg verdien av å sleppe hesten på beite i staden for å la han gå på travbanen heile sommaren.

Men i 1970-åra skjedde det noko. Interessa for hest tok seg kraftig opp. Dei unge ville ha hest. Det var ein sport. Mest til ridebruk. På mange gardar kom det hest att, sjølv om den ikkje vart brukt til gard- og skogsarbeid.

Denne endringa gjorde ôg at interessa for å sleppe hest i fjellet auka. Arve Rolstad fortel at den fyrste hingsten med tråvarblod i årene vart sleppt i Sikkilsdalen alt på 1950-talet. Ein av tråvartoppane, Petter Tiedemand, vart sleppt i både Sikkilsdalen og Nedre Heimsdalen rundt 1965. Han var svært gjev blant dølane.

Petter Tiedemand hadde si eiga historie i Sikkilsdalen. Han vart sleppt nedan for setra, i det fri, saman med merrane sine. Vegen går like ved. Da hingsten kom opp på vegen, trudde han nok det var tråvbane! Dermed la han av garde nedover vegen med heile følgjet etter seg. Fyrst etter mange kilometer klarte ein å stanse følgjet. Gjetaren Asmund Stenseng var fortvila, som ein kan skjøne. Seinare tråvarar har ein sleppt i Prinsehamna. Der er det ingen veg å tråve på.

Redigert utdrag frå artikkelen «Sikkilsdalen» i Fronsbygdin 2006

Publisert her første gong 3. februar 2014

 

2 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

2 responses to “Hest og fest i Sikkilsdalen

  1. Det var en folkefest når det var hesteslepp i Sikilsdalen Den siste gangen jeg var med på slepp var 1881 vist jeg husker rett,det var da 3 følger opp der ,et på baksida et i nordenden og et framme rundt hotellet et flott skue med ja var vel 40 stk eller flere

  2. CHG

    Så utgammal er du vel ikke, men det høres gildt ut!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s