Ei lita historie om tradisjon og tråvarar
TERJE LISØDEGÅRD: I rundt 150 år har Sikkilsdalen vore sommarbeite for dølahesten. Å koma seg til Sikkilsdalen med hest i gamle dagar var ikkje ein lett dagstur, som i dag. Hestekarane, hest og kjerre kom med tog til Vinstra stasjon, Fleire hadde kjerra si ståande fast på stasjonen frå året før. Karane og hestane brukte heile natta på turen til Sikkilsdalen. Ein del drog innover tidlegare og overnatta hjå handelsmannen Heide i Skåbu, før dei drog vidare om morgonen. Les meir