Ein folkehøgskule ved vegs ende

gf-brannen-gd

Avisa Gudbrandsdølen etter den påsette brannen 24. april 1987

TINE ELISABETH SLANG OG RASMUS STAURI: Disiplin- og tilpassing vart ei stor utfordring for folkehøgskulen på Hundorp på 1980-talet. Lærarrådet 17.10 -83:

skote med luftgevær, (…) teke inn øl på internatet i to tilfelle, (…) har slått, (…) kasta kniv, (…)stole sykkel”.

Det sosiale miljøet vart eit anna med mindre fokus på tradisjonell opplæring. Det er ikkje lett å peike på ein grunn til at ein elev natt til 21.4.1987 sette fyr på internatbygget. Alle elevane kom uskadde frå denne brannen, som sette stopp for 85 år med folkehøgskuledrift.

Denne ugjerninga førte til at alle elevane mista det dei eigde, og skuleåret vart avslutta før tida. Mange arbeidsplassar gjekk tapt da skuledrifta ikkje vart teke opp att. Det fanst ikkje nok pengar til å byggje eit nytt internatbygg. Sør-Fron kommune overtok eigedomen og fekk i 1992 sett i gang bygging av eit nytt bygg på same tomta.

gf-internatet

Internatet slik det såg ut på 1980-talet

Frå 1. august 1983 leiger Gudbrandsdal ungdomslag (G.U.) skulen, som får nytt namn: Gudbrandsdal Folkehøgskule. Etter grundig vurdering  bestemmer G.U. seg for å kjøpe skulen i 1984. Det er med optimisme G.U. tek over eigarskapet etter eitt års drift i eigen regi:

Mange folkehøgskolar har i dei siste åra hatt vanskar med å fylle skolen, på Hundorp ligg ein godt an, da det er ein liten skole samstundes som den ligg sentralt i landet

uttalar G.U. til avisa Gudbrandsdølen etter sitt årsmøte før skulestart i 1984. I den nystifta avisa for folkehøgskulen på Hundorp, «Gudbrands Tidend,» nr. 1. september 1983, 1. årg., står som overskrift «Fullt hus på Folkehøgskulen «vår». Eit nytt skuleår er i gang på Hundorp. Og det som gledelig er : Alle plassane er fylte!

Her finn du mykje stoff om Gudbrandsdal folkehøgskule.

Med ekteparet Randi Skeie og Torbjørn Ljones, adjunkt med faga folkloristikk, forming og musikk og lektor med norsk, historie og teatervitenskap, blir ein ny epoke innleidd i drifta av den tradisjonsrike skulen på Hundorp.

Dei har erfaring frå «gymnas, yrkesskule, ungdomsskule og barneskule», skriv Gudbrands Tidend vidare, og dei er «unge pågangsmotige folk».

«Vi trur elles vi skriv historie når det gjeld rektorstillinga på skulen. Ekteparet Randi Skeie og Torbjørn Ljones deler nemleg rektorstillinga.» (Gudbrandsdal Ungdomslag, 1983). Eitt er sikkert – dei går ei utfordrande tid i møte.

Torbjørn Ljones var rektor 1983-1987 saman med kona si, Randi Skeie.
Randi Skeie var rektor 1983-1986 saman med mannen sin, Torbjørn Ljones.

 

 

Det blir også starta en ”vennering” rundt skulen, Gudbrandsringen, ”Ein flokk personar rundt om i dalen som stod som ein støtte for det viktige arbeidet det er å drive ein folkehøgskule.” (Skeie 1984). Venneringen vart etter kvart så stor at ein kunne tildele stipend til elevar på opp til kr 5000,- pr elev. Venneringen hadde eigen formålsparagraf, der eitt av hovudmåla var ”- å kunne fungere som eit aktivt (støtte) hjelpeorgan for skolen, særlig ved saker av økonomisk art”, står å lesa i et notat ved Randi Skeie.

Motforestillingane mot å overta eigaransvaret gjekk særleg på kravet om fornying og oppussing av lokalitetane som det nye lovverket (1984, Lov om folkehøgskoler) stilte. Ein hadde også i den førre epoken fått nei til å bygge, grunna Oldsakssamlingens rett til å disponere det arkeologiske landskapet, og vidare eit nei om lån frå Husbanken.

Og skuleplanen for det kommande året var klar. Det skulle bli eit nytt tilbod dette året:

Folkemusikk og folkekunst/folkeminne, seminarer. GudbrandsdalslagUngdomslag gjester skolen og samarbeid med lokalmiljøet. Dette samarbeidet gjekk bl.a. ut på at 3 elevar skulle arbeide i heimetenesta i Sør-Fron hver torsdag, og at skulen skulle lage eit dokketeaterstykke som dei skulle gjeste barnehagen med. (Skeie 1984).

Elevane og endringar i skuletilbodet

”Vedlegg til protokoll 12-12-83”, lærarråd.: Under tittelen ”Planar for skuleåret 1984-85, legg rektorene fram et forslag til endringer. «Vi meiner det no er naudsynt å ta planane for skulen opp til grundig revisjon.» Grunnen til dette er at

den dårlege elevtilgangen har tvinga oss til å ta opp for mange elevar som ikkje har nådd aldersgrensa på 17. Vi har dessutan ein relativ høg prosent med elevar som er inntekne på sosialmedisinsk grunnlag.

Vidare går det fram at det er ønskeleg med «meir attraktive tilbod for ungdom og vaksne som soknar til Noregs Ungdomslag». Ein går vidare inn for at samfunnsfag går ut, fordi mange folkehøgskular har dette tilbodet og fordi

det har dessutan synt seg at dei elevane som nyttar seg av tilbodet ikkje har føresetnader for å gå der, og dei får heller ikkje innfridd dei forventningane dei har på førehand.

Når det gjeld innslaget av internasjonale elevar, viser det seg at dei har «vanskar med å gjere seg nytte av det vanlege fagtilbodet i den første tida». Rektorane går inn for at desse elevane skal ha særskilt opplegg t.d. dei to første månadene der dei får «elementær språkopplæring og ei innføring i norsk kultur- og samfunnsliv». Dei foreslår «medieundervisning» eller «tradisjonell husstell-undervisning», men desse tilboda krev «store investeringar i rom og utstyr». Nettopp dette med investeringar skulle vise seg å bli vanskeleg.

Målet for skolen er i 1986 omformulert, ifølgje skulebrosjyren, (1983 – 86 under namnet «Fagplan», tidlegere kalla «Undervisningsplan», nå brosjyre med det nye namnet på skulen):

Gudbrandsdal Folkehøgskole er ein allmenndannande skole for vaksen ungdom. Skolen vil på eit folkeleg grunnlag gje elevane betre vilkår for å kunne forstå sin eigen situasjon som menneske og medmenneske. Siktemålet er fagleg og sosial vokster. Vegane til dette målet heiter ansvar, arbeid, samhald og toleranse.

Skulens formål dreier seg nå meir eksplisitt om utviklinga av einskildindividet og samhandlingindividets utvikling og mindre om samfunnet. I brosjyren er det nå mindre tekst om skulens historie, det er to setninger om historia til skulen og tre setningar om den historiske staden Hundorp.

Randi Skeie, i dag rektor ved Vidarheim skole i Øyer, fortel i eit intervju at folkehøgskulen satsa på å knytte seg til bygda, mellom anna fordi det nå var ein del utanlandske elevar i skulen. Det var også ein del vaksne elevar og elevar med artium. Det vart oppretta ein filmklubb, det vart spelt dokketeater, Theodorakis – teater, laurdagsseminar, folkemusikkaktivitetar med støtte frå spelemannen Knut Kjøk i Garmo, det vart oppretta basisgrupper, fleire valfag og ein del nye formingsaktivitetar. Fleire lærarar og rektorparet med barn, budde ved skulen, så mye var som før i så måte, men lærarrådsprotokollane fortel at det var meir vanleg enn uvanleg med disiplinærsaker denne tida, noko som blir omtala seinare i artikkelen.

Fag og timeplan

Kvar morgon kl 08.30 startar nå med ”morgonsamling”, der elevane er aktive medspelarar. Nå heiter det ikkje lenger liner, «Folkemusikk/folkekunst, Miljø/friluftsfag og Forming». Elles har ein såkalla «hovudgruppe-fag» og «fellesfaga» norsk, matte, gym., samtidsorientering, song, dans, og friluftsliv». Valfag er ifølgje skuleplanen, «Fangst og fiske, tekstilforming, treforming, keramikk, foto, teikning, teater/dokketeater, baking, kroppsøving, økologi, litteratur musikk/song, samfunnsfag». Ein hadde nå også såkalla «basisgrupper».

”Ikkje berre skule”

står det som ei av overskriftene i brosjyren, men kortkurs og seminar av ulike slag; livssynseminar, folkemusikkseminar og internasjonale seminar med eigne krefter, da så mange elevar var frå andre verdsdelar.

Ein hadde også jamnt gjennom heile skuleåret, og i tradisjonen, seminar med kjente foredragshaldarar som Inge Eidsvåg m.fl., men også «Dokketeater-seminar”. Skulen hadde «bygdakveldar» og kurs for bygdefolk i «kreativ strikking», gitarkurs, porselensmåling og litteraturgrupper og «skiinstruksjon for utlendingar», julemarknad, tiltak for pensjonistar, ungdomsklubb, m.m. Aktiviteten var omfattande.

I «månadskampanjen» under valfaget «menneskerettigheter» vart elevane utfordra til arbeid for Amnesty International, og får beskjed om at ”I morgen skal dere på morgensamling orientere om hver deres fange.”

  1. mars, Den internasjonale kvinnedagen, blir markert med seminar på kvinnedagen, der det på førehand, mellom anna i eit brev til ordførar Hernæs 17.02.86, blir formidla informasjon om situasjonen i Sør-Fron om ”kvinnelege arbeidsplasser, yrkesaktive kvinner, arbeidslause kvinner, barnehageplasser, kvinner i kommunestyret o.s.b.” (Skeie 1985).

Skulen har nå skitur til Maurvangen og elles faste ekskursjonar kvart år til Maihaugen og Kruke gard i Heidal.

Reglement

Skulereglementet, slik det står i planen for skulen i denne epoken utgjer tre punkt.

Det er frammøteplikt til timar og elevkveldar, skolepengar skal betalast i rett tid (…). Det er strengt forbode å bruke, lagre eller spreie rusmiddel. Dette gjeld både narkotika og alkohol. Dersom ein elev bryt denne regelen, blir han vist bort frå skulen.

I tillegg er det under punktet ”Skolemiljøet” skrive ned ”stikkord” for «å skape et best mogleg miljø, med trivsel og utvikling for alle». Dette skulle bli det siste reglementet for Gudbrandsdalens Folkehøgskule.

Timeplan våren 1984

Nye utfordringar på det disiplinære området

Lærarråd 26/9-83:

Hærverk i 2.etg: 2 dørvriere, pærer til lysvarsling, veggen nr. 9,2 brutt opp dør, dørkarm inn til 8,2, døra ved altanen – nr. 12, batterier fra røykvarslere, nødutg.plate tatt ned, kolbe til kaffetrakter, striper på dører, tusjskrift på vegger og på do.

Lærarråd 10-10-83:

Ein gut har ”kasta kniv i veggen”, og ein annan gut har ”sparka inn dør på nr. 24”. Ein lærar foreslår ”utvising” av begge, rektorparet foreslår utsetting av vedtaket overfor den første og går i mot utvisning av den andre. Ein fjerde lærar som er til stades foreslår ein noko strammare konsekvens enn rektorparet i ei anna disiplinærsak, nemleg øldrikking på internatet.

Det blir halde lærerrådsmøte gjennomsnittleg ein gong pr.veke, altså oftare enn før. I kvart lærarråd er det disiplinærsaker.

Innbrot på ”Nustad”(butikk) og på ”Stasjonen” (kiosk).

Lærerråd 21-11:

4. Frammøte om morgonen. Vente eller begynne?”

Nytt i vokabularet i lærarrådsprotokollen desse åra er også at det ”grises” på kjøkkenet og i matsalen.

Ny Lov om folkehøgskular

Internatet slik den såg ut på 1980-talet.

I møte for alle tilsette  14.05.1984 lagt fram

Instruks for rektor, lærar, internatleiar (husmor), (…) «vaktmester, skulesekretær, og kokke- og kjøkkenassistentene», i henhold til Lov av 08.06.84. I styret for folkehøgskolene skal det nå vera «ein elev vald av elevane ved skulen.

På planleggingsdagen den 20.8.1984 blir det lagt fram ”folkehøgskuleopplegg for arbeidslaus ungdom”.

”Sosial-pedagogisk arbeid” er nå ein post i folkehøgskulens program, og skulen har tilsett ein lærar med ”sosial-pedagogisk kompetanse” I lærarråd 18.10.1984 blir det opplyst om ny elev ”jente 18 år har vært i kollektiv, ”gått” i Oslo, veldig dårlege heimeforhold, Agder Folkehøgskole, sprakk for stoff i høstferien, 3-6 støttekontakttimer. Er ressurssterk. Ringe Agder og høre. Evt. gjøre et forsøk”. Referent er  den nye sosialpedagogiske læreren, som også underviser i folkedans.

Program for kvinnedagen 1986

Skulestart 1985-86

Dette står å lesa i lærarrådsprotokollen, truleg er datoen ca. 20.august.

Skolestart søndag: Velkomsthilsen ved Torbjørn
Presentasjon av de tilsatte
Hilsen fra styret
Sang
Sammenkomst i Tingstugu/servering.

På tradisjonelt vis og for 83. gong startar skulen opp på Hundorp! Men skulen står stadig oppe i endringar når det gjeld tilrettelegging:

Lærarråd 03.12.1985:

Korsang blir valgfritt. De elevene som ikke vil være med å synge, får et annet tilbud.

28-01-86

Sak 3. Opptak av utenlandske elever. Vi har p.d, 18 søkere, 17 utenlandske, 2 har betalt innmeldingsavgift, begge to er fra India. Ellers har vi hittil tatt opp 1 fra Tyrkia, 1 fra Gambia, 1 fra Holland (sagt ja) 3 fra India, 2 jenter fra Sri Lanka og ei jente fra Etiopia. Status:Ti opptatte. Vi må stoppe inntaket av utenlandske elever snart, (2-4 til).

Terapeutisk haldning

Etter at den sosial-pedagogiske lærarressursen er på plass, får terminologien i lærarrådsprotokollane eit preg av terapi:

Har støtte-kontakt i Oslo. Trives godt her, men har snudd døgnet. Oppfatter ikke viktigheten av å komme opp. Trenger spesiell omtanke» (…).

Og om ein annan elev:

Skal ha en nevrologisk undersøkelse. Legger en del press på…. (namnet på eleven). Det er for mye for (namnet på den samme eleven) at hun nå skal dosere tabletter til henne. De bør heller være på kontoret og Torbjørn doserer.

Sluttord

Det var fleire grunnar til at det vart vanskeleg å drive skulen vidare. Elevsøknadene hadde endra karakter, og mange elevar hadde ein annan bakgrunn enn før. Mange utanlandske elevar kom til skulen, og svært ofte mangla desse ein kompetanse i norsk.

Men det var ein kulturhistorisk viktig skule som på denne tragiske måten måtte stenge dørene – for godt. Men eitt er sikkert: mang ein elev gjekk ut frå Gudbrandsdalens Folkehøgskule med minne for livet, og mange er dei som kvart kjem nedom for å minnast sitt skuleår og lærarane sine. Og skuledrifta på Hundorp vart eitt av fleire moment for at Tusenårsstaden i Oppland i 1999 vart lagt til Hundorp.

gf-brannen-gd

Redigert versjon av artikkel i Opplandsarkivet Maihaugen

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s