Læraren som song ut

nilsos

Nils Os 1915-2005. Foto: Ottar Hovde

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Hausten 1945 fekk eg stilling ved framhaldsskulen i Skåbu. Det første møtet med Fron var heller dramatisk. Eg kom åleine til Vinstra stasjon ein regnvêrsdag i midten av oktober 1945. På stasjonene fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppå taket saman med tre staute karar frå Kvikne.

Vegen gjekk den gongen gjennom Liadalen, ettersom nyvegen over Kongsli enno ikkje var bygd. Da vi kom forbi Lo og oppigjennom Liadalen, stirde vi snart rett ned i fossestryka langt der nede i Vinstradalen. Frå Vestlandet var eg jo van med litt av kvart når det galdt vegar, men når eg tenkte på at det var mest tre mil opp til Skåbu, spurte eg forsiktig om det var slik mykje av vegen. – Å ja, drog karane frå Kvikne på det. Men snart var det plass inne i  bussen, og eg kom vel fram.

Eg kom til ei vakker fjellbygd og var teken fint imot. Privat budde eg hos Emil Heide og kona hans, ho Petra. Klassen utgjorde ein ungdomsflokk på 22 elevar, det var fine, interesserte elevar, dei fleste i 14-15-årsalderen, men nokre få var nærare 20. Vi hadde fast skulebygning og firedelt skule. Utstyret var meir enn enkelt, det var tavle og krit. Elevane fekk eit tilskot på 39 kroner til bokkjøp. Eg måtte bestille reknebøker, men dei kom ikkje før i februar, slik at 22 elevar og ein lærar måtte greie seg med fem bøker. Hovudfaga var rekning og norsk, og vi hadde ein time religion i veka.

Eg var uvanleg heldig med kollegaene. Sigmund Hernæs tok vel imot meg. Vi var så ulike, sa kona hans, ho Nora, men passa godt i lag. Han var kunstnaren og eg bondegut og realist frå Vestlandet. Den andre kollegaen var Margit Blekastad. Syster hennar var gift med Olav Aukrust, slik at Margit var godt forankra i folkehøgskulemiljøet. Ho rådde til å ha elevkveldar, så det arrangerte vi annankvar fredag med opplesning, musikk og song, og elevane førte bok. Alle møtte fram på kveldstid, jamvel om dei måtte gå lange vegar, særleg dei frå baksida.

Det var slik den gongen at ein lærar kunne bli beden om andre ting enn det som hadde direkte med skulen å gjere, og eg fekk god kontakt med folk både i glede og sorg. Det var langt til presten, og ein kunne bli beden om å «syngje ut», som dei sa. Sjølv om eg ikke var nokon stor songar, og sjølv om eg kunne gruve meg litt på førehand, har eg aldri angra på at eg var med i heimane i slike høve. Det var forholdvis greit når det var gamle folk, men annleis når det var unge. Særleg hugsar eg kor vondt det var å synge ut ein av mine eigne elevar.

Utdrag frå artikkelen «Frå eit langt og engasjert skuleliv» i Fronsbygdin 2008

 

 

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

2 responses to “Læraren som song ut

  1. Olaug Askheim Aas

    Eg var ein av dei 22 elevane hos Nils Os vinteren 1945-46. Eit fint skuleår og ein god lærar.. Den gongen hadde Skåbu tilbod om framhaldsskule kvart 6. år, derfor var aldersskilnaden på elevane så stor. Ei gjente til og eg fekk lov til å gå framhaldsskulen i staden for å gå 7. klasse. Slik gjekk det til at vi to fyrst tok framhaldsskuleeksamen og deretter folkeskuleeksamen same våren.
    Dette var fyrste året etter krigen. Ein skuledag landa eit lite fly nedpå Olstappen, ikkje langt frå Veslum. Ingen av oss hadde nokon gong sett eit fly på nært hold, så dette var sjølvsagt spanande. Trass i streng beskjed frå Os om ikkje å forlate skulegarden i friminuttet, vart freistinga for stor for nokre av gutane og dei flaug av garde. Dei kom ikkje att fyrste timen, kanskje ikkje andre heller. Det er langt nedover skriubakkane, forbi Kullusmoen og til Olstappen. Og bratt attende. Eg gløymer aldri da dei dukka opp att, halvredde fordi dei hadde gjort noko ulovleg, læraren var heller ikkje nådig. Tilfeldigvis skulle vi ha engelsk den timen, like tilfeldig var det at leksa var «Fader vår», Ein av «syndarane» vart sett il å lesa leksa, men da han kom til «forlat oss vår skuld» med spe røyst og på stotrande engelsk, sette nokre av dei eldste elevane i å le. Eg trur alt enda med tilgjeving, sjølv om unge Os nok tenkte litt på at han ikkje måtte tapa respekta han hadde opparbeidd!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s